Du er her:

Frårår utsleppsløyve for settefiskanlegg i Stongfjorden

Marine Harvest har søkt om konsesjon til produksjon av 7,5 millioner fisk. Naturvernforbundet stiller seg kritiske til om resipientkapasiteten er god nok innerst i fjorden. Negative konsekvensar av utsleppa på naturverdiane i fjorden, spesielt sukkertareskog og gytefelt, med direkte og indirekte konsekvensar for fiskebestandane, gjer at Naturvernforbundet frårår utsleppsløyve.

Oslo/ Eid 12.02.14

Til Askvoll kommune

Høyringsuttale på Marine Harvest AS sin søknad om konsesjon på 7,5 millioner settefisk i Stongfjorden i Askvoll kommune

Marine Harvest søker om konsesjon til produksjon av 7,5 millioner fisk, tilsvarande 1350 tonn og ein formengde på opptil 1620 tonn.  Naturvernforbundet stiller seg kritiske til om resipientkapasiteten er god nok til å tåle dei utsleppa dette anlegget vil medføre med den planlagde rensegraden og utsleppstaden.

Biologiske verdiar i Stongfjorden

Stongfjorden er ein rik og rein fjord, med minst «god økologisk status» i henhold til EUs vassrammedirektiv. Fjorden er gyteområde for både torsk, sild og brisling. Rødlistearten Ceramium deslongchampsii i kategori sterkt truet (EN) er registrert i nedre del av litoralen ved Oterstova. Denne arten er trua på grunn av få registrerte individ, og er sårbar for utbygging i strandsona. Innerst i Stongfjorden er det registrert sukkertareskog, ein naturtype som er lista som «Sårbar» på raudlista for naturtyper.  Tareskogen er eit svært produktivt økosystem med høg artsdiversitet som også er viktig habitat og oppvekstområde for større fisk, mellom anna kysttorsk. Sukkertare har lenge vore i tilbakegang, hovudsakleg på indre, bølgebeskytta kyst, og bortfallet av sukkertare er anslått til 40 % på Vestlandet. Raudlista for naturtyper viser til at Sukkertareskogen er sterkt redusert, eller mangler helt i fjorder og skjærgårdsområder på store deler av Sørlandet og deler av Vestlandet.

Dersom Stongfjorden er ein av fjordane som har behaldt ein god forekomst av sukkertareskog, som det blir hevda i konsekvensutgreiinga, er det desto større grunn til å ta vare på denne.

Som vist til i konsekvensutredninga vart sukkertare tatt ut av den siste rødlista for arter fordi den negative utviklinga i det siste har snudd, og ein ser ein svak auke i bestandane, nokon som gjere til at sukkertare som art ikkje lenger er direkte trua. Likevel er det viktig å merke seg at naturtypen sukkertareskog, som habitat for andre artar, fortsatt er på raudlista, noko som er unnlatt å nemne i konsekvensutgreiinga. I følgje tabellen «Verdisetting av naturmiljø etter håndbok 140” gis leveområder for arter i dei tre strengaste kategoriane (VU, EN, CR) på nasjonal raudliste verdien «stor verdi». Det kan vere verdt å spørje seg om det berre er fordi raudlista for naturtypar kom etter handbok 140 at desse ikkje får same handsaming?

I konsekvensutreiinga står det:  «På samtlige stasjoner ble det registrert forekomster av sukkertareskog (Saccharina latissima) (I0103). Høyst trolig er det sukkertareforekomster langs hele kysten. Da det her er snakk om mindre områder som ble undersøkt når det ikke opp til DN-handbok 19 sine økologiske kriterier for verdi A eller B, og områdene er vurdert som lokalt viktige (verdi C), med under middels verdi.»  Vi kan ikkje forstå at mangel på kartlegging kan vere grunn til å nedgradere verdien av sukkertareskogen, samtidig som det blir påstått at forekomsten dekkar heile kysten, noko som burde indikere ein stor forekomst, og dermed ein høgre verdi.

På bakgrunn av desse momenta meiner Naturvernforbundet det er ein feilaktig konklusjon å gje sukkertara liten verdi. Den burde vore vurdert mykje høgre, noko som også betre vil få fram den negative konsekvensen av dei planlagde utsleppa. Aukande sjøtemperatur og for mykje næringssalt og partiklar blir angitt som sansynlege årsaker til at sukkertaren har forsvunne. Det er derfor stor sjanse for at utsleppa frå settefiskanlegget vil ha ein negativ påverknad på sukkertaren.

Kysttorsk vart fjerna frå Raudlista i 2010 fordi det no kun er artar, ikkje bestander, som blir vurdert. Dette betyr ikkje at kysttorsken er utanfor faresona. Den er framleis i kraftig nedgong, og det blir jobba for å bygge opp igjen bestandane. Det kan derfor vurderast om også torskebestanden i fjorden burde få ein høgre verdi i konsekvensutgreiinga. Ettersom utsleppene frå dette anlegget vil ha negativ påverknad på både gyteområde og oppvekstområder i form av sukkertareskog vil konsekvensane for torsken kunne bli store.

Konsekvensutgreiinga konkluderer med ein middels negativ verknad for marin naturtype sukkertareskog og gyteområde for fisk. Likevel konkluderer dei med ingen virkning på fiskeri- eller havbruksinteresser. Vi stiller spørsmålsteikn ved korleis dette er mogleg når både gyte- og oppvekstområde for fisken i fjorden blir ramma.

Straumtilhøve

Stongfjorden er ein terskelfjord med fleire tersklar. Konsekvensutredninga viser til at dei «relativt dype tersklene ut mot de åpne, kystnære og værharde sjøområdene utenfor fjordens

munning tilsier gode utskiftingsforhold og bidrar til en betydelig resipientkapasitet i fjorden». Store delar av desse tersklane er derimot langt grunnare enn omtalt, og strømmålingar innerst i fjorden der utsleppet er planlagt viser svært lave strømhastigheter på alle dyp, noko som tyder på at utskiftinga ikkje er så god som hevda. Rådgjevande Biologar har tidlegare tilrådd å unngå utslepp frå settefiskanlegg til beskytta bukter med liten vassutskifting og grunne tersklar. Dersom det skal gis løyve til utslepp i denne saka må utsleppet derfor leggast utanfor dei innerste tersklane i fjorden.

Reinsing

Det er planlagt at avløpsvatnet frå anlegget skal sleppast ut på 30 meters djup rundt 100 meter frå land. Avløpsvatnet vil bli reinsa i mekaniske filter med lysåpning på 40 μm. Dette tilsvarer ein reinsegrad på 77 % av suspendert tørrstoff, 76 % av BOF5, 28 % av totalnitrogen og 63% av totalfosfor. Det som blir slept ut i fjorden er då 45 tonn organisk stoff, 73 tonn BOF5, 24,3 tonn nitrogen og 5,6 tonn fosfor.

I søknaden heiter det at «Ved etablering av det nye anlegget vil en basere seg på nyeste resirkuleringsteknologi og renseteknologi slik at skader på naturmangfoldet så langt mulig unngås eller avgrenses». Dette høyrest bra ut, men vi kan ikkje sjå at det er tilfelle så lenge det berre er snakk om mekanisk reinsing. Gjennom biologisk og kjemisk rensing i tillegg vil ein oppnå ein mykje høgre reinsegrad. For at eit utslepp skal kunne tillatast meiner vi det må stillast mykje større krav til reinsing.

Kunnskapsgrunnlaget

I konsekvensutreiinga blir kunnskapsgrunnlaget vurdert som ”godt” (§ 8) slik at føre var prinsippet ikkje treng å komme til anvendelse i denne sammenhengen (§ 9). Dette syns vi verkar litt underleg sidan både Fiskeridirektoratet og Havforskningsinstituttet har påpeika manglande kunnskap. Fiskeridirektoratet peika i høyringsuttale til reguleringsplanen på at korkje gytefelt eller oppvekstområde for torsk er undersøkt nærare, og at det derfor er vanskeleg å vurdere kor stor effekt dette tiltaket vil få på gytesuksessen og oppveksttilhøva til fisk i fjorden. Også Havforskningsinstituttet peika i sin uttale på at det burde vore gjort fleire undersøkingar i Stongfjorden.

Konklusjon:

På bakgrunn av dei negative konsekvensane utsleppa vil kunne få på naturverdiane i fjorden, spesielt sukkertareskog og gytefelt, med direkte og indirekte konsekvensar for fiskebestandane, vil Naturvernforbundet fraråde å gje utsleppsløyve. Om det blir gitt løyve må det stillast krav til fullstendig reinsing av avløpsvatnet, samt at utsleppspunktet må leggast utanfor dei to innerste tersklane i fjorden.

Med helsing

Thorleif Jakobsen                                                                  Jorunn Vallestad

Leiar i Naturvernforbundet Sogn og Fjordane                                   Fagrådgiver Naturvernforbund

  • Sign -                                                                                     - Sign -


 


 

Artikkelen ble sist oppdatert: 15.02.2014