Du er her:

7 små kraftverk i Sogn

NVE har sendt ut ei såkalla "Sognepakke" med 7 konsesjonssøknader i kommunane Aurland, Vik, Balestrand og Høyanger. Her kjem vår fråsegn om to søknader i Aurland.

NVE, Postboks 5091 Majorstuen 0301 Oslo

 

Dykkar dato: 12.01.2015. Vår dato: 18/4.2015

 

FLEIRE SØKJARAR- SØKNADER OM LØYVE TIL Å BYGGJE 7 SMÅKRAFTVERK I AURLAND,VIK, HØYANGER OG BALESTRAND KOMMUNAR

 

 

 

Merknad til søknadene: Denne fråsegna vil omtale konsesjonssøknadene for Skjerdal kraftverk

og Kvammadalselvi kraftverk, begge i Aurland. Det vil i fråsegna bli lagt vekt på å sjå desse søknadene i samanheng og også i samanheng med tidlegare kraftutbygging i Aurland.

 

SKJERDAL KRAFTVERK: Det er lagt fram to alternativ for bygging av småkraftverk i Storelvi i Skjerdal i Aurland, der alternativ 1 er det mest aktuelle for utbygging. Som ved all kraftutbygging vil det bli ein del negative konsekvensar av eit slikt kraftverk som mykje redusert vassføring over ein lengre strekning i dalføret og sår i landskapet pga. nedgraving av røyrleidning, vegbygging og andre inngrep og tap av biologisk mangfald. Dette vil påverke opplevinga av landskapet både for fastbuande, friluftslivet og turistar.

 

Det positive ved ei kraftutbygging er at det vert produsert fornybar energi og at inntektene frå kraftverket kan stimulere til å halde oppe jordbruket i området, i dette tilfellet to bruk i full drift. Når det gjeld Skjerdal kraftverk, er det også negative konsekvensar som dei nemnde, men nok ikkje så store at dei ikkje kan avbøtast ved med ein del tiltak. Det viktigaste må vere å auke minstevassføringa, som som i framlegget synest å vere altfor liten og bør aukast monaleg. Kraftverket bør også plasserast lenger oppe frå fjorden, slik at det kjem over den vesle, men fine fossen som er godt synleg i landskapet ved den mykje vitja turistfjorden Aurlandsfjorden.

 

Vår konklusjon vil vere at bygginga av Skjerdal kraftverk er eit tiltak som kan aksepterast ut frå ei vurdering av positive og negative sider ved tiltaket. Vi har også vurdert det i samanheng med det andre småkraftprosjektet som no er aktuelt i Aurland, Kvammadalselvi kraftverk, og vil til slutt i fråsegna sjå dei to kraftverka i samanheng.

 

KVAMMADALSELVI KRAFTVERK: Det er sjølvsagt også positive sider ved ei småkraftutbygging i denne elva med produksjon av fornybar energi og inntekter som kan kome jordbruket til gode. Vi vil likevel meine at dei negative konsekvensane er så store at vi vil frårå ei kraftutbygging i dette tilfellet. Det viktigaste er nok at kraftutbygginga med røyrgate , sjølv om den vert nedgraven, bygging av vegar og også plassering av inntak og kraftstasjon vil påverke negativt opplevinga av landskapet. Den reduserte vassføringa mellom

inntak og kraftstasjon, berre med ei mindre minstevassføring, vil også påverke landskapet og landskapsopplevinga og også det biologiske mangfaldet i og ved elva. Den biologiske rapporten seier såleis at «Naturen langs elva i Kvammadalen er over gjennomsnittleg rik» og at» Totalt sett vert omsøkte vurdert å ha middels til stort negativt skadeomfang for biologiske verdiar i området».

 

Kvammadalen og Kvammadalselvi finn ein og i nærleiken av tettstaden Aurlandsvangen. Dalen vert difor ein del nytta til friluftsliv og fotturar både av fastbuande og turistar, og særleg gjeld det den øvre delen av dalen. Her kan ein og nytte bilvegen Fv 243 opp frå Aurland på norvestsida av Kvammadalen. Denne vegen er også såkalla «Nasjonal turistveg» med i alle fall delvis godt utsyn til søraustsida av dalen med inntak, røyrleidning osv. Den reduserte vassføringa i elva og landskapsendringane elles vil nok ikkje vere nokon fordel for friluftslivet og turismen i området og heller ikkje nokon reklame for den nasjonale turistvegen.

 

Ein viktig grunn til at vi i fråsegna vår vil frårå å gje konsesjon til Kvammadalselvi kraftverk, er at det tidlegare har vore mykje kraftutbygging i dette området med store utbygde nedbørsfelt. Særleg gjeld dette dei store kraftutbyggingane i Aurlandsdalen og i fjellområda kring Aurlandsdalen. Det minkar såleis på ikkje utbygde elvar og fossar i Aurland og på tide å ta vare på nokre av dei som er igjen. Vi meiner at Kvammadalselva er ei av desse elvane som bør få vern mot større tekniske inngrep då den har store landskapsverdiar og biologiske verdiar i nærleiken av der folk ferdast.

 

AVSLUTTANDE MERKNADER: Skjerdal kraftverk og Kvammadalselvi kraftverk er 2 av ein «pakke» som omfattar 7 småkraftverk i Aurland, Vik, Balestrand og Høyanger kommune.Poenget med ein slik «pakke» skal nok m.a. vere å vurdere dei samla verknadene eller «sumverknadene» av desse kraftutbyggingane, men det er vanskeleg då dei er spreidde over eit stort område. Lettare vil det vere innan ein kommune, og når det gjeld dei to kraftprosjekta i Aurland, har vi vurdert det slikt ut frå fordeler og ulempene ved prosjekta at ein bør seie nei til Kvammadalselvi kraftverk og ja til Skjerdal kraftverk. Dersom likevel begge desse kraftverka får konsesjon, bør ein før konssjon blir gjeven, krevje at minstevassføringa blir auka monaleg, og særleg gjeld det Kvammadalselvi kraftverk.

 

 

Helsing for Naturvernforbundet i Sogn Fjordane,

 

Jon Farestveit, 6856 Sogndal. E-post: Jon.FarestveitKRØLLALFAgmail.com

Artikkelen ble sist oppdatert: 26.04.2015