Du er her:

Høyringsfråsegn og brev

På denne siden ligg høyringsfråsegn og viktige brev frå Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane og/eller frå eit av lokallaga.


Artikkelen ble sist oppdatert: 18.11.2010

Nyhende

Høringsuttalelse om bygging av skogsvegen slakkali

08.06.2010:

Statnett vil ta kostnaden ved bygging av skogsveg for å fram anleggsmaskinar til ny trafostasjon på Skarsbøfjellet. Naturvernforbundet frårår dette. Veg til ny trafostasjon på Skarsbøfjellet bør kome gjennom Øvstedalen. Det vil vere det beste av omsyn til samfunnsnytten av vegen og omsynet til naturverdiane og friluftslivet, skriv Jon Farestveit i uttalelsen.

Brev til Fylkesmannen om opparbeiding av skiløypetrase

02.02.2009:

Brevet gjeld opparbeiding av skiløypetrase i Bringelandsmarka, Hjelmelandsmarka og området kring Gjøset med skjeringar, grøfter og fyllingar i opp til 12 meter breie spor i urørd natur. Naturvernforbundet i Indre Sunnfjord hevdar at det var feil av kommunen å handtere skiløypa som ei meldingssak, og klagar med dette på denne framgangsmåten, fordi vi meiner resultatet er større inngrep enn det som er akseptabelt.

Setenesfjellet vindkraftanlegg i Gulen - høyringsfråsegn

23.01.2009:

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane går mot å gje konsesjon til dei planlagde vindturbinane på Setenesfjell. Kraftforsyninga er for god til at der finst argument for utbygginga. Ulempene i inngrepsfri natur, og for fuglelivet og opplevingsverdiane er for store til at utbygginga kan vere forsvarleg, jamvel om det skulle finnast argument for å auke straumproduksjonen. Les heile høyringa.

Okla vindkraftanlegg i Selje - høyringsfråsegn

23.01.2009:

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane meiner ulempene ved utbygging av vindturbinar på Okla/Kyrnosa er langt større enn nytten av 65 GWh ekstra straum på nettet. Det er ikkje dekning i fakta eller andre rimelege grunnar til å hevde at utbygginga er turvande for kraftforsyninga eller til nytte som klimatiltak. Konsekvensane av prosjektet er så negative for dei store naturverdiane i området at sjølv om den moderate mengda med straum skulle vere å sjå på som eit gode, så kan dette godet likevel ikkje forsvare tiltaket. Les heile høyringa.

Viser fra 25 til 28 av totalt 41 artikler