Du er her:

Ill.foto av vindmøller

Ill.foto av vindmøller. Foto: Kåre Olerud

Ola og Kari Nordmann er rundlurt

Ola og Kari Nordmann er rundlurt av kraftbransjen, Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Olje- og energidepartementet (OED), skriv Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane i ei pressemelding og viser til forskningsrapporten frå Vestlandsforskning som heitte ”Vindkraft, reiseliv og miljø - en konfliktanalyse”.

Rapporten, som vart publisert 24.mars 2009, var eit bestillingsverk frå Vestavind kraft og Energibedriftenes landsforening, der desse og fekk med seg NHO reiseliv. Rapporten skulle sjå om det ville bli eventuelle konflikter mot reiselivet og turismen om vindkraft vart bygd ut slik Stortinget har vedtatt som målsetjing, 20 TWh innan 2020.

Media presenterte eit resultat som sa at det ikkje var nokon slik konflikt å finne. Det vart faktisk slått opp som riksdekkjande og rapporten slo bein under alle motstandarar av vindkraft. Det verste var at befolkninga i Noreg trudde på dette resultatet, og motstandarar av vindkraft vart meir eller mindre latterliggjorde.

I slutten av november avslørte Aftenposten at rapporten har vore forsøkt manipulert av Olje og energidepartementet, OED og Noregs vassdrag og energiverk, NVE. Årsaka var at forskarane fant ut at det var konflikt mellom reiseliv og utbygging. Turistane var villige til å akseptere vindkraft i Noreg berre dersom den kom som ein erstatning for forureinande kraft som f.eks kol, og dermed fører til reduserte klimautslipp. Og spørsmålet vart då,: Gjer det det?

Neppe, svarte forskarane. Dei meinte det var sannsynleg at det kom i tillegg til, istaden for forureinande kraft. Dette har naturvernarar sagt lenge, utan å bli trudd. Meir utbygging fører til meir forbruk og er ikkje ei løysing på klimaproblem i seg sjølv.

Kvifor er det då slik at kraftselskap NVE og OED absolutt ikkje ville ha publisert eit slikt resultat?

Vel, dei vil gjerne vere miljøvennlege og ”best i klassen”, altså best i verda på dette området. Om dette prosjektet tilfeldig nok ville øydeleggje norsk natur var ikkje ei aktuell problemstilling dei ville ta innover seg.

Økonomi er nok og ein god årsak, det ligg mykje pengar i vindkraftsubsidier, betalt av det norske folk. På landsbasis har det vore utbetalt over 1.200 millonar kroner til dette formålet, og kvar vindkraftarbeidsplass har vore subsidiert med nær 5.5 millionar kroner.

Dette er ei skandale og her bør det komme ei intern og ekstern gransking av kva som eigentleig foregår i OED sine lokaler. Folk i Noreg har vorte rundlurte av kyniske politikarar og kraftselskap. Nokon i OED bør stå til ansvar for dette, det er ei soleklar plikt for stat og regjering å granske dette resultatet.

Det er naivt og direkte feil å gå inn for vindkraftutbygging med ein slik argumentasjon. Grunnen til dette er at, å bygge ned kystfylka og norskekysten med vindkraft, for å oppfylle Stortinget si målsetjing om 20 TWh for å erstatte fossilt brensel, når vi veit at EU treng 1800 TWh hjelper lite. Dette er ikkje vegen å gå utan at det vert stilt krav. Det er i dag, ikkje nokon dokumenterte klimabudsjett, verken for omsøkte, eller eksisterande vindkraftanlegg i Noreg.

For å vere klimanøytrale, må vindkraftanlegg påleggjast å kjøpe opp kolkraftverk, tilsvarande omsøkt vindkraftproduksjon – og leggje ned det fossile anlegget for alltid.

Vi krev at det blir stilt slike krav i konsesjonsvilkåra.

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane, Hans Christian Hansen