Du er her:

Nyheter

Frårår utsleppsløyve for settefiskanlegg i Stongfjorden

Marine Harvest har søkt om konsesjon til produksjon av 7,5 millioner fisk. Naturvernforbundet stiller seg kritiske til om resipientkapasiteten er god nok innerst i fjorden. Negative konsekvensar av utsleppa på naturverdiane i fjorden, spesielt sukkertareskog og gytefelt, med direkte og indirekte konsekvensar for fiskebestandane, gjer at Naturvernforbundet frårår utsleppsløyve.

Alle vert invitert til Vevring 1. juni

Velkomen til vårt store arrangement: 1.juni i Vevring kl 12.00: "Framtid for Fjorden?"

Alle vert invitert til; Sjømat, seminar og Førdefjord-debatt. Det vert hovedappell ved Johs B Thue, og kunstnerisk medverknad ved Magne Furuholmen, Thea Hjelmeland, Oddvar Torsheim, Fridtjov Urdal, Børge Bjartmann Bjerck Jens Toyberg ( svensk lydkunstnar) med fleire. Vi ynskjer å sikre oss at partikandidatane er kjende med dei store miljøkonsekvensar og samfunnskostnadane ved evt mineralutvinning i ope dagbrot og utslepp av gruveavfall til Førdefjorden. Vi ynskjer ikkje minst også at folk flest skal la seg informere om saka, og får høyre partia sine haldningar før dei stemmer i september.

Viser fra 13 til 16 av totalt 21 artikler