Du er her:

Fråsegn om bygging av Kvernfossen kraftverk i Hyllestad

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane har ikkje vesentlege innvendingar mot Kvernfossen kraftverk, men rår til ei høgre sommarvassføring enn søknaden går ut på.

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane

                                                                                              Den 10. juni 2015

Norges vassdrags- og energidirektorat

Konsesjonsavdelinga

Postboks 5091 Majorstuen

0301 Oslo

nve@nve.no

 

Kvernfossen kraftverk i Hyllestad - høyringsfråsegn

 

Planen er å utnytte ei strekning på 600 meter i Hålandselva, med fall på 26,5 meter mellom høgde 120 og 86,5 moh i Lavikdalen.  Lenger oppe i vassdraget ligg Nordstrandsvatnet og ved kraftstasjonen Espelandsvatnet.  Dei er begge regulerte frå før til kraftverka Øvre og Nedre Svultingen.  Like ved den aktuelle elvestrekninga går fylkesvegen gjennom dalen.

 

Vassvegen skal vere ei røyrgate som vert plassert mellom fylkesvegen og elva.  Middelvassføringa er i søknaden opplyst til 5,9 m3 per sekund.  Vanleg lågvassføring er rekna til 0,6 m3/s, 5-persentil om sommaren til 0,617 m3/s.  Søkjaren har gjort framlegg om ei minstevassføring på 600 l/s heile året.

 

Rapporten om verknadene på liv og landskap har lite å fortelje om særlege verdiar.  Mellom inntaket og kraftverket går det som nemnt ein fylkesveg langs elva på nordsida, med unnatak for det siste stykket, der planen er å byggje ein stubb med ny veg til kraftverket.  Nord for vegen og delvis langs elva veks det yngre lauvskog av or, selje og andre vanlege treslag.   På sørsida av elva ligg det gardsbruk i nedre delen av influensområdet.  Skogen har kome opp etter at beitinga i området vart mindre intens.

 

Etter dei opplysningane som følgjer søknaden, er ikkje vesentlege naturverdiar i fare på land.  Det er neppe grunn til å tru at utbygginga vil gå ut over allmenne interesser.  Det går ikkje anadrom fisk opp i elva, med eit mogeleg unnatak for ål.  Men det vert hevda at ålen ikkje kjem seg ned att til sjøen utan å passere gjennom den eldre kraftstasjonen lenger nede.  Elva har ein god del småaure.  Mindre vassføring vil gje lågare produksjon og mindre liv i elva.  Minstevassføringa som det er søkt om, vil ikkje hindre dette.  Sjølv om fisket etter auren visstnok er lite, er det grunn til å sikre at stammen overlever trygt.  Grunngjevinga er at dei fleste lokale aurestammar har sin genetiske eigenart, og at denne er nml. § 5 er lovfesta å ta vare på.  Dersom NVE gjev konsesjon, rår vi til at det vert fastsett ei høgre minstevassføring om sommaren enn 600 l/s. 

 

Konklusjon

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane har ikkje vesentlege innvendingar mot Kvernfossen kraftverk, men rår til ei høgre sommarvassføring enn søknaden går ut på.

Med helsing

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane

 

Marit Vøien Nes                                                                    Erik Solheim

Leiar                                                                                      Rådgjevar

Artikkelen ble sist oppdatert: 10.06.2015