Du er her:

Høyringsfråsegn og brev

På denne siden ligg høyringsfråsegn og viktige brev frå Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane og/eller frå eit av lokallaga.


Artikkelen ble sist oppdatert: 18.11.2010

Nyhende

Fråsegn til søknaden om å byggje Sandalsfossen kraftverk i Gloppen

18.10.2008:

Sandalsfossen er ein høg og vassrik foss med kraftig fosserøyk og ei stor fosseeng ved foten. Elva ein del av det store og inngrepsfritt område med Svartebotnen, Myklebustbreen og Jostedalsbreen nasjonalpark. Elva ovanfor renn gjennom eit særprega morenelandskap. Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane går derfor på det sterkaste i mot å gje konsesjon til Sandalsfossen kraftverk. Les heile høyringa.

Bør ikke gje løyve til bygging av Mork kraftverk

15.10.2008:

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane meinar det ikkje bør gjevast løyve til bygging av Mork kraftverk. Dersom eit løyve likevel blir gjeve, må i alle fall planen om å ta sideelva Kolda inn i inntaket fråfallast. Denne elva er godt synleg i landskapet og dermed positiv for landskapsopplevinga, og ein røyrleidning og anleggsveg vil vere framandelement i dette landskapet. Kolda vil også og ikkje minst vere viktig for å auke restvassføringa i elva etter ei utbygging. Les heile høyringa.

Gaular kommune må pålegge full stopp i arbeidet med løypetrasè ved Langeland ski- og fritidssenter

09.10.2008:

Saka viser til pågåande arbeid med planering av løypetrase på ca 20 km i tildels urørt natur som strekker seg frå Langeland skisenter, gjennom Bringelandsmarka og Hjelmelandsmarka, på sørsida av Nyksvatnet, via Fauskestølen, Indre og Ytre Hjelmelandsstølen, Gjøsetstølen og tilbake til Langeland. Naturvernforbundet viser til i eit brev til Gaular kommune at det ikkje ligg føre ein godkjent plan for tiltaket i høve til gjeldande regelverk. Les heile brevet til Gaular kommune.

Viser fra 29 til 32 av totalt 41 artikler