Du er her:

Områdereguleringsplan Florelandet Nord - klage av 28.02.14

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane klagar heile "Områdereguleringsplan Florelandet Nord" inn for Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

28.02.2014

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, postmottak@flora.kommune.no
Områdereguleringsplan Florelandet Nord – klage


Vi viser til ”Melding om vedtak og klagefrist for Områdereguleringsplan Florelandet Nord”.
Vi viser også til våre høyringsuttalar frå juni og november 2013 (sjå vedlegg)
Flora Bystyre vedtok 28.01.14 i sak 003/14 Områdereguleringsplan Florelandet Nord. I følge Flora kommune (www.flora.kommune.no) legg planen til rette for nesten 1 000 daa nytt næringsareal, ny båthavn i Botnavågen, samt golfbane, planteskule og badeplass i Brandsøya.
Naturvernforbundet klagar med dette heile ”Områdereguleringsplan Florelandet Nord” inn for Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
I det vidare referer vi til Områdereguleringsplan Florelandet Nord som planen.
Hovudgrunngjevingar for klagen
 Naturvernforbundet ser på planen som ein bestilt utbyggingsplan for kortsiktig økonomisk gevinst for private aktørar og vi er motstandar av heile planen og grunnlaget for denne.
 Vår hovudkonklusjon er at dei samla negative samfunns-, miljø- og framtidskonsekvensane er langt større en dei kortsiktige gevinstane planen legg opp til.
 Ut frå Plan- og bygningslovas § 1-1 og § 3-1 vil vi av omsyn til livskvalitet, natur, miljø og framtidige generasjonar oppmode om at heile planen blir avvist og erstatta av ein heilskapleg, langsiktig utviklingsplan for Florøsamfunnet tufta på eit definert og konkret bærekraftsomgrep og som viser alternative verdiskapingskonsept til fossilsamfunnet.
Sjølv om vi er motstandarar av planen, vil vi likevel kome med synspunkt på dei viktigaste elementa i den.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
postmottak@flora.kommune.no
Områdereguleringsplan Florelandet Nord – klage
Vi viser til ”Melding om vedtak og klagefrist for Områdereguleringsplan Florelandet Nord”.
Vi viser også til våre høyringsuttalar frå juni og november 2013 (sjå vedlegg)
Flora Bystyre vedtok 28.01.14 i sak 003/14 Områdereguleringsplan Florelandet Nord. I følge Flora kommune (www.flora.kommune.no) legg planen til rette for nesten 1 000 daa nytt næringsareal, ny båthavn i Botnavågen, samt golfbane, planteskule og badeplass i Brandsøya.
Naturvernforbundet klagar med dette heile ”Områdereguleringsplan Florelandet Nord” inn for Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
I det vidare referer vi til Områdereguleringsplan Florelandet Nord som planen.
Hovudgrunngjevingar for klagen
 Naturvernforbundet ser på planen som ein bestilt utbyggingsplan for kortsiktig økonomisk gevinst for private aktørar og vi er motstandar av heile planen og grunnlaget for denne.
 Vår hovudkonklusjon er at dei samla negative samfunns-, miljø- og framtidskonsekvensane er langt større en dei kortsiktige gevinstane planen legg opp til.
 Ut frå Plan- og bygningslovas § 1-1 og § 3-1 vil vi av omsyn til livskvalitet, natur, miljø og framtidige generasjonar oppmode om at heile planen blir avvist og erstatta av ein heilskapleg, langsiktig utviklingsplan for Florøsamfunnet tufta på eit definert og konkret bærekraftsomgrep og som viser alternative verdiskapingskonsept til fossilsamfunnet.
Sjølv om vi er motstandarar av planen, vil vi likevel kome med synspunkt på dei viktigaste elementa i den.I dette klagedokumentet vil vi såleis legge avgjerande vekt på formelle feil og viktige tilhøve
som ikkje synast vere utgreidd i planprosessen, samtidig som vi på nytt tek opp att feil,
manglar og fråverande dokumentasjon for heilt sentrale premissar for planen. Desse kan
oppsummerast slik:
 Planen stettar ikkje Plan- og bygningslovas krav i §§ 1-1 og 3-1
 Planen har mangelfull demokratisk tilgjenge til plandokumenta jfr. Plan- og
bygningslovas krav
 Fråver av folkehelsemyndigheiter og folkehelseutgreiingar i planen
 Fråver av terrorsikringsanalysar og beredskapsplanar for dette i planen
 Fråver av ROS-analysar i planen
 Fråver av alternative løysingar
 Fråver av klimavurdringar
 Fråver av heilskapleg og langsiktig miljøanalyse
 Fråver av bindande etterbruksplan
 Fråver av framtidig eigedomsrett til 1 000 daa og det vi kan kalle ”heimfallsvilkår”
 Avgjerande feilinformasjon og sjølvmotseiingar i Agenda Kaupang og PwC sine
rapportar
 Fråver av dokumentasjon som grunnlag for påståtte behov for meir areal til
oljebaseaktivitet
 Sakshandsamingsfeil gjeldande unndraging av brev frå Statoil til Naturvernforbundet
 Fråver av uhilda juridisk vurdering av gildskap gjeldande bystyrerepresentantar
 Manglar ved vinterdelen av rapportar om naturmangfald”Områdereguleringsplan Florelandet Nord” er i strid med Plan- og bygningslovas* formål
Etter Naturvernforbundet sitt skjønn, er vesentlege delar av planen i strid med Plan- og
bygningslovas formål, jfr § 1-1 Lovens formål.
Vi legg særleg vekt på følgande krav i lovas formålsparagraf:
 Loven skal fremme bærekraftig utvikling til beste for den enkelte, samfunnet og
framtidige generasjoner.
Vi kan ikkje sjå at planen i det heile drøftar vanlege definisjonar av, eller eit innhald i
bærekraftsomgrepet, verken generelt, fagleg, eller konkret i gjeldande plansak.
Vi kan heller ikkje sjå at kvalifiserte, eksterne aktørar har fått i oppdrag å drøfte desse tilhøva
som del av planen, slik ein har nytta eksterne aktørar til å gjennomføre ulike andre
vurderingar.
Dette er ein vesentleg mangel ved heile plandokumentet. I særleg grad gjeld dette Plan- og
bygningslovas formål om å fremje bærekraftig utvikling til det beste for framtidige
generasjonar.
I kva grad ein plan som har som hovudformål å sprenge fjell og fylle ut i sjø nærare 1 000
daa intakt, bynært kultur- og naturlandskap og gruntvassområder for å omgjere dette i stor
grad til ein oljebase med svært tidsavgrensa levetid, er for oss det motsatte av bærekraftig
utvikling for framtidige generasjonar.

Alle lovtekstar er henta frå www.lovdata.no


Vi vil her minne om fylkesmiljøvernsjef i Sogn og Fjordane, Nils Erling Yndesdal sin kronikk i
avisa Firda, 1. september 2012, der han mellom anna skreiv:

”Av omsyn til allmenta og dei som kjem etter oss, er det viktig at dette (berekraftig arealforvaltning, vår merknad) skjer ut frå ei langsiktig og medviten tenking. Eit spørsmål både kommunane og Fylkesmannen bør stille seg om den enkelte planen kan vere; Er dette ein plan dei som bur her om 100 år, også ville ha slutta seg til?” Vi delar fylkesmiljøvernsjefens tilnærmingar og vårt svar på hans spørsmål gjeldande for ”Områdereguleringsplan Florelandet Nord” er eit klart nei! Vidare i § 1-1:  Planlegging og vedtak skal sikre åpenhet, forutsigbarhet og medvirkning for alle berørte interesser og myndigheter. Det skal legges vekt på langsiktige løsninger, og konsekvenser for miljø og samfunn skal beskrives. Dette leddet i §1-1 reiser i alle høve to sentrale spørsmål ved planen: 1. Er dei demokratiske tilhøva tilstrekkeleg ivaretatt i planprosessen? 2. Er det lagt vekt på langsiktige løysingar i planen? Det kan sikkert hevdast at formelle prosedyrar ved planprosessen er gjennomført etter dei krav som stillast. Likevel vil Naturvernforbundet reise spørsmålet om planen er gjennomført etter §1-1? I følge www.flora.kommune.no består sakstilfanget av 27 fagrapportar med tilhøyrande referanselister og tilvisingar. I tillegg finnast det til saman 7 plandokument. Mange av desse til saman 34 dokumenta er særdeles omfangsrike og fleire av dei er i tillegg vanskeleg å forstå, i alle høve dersom ein ikkje er fagperson og i tillegg skal prøve å sette seg inn i dokumenta på fritida. Vi ser ikkje bort frå at det kun er ein, eller eit lite fåtall planleggarar i Flora kommune som har satt seg inn i samtlege dokument, og at dei aller fleste, inkludert lokalpolitikarane, ikkje har det oversynet som skal til for å gjere uhilda og heilskaplege vurderingar og gjennomgangar, særleg av ulike konsekvensar av planen. Så vidt vi er kjend med, foreligg det, til dømes, meir enn 700 underskrifter mot delar av planen, utan at dette har gjort inntrykk. Likeså stiller vi spørsmål ved korvidt planen legg vekt på langsiktige løysingar, slik §1-1 krev. Vi kan ikkje sjå at dette er tilfelle. Tvert om er heile planen særdeles kortsiktig. Vidare i § 1-1:  Prinsippet om universell utforming skal ivaretas i planleggingen og kravene til det enkelte byggetiltak. Det samme gjelder hensynet til barn og unges oppvekstvilkår og estetisk utforming av omgivelsene.
Naturvernforbundet har ikkje greidd å finne noko form for beskriving av desse krava i den framlagte planen. Dette kan skuldast at vi ikkje har sett godt nok etter, men vi har heller ikkje registrert at desse tilhøva har vore ein del av debatten i saka. Det er mogleg at ein definerer vekk denne delen av lova i ein såkalla områdeplan, men vi vil uansett hevde at særleg hensynet til barn og unges oppvekstvilkår må vere med frå starten i all form for planlegging, slik også første ledd i formålsparagrafen seier.
Vi kan ikkje sjå at planen stettar krava frå §1-1. Vi vil hevde at planen ikkje er gyldig etter Plan- og bygningslova. Vi ber derfor Fylkesmannen om å avvise heile planen

”Områdereguleringsplan Florelandet Nord” er i strid med Plan- og bygningslovas
§ 3-1, Oppgaver og hensyn i planlegging etter loven
Naturvernforbundet kan ikkje sjå at planen stettar dei krav som Plan- og bygningslova stiller i §3-1.
For ordens skuld set vi opp hovudpunkta i § 3-1 her:
Innenfor rammen av § 1-1 skal planer etter denne lov:
a)
sette mål for den fysiske, miljømessige, økonomiske, sosiale og kulturelle utviklingen i kommuner og regioner, avklare samfunnsmessige behov og oppgaver, og angi hvordan oppgavene kan løses
b)
sikre jordressursene, kvaliteter i landskapet og vern av verdifulle landskap og kulturmiljøer
c)
sikre naturgrunnlaget for samisk kultur, næringsutøvelse og samfunnsliv
d)
legge til rette for verdiskaping og næringsutvikling
e)
legge til rette for god forming av bygde omgivelser, gode bomiljøer og gode oppvekst- og levekår i alle deler av landet
f)
fremme befolkningens helse og motvirke sosiale helseforskjeller, samt bidra til å forebygge kriminalitet
g)
ta klimahensyn gjennom løsninger for energiforsyning og transport
h)
fremme samfunnssikkerhet ved å forebygge risiko for tap av liv, skade på helse, miljø og viktig infrastruktur, materielle verdier mv.
Dersom ein nyttar dei ulike punkta i §3-1 som sjekkliste, minus punkt c) som ikkje er relevant i denne samanheng og punkt d) som det einaste punktet planen tek omsyn til,
er alle dei andre krava i §3-1 er, etter vårt skjønn, enten ikkje tilstrekkeleg beskrivne, analysert og vurdert, eller manglar fullstendig i planen.
Vi kan ut frå dette ikkje sjå at planen stettar krava frå §3-1. Vi vil derfor hevde at planen ikkje er gyldig etter Plan- og bygningslova og må avvisast.
Naturvernforbundet ber om ei juridisk vurdering av dei formelle tilhøva i høve Plan- og bygningslova vi har reist over her.

Manglande utgreiingar og informasjon i planen
Etter Naturvernforbundets skjønn manglar planen utgreiingar på sentrale og avgjerande punkt. Desse manglane utgjer eit såpass alvorleg tilhøve at vi meiner dei må rettast opp, presenterast, høyrast og handsamast, før noko vidare avgjerder med planen blir tekne. I det følgande finnast eit oversyn over dei mest sentrale manglane, slik vi ser det.
Fråver av folkehelsemyndigheiter og folkehelseutgreiingar i planen
Vi har ikkje vore i stand til å finne deltaking og utgreiingar i planen verken frå lokale, eller andre helsemyndigheiter. Det finnast ingen folkehelserapport i dokumentoversynet på Flora kommunes heimeside etter det vi kan sjå.
Vi er kjende med at Flora kommune tek del i det fylkeskommunale folkehelseprosjektet ”Vardar for folkehelse”. Flora kommune presenterer dette prosjektet slik på si heimeside:
Partnarskap for Folkehelse Flora kommune har inngått partnarskapsavtale med Sogn og Fjordane Fylkeskommune under omgrepet "Vardar for folkehelse". Dette er et prosjekt som vert støtta økonomisk av fylket og er eit nasjonalt, regionalt og kommunalt samarbeid.
Naturvernforbundet finn det oppsiktsvekkande at det kommunale folkehelseapparatet ikkje har vore involvert i planprosessen. Tilhøvet blir særleg alvorleg når vi veit at dette er eit spesifikt krav i Plan- og bygningslova og at heile hovudtiltaket i planen vil forringe fellesskapets naturmiljø og gjennom dette bidra til bortfall av helsefremjande fellesgoder og livskvalitetar og, etter vårt skjøn, føre til dårlegare folkehelse.
Dersom vi har rett i at planen manglar heilskaplege, sjølvstendig(e) fagrapport(ar) frå helsemyndigheitene, ser vi på dette som ein alvorleg mangel i saksgrunnlaget og såleis ein direkte sakshandsamingsfeil.
Naturvernforbundet klagar på dette tilhøvet og vi ber om at folkehelsespørsmålet utgreiast av helsemyndigheitene før vidare vedtak av planen gjennomførast, jfr. også punkt f) i Plan- og bygningslovas § 3-1.Oppgaver og hensyn i planlegging etter loven.
Mangelfull heilskapleg støyutgreiing
Det einaste omhandla temaet i planen som influerer på den generelle helsesituasjonen til befolkninga i planområdet, er støy. Her finnast eigen temarapport2, men denne er kun eit oversyn over tenkte, tekniske og teoretiske støysituasjonar og har ingen folkehelsefaglege vurderingar, verken av opplevd, eller praktisk karakter. Swecorapporten er såleis nytta i KU-dokumentet i planen og synast å vere grunnlag for framstillinga om støy i kapittel 3.2 i KU-dokumentet.
Det finnast såleis ikkje noko form for heilskaplege støyvurderingar og dei negative verknader dette har på alle innbyggarane i Florø by, Brandsøyområdet og i Terdal. Vi tenker då særleg på det faktum at heile byen er omgitt av politisk ønska og villa støykjelder og at dei same politikarane ønsker å forsterke dei totale støyplagene for innbygarane, dels gjennon planar for større flyplass, dels gjennom auke i helikoptertrafikk og no gjennom å auke støyplagene frå ei ønska utviding av oljebaseaktivitetane, i tillegg til ei kontinuerleg auke i vegtrafikkstøyen.
Vi viser her til Statistisk Sentralbyrå (SSB) som på oppdrag frå norske myndigheiter kontinuerleg arbeider med støyproblematikk i Norge.

I ein rapport frå 20113 skriv SSB mellom anna:
Støy virker sjenerende, kan påvirke søvnkvaliteten og være medvirkende årsak til forhøyet blodtrykk og stress (WHO 2009, 2011).
Støy er et av de store gjenværende miljøproblemene som rammer flest mennesker i Norge (vår understreking).
For å overvåke støyplage i Norge har SSB, i samarbeid med Klif, Statens vegvesen, Jernbaneverket, Avinor og Forsvarsbygg, etablert en nasjonal støymodell. Modellen utnytter eksisterende kartlegginger av støy og har bare gjort tilleggsberegninger der hvor støyberegninger ikke tidligere er gjort. Modellen beregner tall for støypåvirkning (målt som antall personer eksponert for ulike støynivåer) og støyplage (målt som støyplageindeks - SPI) i Norge for 1999 og de påfølgende år.
Ambisjonsnivået er å gi årlig status og trender for støyeksponert befolkning for land og fylker samt de mest folkerike kommunene. Modellen er tidligere dokumentert i Engelien, Haakonsen og Steinnes (2004). Tall fra modellen benyttes i overvåking av nasjonale miljømål.
På dåverande Klif sine heimesider (juni 2013) finn vi myndigheitenes mål for sitt arbeid for å redusere støyplagene for befolkninga:

Helseskadelig støy Støyreduserende tiltak  Regjeringen har satt to mål for støyreduksjon: 1) Støyplagen skal reduseres med 10 prosent innen 2020 i forhold til 1999. 2) Antall personer utsatt for et støynivå på over 38 desibel innendørs skal reduseres med 30 prosent innen 2020, i forhold til 2005.

− Støy er en stor helsebelastning for svært mange mennesker, spesielt i byer og tettsteder. Tiltak mot støy er påkrevet der nivåene er for høye. De nye støykartene avdekker problemområdene og gjør lokale myndigheter bedre i stand til å sette inn treffsikre tiltak mot støy, sier Audun Rosland direktør i Klima- og forurensningsdirektoratet (Klif). Støykartene er et nyttig verktøy for kommunene som har ansvaret for å lage handlingsplaner mot helseskadelig støy. Handlingsplaner for byområdene skal utarbeides innen utgangen av 2013.
Såvidt vi er kjende med bur det mellom 6000 og 7000 mennesker i og rundt Florø sentrum. Innbyggarane er, som vist over, allereie plaga av betydeleg og aukande, døgnkontinuerleg støy, med dei helseskadar dette medfører. I motsetnad til Swecorapporten og KU-dokumetet i planen, som viser teoretiske modellar av tenkt tilleggsstøy frå to avgrensa lokalitetar i planområdet, er alle innbyggarane i Florø utsett for helseskadleg faktisk, opplevd støy døgnet rundt.
Lat oss ta eit døme:
Dei elleve skipa i Hurtigruten seglar døgnet rundt og er innom 32 havner langs norskekysten.Hurtigruten har innført forbod mot fløyting i havner i tidsrommet mellom kl 20:00 og 08:00. Dette for å ta omsyn til innbyggarane i havnene og ikkje utsette dei for støy. I Florø leggast det opp til det motsette. Planen viser at politikarane ønsker å auke eit allereie høgt, opplevd støynivå overfor innbyggarane sine ved å gjennomføre tiltaka i planen. Dette trass i at sentrale myndigheiter definerer støy som et av de store gjenværende miljøproblemene som rammer flest mennesker i Norge4.
3 Erik Engelien, Margrete Steinnes,Støyplage i Norge, Dokumentasjon av metode, SSB 05.02.2011

Det er ikkje kjend at Flora kommune har noko form for miljømål, slik vi har nasjonale miljømål. Planen er såleis eit uttrykk for manglande lokal miljøforståing.
Ein legg opp til å auke, snarare enn å redusere støyplagene i og rundt Florø. Dette er i skarp motsetnad med nasjonale målsettingar og bør avvisast.
Naturvernforbundet ser det som ein alvorleg mangel ved planen at det ikkje er utgreidd noko form for folkehelsefagleg støyrapport. Vi ber om at støyproblematikk og konsekvensar utgreiast heilskapleg før vidare vedtak av planen gjennomførast, jfr. også punkt f) i Plan- og bygningslovas § 3-1.Oppgaver og hensyn i planlegging etter loven.
Fråver av terrorsikringsanalysar og beredskapsplanar for dette i plandokumentet
Naturvernforbundet kan ikkje sjå at det i planen foreligg utgreiingar og naudsynte analysar gjeldande terrorfarer, terrorsikringar og generell samfunnsikkerheit. Vi viser her særleg til krava i Plan- og bygningslovas § 3-1, punkt h) og til Stortingsmelding 29 (2011-2012), men også til den generelt aukande terrorsituasjonen i samfunnet både i Noreg og elles i verda.
Etter hendinga i In Amenas og gjennom jamnlege mediaoppslag, seinast foredrag av Noregs sikkerheitsjef gjengitt i Dagsrevyen 25. februar, vil vi meine at det påligg eit særleg ansvar i denne type planar å opplyse befolkninga om terror- og sikkerheitsfarane som finnast og korleis desse handterast. Vi tillet oss også å vise til oppslag i NRK-Østlandssendingen 26. februar om dette temaet,
http://www.nrk.no/ostlandssendingen/_-for-darlig-sikkerhet-i-havna-1.11568908
Vi er kjende med FNs ISPS-kode og EU/EØS regelverket på området, men i denne plansaka handlar det i like stor grad å analysere det totale bildet, etablere rutiner og prosedyrar og å informere om dette til innbyggarane i Florø by og elles i samfunnet.
Vi kan ikkje sjå at lokalsamfunnet i Florø bør påførast ei auka risiko for terror- og sikkerheitshendingar enn dei som allereie er forbunde med eksisterande aktivitetar både ved oljebasen, ved skipsverftet , flyplassen og elles.
Naturvernforbundet klagar på fråver av heilskaplege terror- og sikkerheitsvurderingar i planen og vi krev at dette utgreiast av relevante myndigheiter før vidare vedtak av planen gjennomførast.
Fråver av ROS-analyse gjeldande for rasfare frå nordsida av fjorden frå Grøneng
Naturvernforbundet registrerer at det ikkje er gjennomført noko form for ROS-analyse gjeldande for rasfare frå fjellområda på nordsida av fjorden frå Grøneng. Den ROS-analysa vi er i stand til å finne i planen viser på dette punktet kun til ei rasfareundersøking frå 2006 gjeldande for nordsida av Brandsøyåsen.
Vi er kjende med at det jamt kjem steinsprang frå fjellsidene nord for fjorden for Grøneng og at fjellet (devonsk sandstein) til dels har betydelege sprekkformasjonar og relativt store steinblokker hengande i dei stupbratte fjellsidene.
Vi stiller oss uforståande til at det ikkje er gjennomført ROS-analyse gjeldande rasfare og konsekvensar av slike for dei nemnde fjellområda all den tid planen viser bygging av kai på nordsida av Grøneng og at denne kaia vil vere direkte utsatt for eventuell flodbølge ved mogleg ras i nemnde fjellparti.
Naturvernforbundet klagar på fråver av ROS-analyse gjeldande rasfare og konsekvensar av slike for dei nemnde fjellområda i planen og vi ber om at dette utgreiast av relevante myndigheiter før vidare vedtak av planen gjennomførast. Fråver av alternative løysingar
Vi har registrert at det både frå Fylkesmannen og fylkeskommunen er kome innspel om alternative løysingar på tiltaka i planen. Naturvernforbundet registrerer at både fjellhallalternativ og flytande alternativ er introdusert og vi viser her til KU-dokumentet sine kapittel 7.4.2 og 7.4.3. Vi kan likevel ikkje sjå at desse alternativa er utgreidd og lagt fram til realitetsvurderingar og handsaming verken miljømessig, eller økonomisk.
I det vedtekne planprogrammet heiter det at det skal presenterast ei kost-nyttevurdering av fjellhall som alternativ, men vi kan ikkje sjå at slik analyse er presentert som eit reelt alternativ i saka.
Vi ser på dette som ein alvorleg mangel ved planen, også ut frå krava i Plan- og bygningslova, særleg §1-1, første ledd.
Med dei til dels svært omfangsrike tiltaka planen foreslår og med dei store konsekvensane desse får, er det etter vårt skjønn rimeleg å be om at desse alternativa blir utgreidd før endeleg avgjerd i saka blir teke. Vi oppmodar derfor Fylkesmannen iverksette ein prosess som legg fram fjellhall- og flytande areal som reelle alternativ i planen, miljømessig og økonomisk, før vidare avgjerder blir gjennomført.
Fråver av klimavurdringar
Naturvernforbundet kan ikkje sjå at planen analyserer og drøftar klimarelaterte problemstillingar. Det næraste vi kan finne er vidløftige formuleringar rapporten frå Agenda Kaupang der det i figur 3.3 mellom anna heiter at Fjordbase kan Bli en verdensleverandør av borerør. Denne type formuleringar synast å vere berande for tenkinga for heile planen og verken lokale, eller globale klimavurderingar er beskrivne.
Vi vil på nytt vise til Plan- og bygningslovas § 3-1 der det heiter i punkt g) at planen skal ta klimahensyn gjennom løsninger for energiforsyning og transport.
Dei globale aktivitenane som ønskast (vidare) utvikla frå Fjordbase gjennom gjennomføring av tiltaka i planen vil føre til direkte lokale og globale klimapåverknader utan at desse er beskrivne, tallfesta, eller målt opp mot nasjonale og internasjonale klimamål. Sameleis vil dei beskrivne globale aktivitetane bidra til å vedlikehalde fossilindustrien i verda og såleis vere eit negativt bidrag inn i den globale klimautviklinga. Det er intenting som tyder på at denne form for konsekvensar av planen er drøfta, verken klimafagleg, etisk eller politisk.
Naturvernforbundet klagar på fråveret av klimavurderingar i planen og ber om at slike blir utarbeidd før vidare vedtak av planen gjennomførast.
Fråver av heilskapleg og langsiktig miljøanalyse
Planen inneheld ymse delutgreiingar innafor natur- og kulturtema. Desse er forsøkt oppsummert i KU-dokumentet. Imidlertid er det vanskeleg å sjå at planen presenterer ei heilskapleg og langsiktig miljøanalyse, eller til scenarier og verdivalg der lokalsamfunnet og andre blir invitert til å velge kva for type lokalsamfunn ein ønsker å utvikle for komande generasjonar.
Det kan synast som om denne form for involveringsmetodikk for byutvikling er for avansert og risikabel for dei kreftene som står bak planen. I staden har lokalpolitikarane gått inn i premissane frå Fjordbase og satt seg sjølv og innbyggarane i dilemmaet der ein har måttavelge mellom kortsiktig ”pest, eller kolera”. Til alt overmål har ein til og med klart det kunststykket å velge begge delar!
Eit døme på mangelfull miljøanalyse er manglande oversyn av utslepp til luft frå forsyningsfartøy som ventar, eller ligg ved kai ved basen. I dag kan det observerast inntil 15 fartøy samtidig. Av desse vil ei antal ligge på venteposisjon i havneområdet, medan andre ligg ved kai. Verken eksisterande kaianlegg, eller eventuelt framtidige kaianlegg ved ei eventuell utviding av baseområdet har, eller har planlagt strømtilknytning til fartøy ved kai som erstatning for fossil energibruk.
I følge Bergens Tidende5 har firmaet Hordaland Maritime Miljøselskap AS på oppdrag frå avisa gjennomført berekningar på utslepp til luft frå 15 forsyningsfartøy i samband med luftutsleppsdebatten i Bergen. Resultata viser at 15 forsyningsfartøy slepp ut 1,4 tonn NOx, 100 tonn CO2 og 51 kg støv pr. døgn.
I følge BT tilsvarar dette NOx-utslepp frå 73 000 bilar, eller kvart fartøy slepp ut like mykje NOx pr. døgn som 4 800 bilar.
Naturvernforbundet kan ikkje gå god for desse tala, men vi velger å illustrere eit av fleire miljøtilhøve som ikkje er teke med i planen og som derfor svekkar vår tillit til den.
Reint planteknisk kan det kanskje hevdast at denne planen ikkje er den rette arenaen for denne type tilnærmingar. Det ein likevel må ta innover seg er at dersom planen blir endeleg vedteken og tiltaka gjennomført, så vil byen og lokalsamfunnet bli forma ut frå denne for all framtid, ulike utsleppskategoriar i lokalsamfunnet vil auke og store fellesskapsverdiar og potensielle framtidige konkurransefortrinn vil gå tapt.
Naturvernforbundet klagar på fråver av heilskapleg og langsiktig miljøanalyse i planen og ber om at slik blir utarbeidd før vidare vedtak av planen gjennomførast.
Fråver av bindande etterbruksplan
Vi kan ikkje sjå at det foreligg noko form for bindande etterbruksplan for planområdet når oljetida er over. Etter vårt skjønn bør det vere eit minimumskrav i denne type omfattande planarbeid at ein legg fram tydelege vilkår for korleis planområdet skal nyttast i tida etter at dei grunngjevne tilhøva for heile planen er over. Om dette tek 10, 20 eller fleire år, er ikkje avgjerande. Det som er avgjerande er at det er eit særdeles tidsavgrensa aktivitetstilhøve planen legg til rette for og at det innan relativt få år vil vere over. Dette enten ein ser på sluttfasen i drift på norsk sokkel, nedtrapping/stopp i fossilindustrien for å nå internasjonale klimamål, eller begge delar.
Naturvernforbundet klagar på fråver av bindande etterbruksplan i planen og ber om at slik blir utgreidd før vidare vedtak av planen gjennomførast.
Fråver av framtidig eigedomsrett til 1 000 daa og det vi kan kalle ”heimfallsvilkår”
Planen legg opp til at lokalsamfunnet overdreg nærare 1 000 daa til private investorar. Slik vi forstår saka er det i det alt vesentlege oljerelatert verksemd ein ønsker skal få disponere desse areala. I ein global marknadsøkonomi er alt til salgs når prisen er korrekt. Så også ein oljebase. Det er kjend at store nasjonale og internasjonale aktørar har interesse av å investere i/kjøpe opp oljebasar, på same måte som internasjonale aktørar kjøper opp til dømes vindenergiselskap. Dei lokale eigarane av oljebasen i Florø skal venteleg snart pensjonere seg og ein kan enten få eit generasjonskifte med lokalt eigarskap, eller eksterne aktørar kjøper opp heile baseområdet, inkludert dei delane av dei 1 000 daa i planområdet som eigast av Fjordbase.
Vi kan ikkje sjå at det er utarbeidd noko form for vurdering av framtidig eigedomsrett til 1 000 daa, eller det vi kan kalle ”heimfallsvilkår”. Naturvernforbundet vil hevde at det er i samfunnets interesse å sikre seg at denne form for verdiar blir gjeve retningslinjer for framtidig bruk og eigedomsrett til.
Naturvernforbundet vil også vise til Naturmangfoldslova der det mellom anna heiter:
§ 11. (kostnadene ved miljøforringelse skal bæres av tiltakshaver)
Tiltakshaveren skal dekke kostnadene ved å hindre eller begrense skade på naturmangfoldet som tiltaket volder, dersom dette ikke er urimelig ut fra tiltakets og skadens karakter.
Naturvernforbundet vil på bakgrunn av dette be om at det blir utarbeidd vilkår for framtidig eigedomsrett for planområdet og at heimfall av områda blir gjennomført etter at oljealderen er over før vidare vedtak av planen gjennomførast.
Avgjerande feil og sjølvmotseiingar i Agenda Kaupang og PwC sine rapportar
Etter det vi erfarer er desse to rapportane sjølve byggesteinane og hovudargumenta for å rettferdigjere planen.
Agenda Kaupang-rapporten er utarbeidd på oppdrag frå Sogn og Fjordane fylkeskommune, medan PwC-rapporten er eit bestillingsverk på oppdrag frå Saga Fjordbase.
Begge rapportane synast å vere tufta på hopehavet mellom lokal-/regionalpolitikarar og oljeindustrien. Det har vore gjennomført seminar, intervju og ymse prosjektmøter utan at det kjem fram informasjon om at det er andre vesentlege samfunnsinteresser i tillegg til oljeindustrien som har vore delaktig i premissutarbeiding og innhald i rapportane.
På den andre sida blir det gjort eit nummer av framveksten av subseautdanninga som er etablert i Florø. Ein kan få inntrykk av at dette er eit resultat av eit planlagt og solid arbeid frå lokale politikarar og oljeindustrien. Faktum er at dette initiativet kom fram på ein oljekonferanse i Florø for få år sidan der ein deltakar frå lokalsamfunnet utan noko form for tilknytning til oljeindustrien fremja forslaget som eit benkeforslag i debatten på konferansen6. Seinare synast det som om mange ønsker å ta æra for dette, utan at det endrar reslitetane omkring kor tilfeldig og rimeleg lite planlagt hendingane skjer i oljeindustrien.
Agenda Kaupang-rapporten
Agenda Kaupang har adresse Høvik og heile rapporten viser med all tydlegheit korleis ein ser på land og folk med Osloperspektiv. Rapporten har tittelen Utviklingsanalyse for petroleumsvirksomhet i Sogn og Fjordane og presenterer seg sjølv slik:
”Utviklingsanalysen begynner med et scenario, eller kanskje snarere en visjon, om hvordan Florø ser ut i 2030, og hvordan man gjennom kloke strategiske grep kom dit. Denne visjonen fungerer da også som et sammendrag av den petroleumsstrategien man i denne rapporten legger opp til. I en kort epilog, skisserer man så veien videre for petroleumsvirksomheten i Sogn og Fjordane fram mot 2050”.

Ikkje på noko punkt i rapporten kan vi finne konkret, dokumentert informasjon.

6 Oppslag i Firdaposten etter konferansen

Heile rapporten framstår som ei opphoping av meir, eller mindre realistiske ønsker utan forankring i noko form for demokratisk platform - ein våt draum utan realisme.
Slik sett, og med den einsidige deltakinga i utforming av rapporten som referanse, er det rimeleg å argumentere for at det her er eit utvalg personar på utsida av demokratiske og folkelege organ som i praksis bestemmer korleis Florasamfunnet skal formast og kven sine interesser som skal prioriterast på bekostning av andre fellesskapsverdiar.
Samtidig er, etter vårt syn, rapporten full av sjølvmotseiingar. Den viktigaste synast å vere at rapporten på den eine sida argumenterer for kor avgjerande det er å ta vare på og utvikle ulike former for livskvalitet for å vere attraktiv for ung kompetanse. Mellom anna heiter det på side 14:
”Noen tunge samfunnstrender:
Norge er på vei inn i kompetansesamfunnet. Der gjelder helt nye lokaliseringsfaktorer for mennesker. Jakten på det gode bosted er viktig for kompetanserik ungdom”
På den andre sida er heile hovudbodskapen i rapporten at ein må planlegge og gjennomføre tiltaka som er presentert i ”Områdeplan Florelandet Nord”. At dette vil øydelegge dei natur-, fritids- og livskvalitetane som skal tiltrekke seg kompetanseungdom og andre i framtida, framstår som sjølvmotseiande og er ikkje drøfta i rapporten.
PwC-rapporten
Denne rapporten er utforma av og er ein einsidig argumentasjon frå den lokale oljeindustrien. Rapporten er frå 2012 og er såleis utdatert på sentrale områder, særleg i sin argumentasjon der rapporten nyttar Statoil som drivar og hovudargument for utviding av baseområdet. På samme måte som Agenda Kaupang-rapporten finnast det ikkje noko form for dokumenterte behov for meir areal til oljebasen presentert i PwC-rapporten. I tillegg er hovudargumentasjonen direkte og dokumenterbart feil. I kapittel 4.6.2. heiter det såleis om det påståtte arealbehovet:
”Arealbehovet i grafen på neste side viser behovet fra 2012 til 2023. Ser man 3 år frem i tid (til og med 2015) og kun estimert behov knyttet til aktører som er på basen i dag, dvs Statoil, GDF og BG, har vi estimert et behov på ca 100 mål. I 2023 er behovet økt til ca 310 mål. Veksten i denne perioden er knyttet til Statoil sin OCTG virksomhet (vår understreking) og er en følge av generell økt aktivitet på norsk sokkel og spesifikke prosjekt utenfor Sogn og Fjordane. Videre har vi estimert at GDF, BG og tre nye operatører med underleverandører vil trenge areal fremover i forbindelse med eksisterende aktivitet og planlagte utbygginger”.
Etter at PwC-rapporten frå 2012 blei utarbeidd, er det kjend at Statoil flyttar aktivitet vekk frå Fjordbase. I tillegg har Statoil skriftleg uttrykt til Naturvernforbundet at dei ikkje har behov for meir areal til røyrlagring på Fjordbase. (Sjå meir om dette i neste kapittel).
Kapittel 4.6.2.1 i PwC-rapporten blir etter dette direkte feil framlagte vurderingar knytta til andre meir, eller mindre luftige prognosar for andre oljeselskaps arealbehov er betydeleg mindre enn dei areala som planen legg til grunn.
Særleg tydeleg blir dette i den oppblåste prognosen for arealbehov som figuren øverst på side 18 presenterer gjeldande for Statoil (grønn farge i figuren). Når Statoil 2. mai 2013 i brev til Naturvernforbundet skriv at dei ikkje har behov for meir areal, så viser PwC-rapportens form for prognosar at grunnlaget for ”Områdeplan Florelandet Nord” ikkje er reell.
Dersom vi legg til grunn samme usikre grunnlag for dei andre framskrivingane som PwC bygger på, er ikkje PwC-rapporten eigna som rettesnor i arealbehovsvurderingar og langt frå som det Fjordbase kallar ei ”dokumemntert arealbehov”. Dette er ein bestillingsrapport frå Saga Fjordbase der baseleiinga er oppgjevne som prosjektleiing i arbeidet. Rapporten er såleis eit partsinnlegg ført i pennen av PwC og må handsamast ut frå desse realitetane.

I tillegg vurderer ikkje PwC-rapporten noko anna form for ”løysingar” enn å sprenge og fylle i sjø. Dette undergrev ytterlegare tilliten til rapporten.
Ingen av dei to rapportane analyserer og tek konsekvensen av det faktum at kostnadane ved oljeleiting og utvinning no er så høge, og forventast å stige i takt med nedgangen i tilgang til råvarer, at både Statoil og andre oljeselskap no, for første gong, definerer og iverkset kostnadsbesparande tiltak. Eit av desse er sentralisering av drift, noko Statoil allereie har gjennomført i høve aktivitet på Fjordbase.
På bakgrunn av dette, og vår dokumentasjon som presenterast i neste kapittel, ber vi om at fylkesmannen avviser dei to rapportane som relevant grunnlag og premissar for planen.
Fråver av dokumentasjon som grunnlag for påståtte behov for meir areal til oljebaseaktivitet
Etter Naturvernforbundets syn er heile planprosessen i utgangspunktet tufta på konsturerte og udokumenterte påstandar om aukande arealbehov frå Fjordbase, slik vi har vist i forrige kapittel. Særleg er argumentasjonen bygd omkring ein auke i arealbehov for Statoils røyrlagring. Utover i planprosessen har det kome fram nye såkalla ”behov”, nokre reelle – andre rimeleg urealistiske og ein har forsøkt å utvide argumentasjonen for behovsgrunnlaget til også å gjelde moglege andre aktørar som blir hevda står i kø for å etablere seg på oljebasen.
Naturvernforbundet har dokumentert at Statoil ikkje har behov for meir areal til lagring av oljerøyr i Florø, slik Fjordbase hevdar. Dette stadfesta Statoildirektør Gunnar Breivik i eit brev til Norges Naturvernforbund allereie 2. mai 2013. I dette brevet skreiv Breivik mellom anna:
”Vi har imidlertid ikke signalisert et utvidet behov sammenholdt med det vi har i dag, og på det nåværende tidspunkt ser vi ingen økning i behovet i umiddelbar fremtid…… Det innbefatter all den aktiviteten som går fra rørlageret, både til norsk sokkel og globalt”.
Brevet frå Statoil blei oversendt Flora kommune som del av vår høyringsuttale 10. juni 2013.
Statoildirektør Gunnar Breivik stadfesta dette tilhøvet i ei tekstmelding han sendte til Naturvernforbundet 25. november 2013, etter at vi bad om ei avklaring.
I tekstmeldinga heiter det:
”Vi har vel ikkje så mykje å tilføye i forhold til det som er sagt og skrive tidlegare.
Gunnar Breivik”.
Vi har purra på Fjordbase fleire gonger både i desember 2013 og i januar 2014 for å få den dokumentasjonen dei hevdar å ha som grunnlag for å be om meir areal til basen.
Naturvernforbundet har ikkje motteke slik dokumentasjon. Årsaka til dette ser ut til å vere at Fjordbase ikkje har konkret dokumentasjon som er frå tidsrommet etter 2. mai 2013. Dette fordi dei viser til rapportane frå Agenda Kaupang og PwC frå hhv januar 2013 og 2012.
Naturvernforbundet meiner at Flora kommune har gjort ein alvorleg forvaltningsmessig feil ved å akseptere udokumenterte premissar for planoppstart og gjennomført ein planprosess på sviktande grunnlag trass i at kommunen blei gjort merksam på dette frå Naturvernforbundet 10. juni 2013. Flora kommune har hatt høve til å justere og bygge planarbeidet i høve reelle tilhøve. Det har kommunen ikkje gjort. I staden har dei gjennomført ein planprosess med eit innhald og omfang som er utanfor alle proposjonar og med tilsvarande store, negative konsekvensar.

Naturvernforbundet klagar på denne framgangsmåten, særleg på at udokumenterte arealbehovspåstandar ikkje er blitt justert i planprosessen. Vi ber såleis om at planen blir avvist i si noverande form og realitetsjustert før vidare vedtak av planen gjennomførast.
Brevet frå Statoil, samt våre høyringsfråsegner av 10. juni og 29.november 2013 der dette er lagt fram, finn Fylkesmannen som vedlegg til dette skrivet.
Forvaltnings- og sakshandsamingsfeil gjeldande unndraging av brev frå Statoil til Naturvernforbundet
Som vist over, sendte Naturvernforbundet den 10. juni 2013, brev frå Statoil dagsett 2. mai 2013, til Flora kommune som del av vår høyringsuttale i saka. Vi ba også om at brevet skulle bli ein formell del av tilfanget i plansaka.
Brevet er ikkje blitt registrert som formelt dokument i plansaka og dokumentet er heller ikkje å finne i plandokumentoversynet som ligg på kommunens heimesider, trass i at vi har bede om dette. Brevet inneheld vesentleg informasjon og er såleis eigna til å opplyse saka, noko vi meiner er ein vesentleg del av norsk forvaltningsregelverk og praksis. Rådmannen i Flora kommune hevdar at brevet er kjend mellom politikarar og andre og brukar dette som argument for å forsvare manglande formell registrering og presentasjon av informasjonen i brevet. Informasjonen frå brevet er såleis ikkje teken inn i dei formelle saksdokumenta og heller ikkje realitetshandsama, verken administrativt, eller politisk. Heller ikkje publikum har fått tilgang til brevet.
Naturvernforbundet meiner at vesentleg informasjon med stor betydning for grunnlaget for planen med dette er underslått den formelle og reelle status denne informasjonen skal ha i saka etter Forvaltningslova. Vi vil derfor klage denne delen av saka inn for Fylkesmannen og be om vidare juridisk vurdering av dette.
Fråver av uhilda juridisk vurdering av gildskap gjeldande bystyrerepresentantar
Naturvernforbundet har i sin høyringsuttale 10. juni 2013 bede Flora kommune om å få utført ein uhilda gjennomgang av gildskapen til samtlege representantar i Flora bystyre i høve plansaka. Det er ei kjend sak at ei rekke av lokalpolitikarane har hatt og framleis har svært tette band til INC-systemet på oljebasen og dette var grunngjevinga for oppmodinga vår.
Flora kommune har, så vidt vi kjenner til, ikkje fått gjennomført noko uhilda gjennomgang av representantanes gildskap i saka.
Vi er blitt informert om at det er eit vanleg synspunkt mellom folk i Florø at eit stort tal bystyrerepresentantar synast å vere ”kjøpt og betalt”, som ofte er uttrykket som blir brukt, av INC-systemet. Det er til dømes ei kjend sak at Flora Høgre sine valgkamputgifter på om lag kr. 500 000,- ved forrige kommunevalg, blei delt i to og betalt av INC-systemet og BB-Gruppen, to sentrale verksemder i Florø.
Naturvernforbundet vil understreke at vi her kun refererer informasjon vi har motteke og at det må vere andre som eventuelt beviser denne type saker, dersom ikkje INC-systemet, og BB-Gruppen sjølv står fram og stadfestar dette. På den andre sida meiner vi at dette er informasjon som er for viktig til ikkje å gå vidare med.
Det er vår oppfatning at det er behov for ei uhilda gransking av gildskapstilhøve gjeldande for samtlege bystyrereresentantar i denne saka. Tilsvarande er det også kjent at sentrale tilsette i administrasjonen i Flora kommune har arbeidd i INC-systemet og vi ber også om ei gildskapsvurdering av desse.

Naturvernforbundet ber på bakgrunn av dette Fylkesmannen om å gjennomføre ein slik gildskapsgjennomgang før vidare vedtak av planen gjennomførast
Naturmangfaldslova - ikkje gode nok vinteranalysar
Naturvernforbundet meiner at dei framlagte vinterbeskrivingane etter Naturmangfaldslova ikkje er gode nok. Grunnlaget for dette er kome fram gjennom samtalar med lokale aktørar.
Vi har tidlegare gjeve melding om dette i våre høyringskommentarar.
Naturvernforbundet ber Fylkesmannen sørge for at vintergjennomgangane i naturmangfaldsdokumenta i planen blir oppgradert før vidare vedtak av planen gjennomførast .
Med vennleg helsing
Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane
Thorleif Jakobsen / elektronisk signatur
-leiar-
Vedlegg.
 Brev frå Statoil til Naturvernforbundet av 2. mai 2013  http://naturvernforbundet.no/getfile.php/Fylkeslag Sogn og Fjordane/Dokumenter/FLORELANDET1.pdf
 Naturvernforbundets høyringsuttale av 10. juni 2013  http://naturvernforbundet.no/getfile.php/Fylkeslag Sogn og Fjordane/Dokumenter/FLORELANDET2.pdf
Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane si høyringsfråsegn av 29. november 2013






 

Artikkelen ble sist oppdatert: 02.04.2014