Du er her:

Erdalselvi

Erdalselvi.

Naturvernforbundet vil ta vare på fossane og vassdraga våre

Sogn og Fjordane er eit fylke med mange vakre fossar og vasdrag. No ser vi likevel at dei er truga av ei stor kraftutbygging, då særleg bygging av mange såkalla småkraftverk. Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane er sjølvsagt ikkje motstandar av bygging av alle slike kraftverk. Småkraftverka produserer fornybar energi som vi har bruk for, dei kan gje inntekter til lokalsamfunnet og dei treng ikkje gjere stor skade på landskap, biologisk mangfald, friluftslivet osv.

Det er likevel fare for at særleg den omfattande småkraftutbygginga, men også større kraftprosjekt, vil truge det som er igjen av urørt vassdragsnatur i fylket vårt.  Og vi må vere klar  over at det byrjar å minke med slik meir eller mindre urørt natur, særleg då i visse område og kommunar.

Naturvernforbundet krev ei betre planlegging av kraftutbygginga i fylket og også ein strengare praksis når det gjeld løyve til slike kraftverk. Ein må i mykje større grad ta omsyn til landskapet, dyre- og plantelivet, friluftsliv, urørte område osv. Det vert også stadig færre urørte fossar og vassdrag igjen i det vi kjenner som ”fossefylket” Sogn og Fjordane , og det er difor på høg tid at vi tek vare på det som er igjen av dei urørte fossane, elvane og vassdraga. Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane ser dette som ei av sine viktigaste arbeidsoppgåver!

 

Nyhende og informasjon om vasskraft:

Artikkelen ble sist oppdatert: 22.11.2010

Nyheter

Avisinnlegg: La Engjadalselvi leve -Luster Småkraft!

26.08.2010:

Norges vassdrags - og energidirektorat (NVE) har sett foten ned for slik å hindre ei kraftutbygging i den vakre Engjadalselvi i Luster. Det er sjeldan at NVE seier nei til ein konsesjonssøknad for småkraft, skriv Jon Farestveit i eit avisinnlegg.

Avisinnlegg: Refleksjonar kring bygging av to småkraftverk

12.08.2010:

NVE har nekta konsesjon til bygging av eit småkraftverk i Engjadalselvi i Gaupne i Luster, men gjeve løyve til bygging av eit liknande småkraftverk i Kvernelvi, også i Gaupne. Dette vil vi i Naturvernforbundet meine er ei svært fornuftig avgjerd, og eit døme på at NVE no er inne på eit riktig spor.

Avisinnlegg: Fylkesrådmann på autopilot

Avisinnlegg: Fylkesrådmann på autopilot

25.05.2010:

Fylkesrådmannen utarbeider framlegg til fråsegner frå fylkeskommunen når det gjeld m.a. kraftutbyggingar. Desse framlegga, så langt eg har lese dei, ser ut til alle å vere skrivne etter ein bestemt mal eller ei standardoppskrift som i liten grad tek omsyn til dei "individuelle" skilnader mellom desse desse prosjekta og skadeverknader på naturtilhøva.

Sandalsfossen i Gloppen berga

20.11.2009:

Det er med stor glede at vi mottok meldinga frå NVE om at vassutbygginga som var omsøkt ved Sandalsfossen i Gloppen vart avslått den 12 november. Konklusjonen til NVE er at fordelane og nytten av tiltaket ikkje overstig skadar og ulemper for allmenne og private interesser som blir råka, seier Hans Christian Hansen, leiar i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane.

Viser fra 17 til 20 av totalt 25 artikler