Du er her:

Erdalselvi

Erdalselvi.

Naturvernforbundet vil ta vare på fossane og vassdraga våre

Sogn og Fjordane er eit fylke med mange vakre fossar og vasdrag. No ser vi likevel at dei er truga av ei stor kraftutbygging, då særleg bygging av mange såkalla småkraftverk. Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane er sjølvsagt ikkje motstandar av bygging av alle slike kraftverk. Småkraftverka produserer fornybar energi som vi har bruk for, dei kan gje inntekter til lokalsamfunnet og dei treng ikkje gjere stor skade på landskap, biologisk mangfald, friluftslivet osv.

Det er likevel fare for at særleg den omfattande småkraftutbygginga, men også større kraftprosjekt, vil truge det som er igjen av urørt vassdragsnatur i fylket vårt.  Og vi må vere klar  over at det byrjar å minke med slik meir eller mindre urørt natur, særleg då i visse område og kommunar.

Naturvernforbundet krev ei betre planlegging av kraftutbygginga i fylket og også ein strengare praksis når det gjeld løyve til slike kraftverk. Ein må i mykje større grad ta omsyn til landskapet, dyre- og plantelivet, friluftsliv, urørte område osv. Det vert også stadig færre urørte fossar og vassdrag igjen i det vi kjenner som ”fossefylket” Sogn og Fjordane , og det er difor på høg tid at vi tek vare på det som er igjen av dei urørte fossane, elvane og vassdraga. Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane ser dette som ei av sine viktigaste arbeidsoppgåver!

 

Nyhende og informasjon om vasskraft:

Artikkelen ble sist oppdatert: 22.11.2010

Nyheter

Statkraft trugar naturen i Jostedalen

Statkraft trugar naturen i Jostedalen

02.11.2009:

Mykje vil ha meir, heiter det, og no vil statsselskapet ta også det som er igjen av meir eller mindre urørte elvar i Jostedalen. Ein kan jo gjere seg mange tankar i den samanhengen, men meir enn merkeleg er det at staten skal gå i brodden for å bygge ned det som er igjen av vassdragsnatur i landet, skriv Jon Farestveit i debattinnlegget sitt.

Fråsegn til søknaden om å byggje Sandalsfossen kraftverk i Gloppen

18.10.2008:

Sandalsfossen er ein høg og vassrik foss med kraftig fosserøyk og ei stor fosseeng ved foten. Elva ein del av det store og inngrepsfritt område med Svartebotnen, Myklebustbreen og Jostedalsbreen nasjonalpark. Elva ovanfor renn gjennom eit særprega morenelandskap. Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane går derfor på det sterkaste i mot å gje konsesjon til Sandalsfossen kraftverk. Les heile høyringa.

Bør ikke gje løyve til bygging av Mork kraftverk

15.10.2008:

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane meinar det ikkje bør gjevast løyve til bygging av Mork kraftverk. Dersom eit løyve likevel blir gjeve, må i alle fall planen om å ta sideelva Kolda inn i inntaket fråfallast. Denne elva er godt synleg i landskapet og dermed positiv for landskapsopplevinga, og ein røyrleidning og anleggsveg vil vere framandelement i dette landskapet. Kolda vil også og ikkje minst vere viktig for å auke restvassføringa i elva etter ei utbygging. Les heile høyringa.

Viser fra 21 til 24 av totalt 25 artikler