Du er her:

Felles høyringsfråsegn om Offerdal kraftverk, Årdal

Vedlagt høyringsfråsegn til avgrensa høyring knytt til konsesjonssøknad for Offerdal kraftverk i Årdal, Sogn og Fjordane frå Sogn og Fjordane Turlag og Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane ved FNF.

Sogn og Fjordane Turlag

Naturvernforbundet i S&Fj

 

                                                                                                          Leikanger 19.05.2015

NVE

nve@nve.no

 

Registreringsnummer:

4780

Saksnummer:

200805993

 

 

Høyringsfråsegn til avgrensa høyring tilleggsutgreiing  Offerdal Kraftverk AS – Konsesjonssøknad frå Sognekraft med tilleggsutgreinger, Årdal kommune i Sogn og Fjordane.

 

Forum for natur og friluftsliv sender høyringsfråsegn på vegne av Sogn og Fjordane Turlag ved Naturvernutvalet og Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane.

Vi viser til søknaden og tilleggsutgreiinga til avgrensa høyring lasta ned frå internett, samt tidlegare fråsegn frå SFT 20.05.2012  og frå NVF til konsesjonssøknaden. Konklusjonane frå fråsegn av 20.05.2012 frå SFT står framleis ved lag.

 

Om Sogn og Fjordane Turlag:

Sogn og Fjordane Turlag (sjå www.turistforeningen.no/sognogfjordane) er eitt av Den Norske  Turistforening sine 90 medlemslag, og fylkeslag for 16 lokale lag spreidd over heile fylket. Medlemstal ved siste årsskifte: 6.184. Offerdalselvane ligg i Årdal Turlag sitt arbeidsområde, Sjå: http://www.ardalturlag.no/ , men området blir også brukt av andre turlag.

 

Om Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane:

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane er medlem av Norges Naturvernforbund som er landets eldste natur- og miljøverneorganisasjon. Naturvernforbundet arbeider for å ta vare på natur og miljø slik at menneskeleg verksemd ikkje påfører naturen større påkjenningar enn han toler. Sjå: http://naturvernforbundet.no/sognogfjordane/

 

Utbyggingsløysingane:

Vi gjekk tidlegare minst imot ei løysing som ikkje inkluderte Ytre Offerdalselva. Det står framleis ved lag. Minstevassføring i elvekraftverk bør no ikkje vere mindre enn 5-persentil sommar om sommaren og anten Alminneleg lågvassføring eller 5-persentil vinter om vinteren.

Turlaget vil be NVE stille dette som minimumskrav til minstevassføring om konsesjon vert gjeve!  Vi meiner og at plassering av kraftstasjonen ovom Kleivafossen med utslepp av vatn tilbake i elva der er å føretrekke både for biologisk mangfold, landskap og kulturminnet «ne'fø sjøen».

 Sjå tidlegare fråsegn for ytterlegare grunngjevingar, vedlagt. Vi støtter og framlegg til avbøtande tiltak, fire kulepnukt, i kap. 4.2 i NOTAT Asplan viak 2013.05.06 v/ Kjell Arne Valvik.

 

 

Nettilknyting:

Vårt forslag var ein mindre utbyggingsløysing på 23,9 MW (lågare enn 25 MW, grensa for 22kV sjøkabel) og tre ulike alternativ for sjøkabel, bl.a med sjøkabel til Naddvik og jordkabel opp til trafoen. Det er særs positivt at dette no vert lagt fram som ulike løysingar, K1 – K4.

 

Grunngjeving, val av ulike alternativ K1 - K4:

K1 har låg konfliktgrad, men er dårleg egna grunna bratt terreng langs fjorden langsmed vegen for framføring av jordkabel.

K2  har låg konfliktgrad, men arbeid og vedlikhald av landkabel kan koma i konflikt med vassføring i utløps- og tilkomsttunnel i Naddvik opp til trafostasjonen.

K3 har låg konfliktgrad og gjev minst konflikt knytt til landkabel opp til trafostasjon for kulturlandskap og kulturminner i Naddvik.

K4 har låg konfliktgrad, men kan koma i konflikt med kulturminne og -landskap i Naddvik i det terrasserte kulturlandskapet.

 

Konklusjon: Vi er positive til val av K3 med  trase for jordkabel langs veg opp til trafostasjonen, der ein vektlegg omsyn til vegetasjon og steinrøyser. Jordkabel har klart lågare konfliktgrad enn luftleidning i Naddvik, også etter Multiconsult sin rapport.

Utbyggingsløysing utan inkl. av Ytre Offerdal, dvs eit redusert alternativ, gode avbøtande tiltak med god minstevassføring, god sikring av kulturminnet «ne'fø sjøen» og mest mogleg gjenbruk av deponimasser og deponihandtering som gjev utvida dyrkingsareal for landbruk og framtidig høve for skogsdrift vil gje den mest akseptable utbyggingsløysinga.

 

 

Med venleg helsing

 

Sogn og Fjordane Turlag

Naturvernutvalet

Ron Overdevest, leiar

(sign.)

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane

Marit Vøien Nes, leiar

(sign.)

Forum for natur og friluftsliv

Elisabeth Dahle

Artikkelen ble sist oppdatert: 23.05.2015