Høyringsfråsegn og brev
På denne siden ligg høyringsfråsegn og viktige brev frå Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane og/eller frå eit av lokallaga.
Artikkelen ble sist oppdatert: 18.11.2010
Artikkelen ble sist oppdatert: 18.11.2010
05.05.2006:
Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane går klart i mot å gje konsesjon til Strupen kraftverk. Dei viktigaste grunnane er at utbygginga vil ha negative verknader, og delvis i vesentleg grad, på store natur- og landskapskvalitetar, som delvis er av nasjonal verdi, skriv forbundet i høyringsfråsegna.
09.12.2005:
- Vi meiner at det ikkje ligg føre eit sakleg grunnlag for å gje søkjaren konsesjon til bygging av fem kraftverk og kraftline i Fjærlandsfjorden. Til det er naturen for storarta og verdfull, det påverka området for stort og føremonane med prosjektet for små, skriver Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane i ei høyring til Norges vassdrag- og energidirektorat. Naturvernforbundet meiner ei slik stor utbygging der dei fleste fossane vil forsvinne, vil få alvorlege konsekvensar.
28.02.2002:
Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane har lese høyringsutkastet til verneplan for myr i Sogn og Fjordane. Vi ynskjer først å gje vår støtte til arbeidet med vern av myr i fylket, og vil seie oss nøgde med at dette arbeidet nå er i ferd med å få praktiske konsekvensar i form av vern av konkrete område. Framlegget til verneplan ber elles preg av det er lagt eit stort og grundig arbeid til grunn for utvalet av lokalitetar. Vi synes det er positivt at breidda i myrtypar i ulike vegetasjonsgeografiske regionar er søkt dekka.
04.02.2002:
Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane har lese høyringsutkastet til fylkesdelplan for klima og energi. Vi ynskjer først å gje honnør til fylkeskommunen som har gjennomført det første steget i ein viktig prosess. Naturvernforbundet har desse merknadene til planframlegget: