Du er her:

Debattinnlegg av Jon Farestveit i Sogn avis 15.1.2013

EIT TILSVAR TIL KLIMASKEPTIKARANE

Det er stadig nokon som prøver seg med kritikk av FN sitt klimapanel. Her er eit forsøk på å svare kritikarane:

EIT TILSVAR TIL KLIMASKEPTIKARANE

 

I det siste har fleire vore ute i ”Sogn Avis” og lufta sin skapsis til drivhusteorien og FN sitt klimapanel. Det er sjølvsagt bra med diskusjon og meiningsytringar også om forskinga om klimaspørsmåla då det berre er på den måten at forskinga kan kome vidare når det gjeld desse viktige spørsmåla som gjeld ikkje noko mindre enn framtida til menneska.Det undrar meg likevel at fleire av desse klimaopponentane er så sikre i si sak om at klimapanelet tek feil. Lengst i så måte går Magne Dvergsdal som hevdar at den seriøse forskingsinstitusjonen Cicero er politisk styrt. Av kven, kan ein spørje, småpartia SV og Venstre eller kanskje Belona og Naturvernforbundet? Eller kanskje næringslivet med Statoil i spissen? Nei, dette er så meiningslaust at ein berre kan rive seg i håret av rein fortviling.

Så kan dei same skeptikarane, her Dvergsdal og Ingvar Åberge, fortelje oss at det har vore klimaendringar også i tidlegare tider. Dei reknar visst med at klimapanelet og Cicero ikkje har kjennskap til dette! Men dette er jo rein barnelærdom også for ein stakkars historikar og geograf som underteikna. Klimaendringar, store og små, har det vore på jorda både i eldgamal geologisk tid og i  nyare historisk tid. Dette kan skuldast mange ting som endringar i strålinga frå sola, endringar i jorda si bane rundt sola, jordakseendringar, vulkanisme og kontinentalforskyvning, endringar i havstraumar og vindsystema osv. Utslepp av CO2 frå lagra CO2 i jordskorpa har så kome som ei ny årsak særleg dei siste 100 åra, og då er det sjølvsagt vanskeleg å skilje mellom det som kan vere resultat av ein menneskeskapt auke av CO2 i atmosfæren (det er i alle fall slått fast at det har vore ein slik auke) og det som kan vere resultat av ei naturleg temperaturendring  som  begynte på slutten av 1700-talet, altså før dei store CO2-utsleppa og den industrielle revolusjonen.

Dvergsdal hevdar også at det t.d. har vorte  eit kaldare klima dei siste åra, t.d. i Antarktis, noko som skulle motbevise drivhustteorien, og han viser til klimastatistikk. Eg har ikkje fått undersøkt dette, men eg vil berre nemne at isbreane på den antarktiske halvøya har gått mykje tilbake. I nord er det jo godt kjent ar sommarisen i Arktis  er mykje redusert, og sameleis går breane på Grønland kraftig tilbake, og det dannar seg innsjøar inne på Grønlandsisen. Så noko er det som skjer, og mitt hovudpoeng er at ein ikkje kan ta sjansen på at dette er naturlege endringar som ein ikkje kan gjere noko med. Det er trass i alt  store sjansar for at desse endringane som ein ser, er menneskeskapte, og at dei kan få svært alvorlege konsekvensar dersom ein får ein drivhusverknad som ikkje let seg stoppe, men akselererer og kjem ut av kontroll(i skrivande stund kjem det no meldingar om at ein i Australia har målt høgste temperatur nokonsinne!) Vi må såleis ta våre forholdsreglar og vere føre var og ikkje ta sjansen på ”klimaskeptikarane” sitt forsøk med ”russisk rulett” om framtida til kloten vår. Det vert i alle fall spanande å sjå kva klimapanelet vil melde til verda i den rapporten om klimaet som skal leggast fram dette året!

 

Jon Farestveit, Sogndal 

 

Artikkelen ble sist oppdatert: 20.02.2013