Du er her:

Høyringsfråsegn og brev

På denne siden ligg høyringsfråsegn og viktige brev frå Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane og/eller frå eit av lokallaga.


Artikkelen ble sist oppdatert: 18.11.2010

Nyhende

Klagar på vedtaket om løyve til tre helikopterlandingsplassar

Klagar på vedtaket om løyve til tre helikopterlandingsplassar

20.12.2006:

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane klagar på vedtaket i Luftfartstilsynet om å gje Helikopterutleie AS løyve til tre helikopterlandingsplassar i Stryn. Grunngjevinga for klagen er i hovudsak: Vi meiner avgjerda er i strid med forvaltningslova § 17 ved at saka har vore for dårleg opplyst før vedtak fordi fleire allmenne omsyn som vi har gjort greie for ovanfor, ikkje er nemnde i vedtaket.

Må ikke gje tillatelse til helikopterturar ved Jostedalsbreen nasjonalpark

Må ikke gje tillatelse til helikopterturar ved Jostedalsbreen nasjonalpark

11.08.2006:

Helikopterutleie AS har søkt om konsesjon til å drive seks helikopterlandingsplassar i Stryn kommune, i det vesentlege for å fyke turistar på tur i lufta. Totalt er det snakk om nesten 2500 støyande helikopterturar i året i naturskjønne områder ved Jostedalsbreen nasjonalpark. Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane meiner helikopterplanane vil vere til stor skade for opplevingsverdiane i nasjonalparken og randsonene og har sendt brev til Stryn kommune om saka.

Må stanse planagt kraftline gjennom vernområder

Må stanse planagt kraftline gjennom vernområder

21.06.2006:

Den 420 kV kraftlina som er planlagt mellom Fardal i Sogn og Ørskog på Sunnmøre er det største naturinngrepet som er påtenkt på Vestlandet nokon gong. Alle alternativa går både nær mange menneske og gjennom foreslåtte verneområder eller nær verna område. Eit av alternativa går også gjennom eit verna område. Lina kryssar ei rekkje verna vassdrag og viktige friluftsareal. Dette skriv Norges Naturvernforbund i ei høyring.

Viser fra 33 til 36 av totalt 41 artikler