Du er her:

Erdalselvi

Erdalselvi.

Naturvernforbundet vil ta vare på fossane og vassdraga våre

Sogn og Fjordane er eit fylke med mange vakre fossar og vasdrag. No ser vi likevel at dei er truga av ei stor kraftutbygging, då særleg bygging av mange såkalla småkraftverk. Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane er sjølvsagt ikkje motstandar av bygging av alle slike kraftverk. Småkraftverka produserer fornybar energi som vi har bruk for, dei kan gje inntekter til lokalsamfunnet og dei treng ikkje gjere stor skade på landskap, biologisk mangfald, friluftslivet osv.

Det er likevel fare for at særleg den omfattande småkraftutbygginga, men også større kraftprosjekt, vil truge det som er igjen av urørt vassdragsnatur i fylket vårt.  Og vi må vere klar  over at det byrjar å minke med slik meir eller mindre urørt natur, særleg då i visse område og kommunar.

Naturvernforbundet krev ei betre planlegging av kraftutbygginga i fylket og også ein strengare praksis når det gjeld løyve til slike kraftverk. Ein må i mykje større grad ta omsyn til landskapet, dyre- og plantelivet, friluftsliv, urørte område osv. Det vert også stadig færre urørte fossar og vassdrag igjen i det vi kjenner som ”fossefylket” Sogn og Fjordane , og det er difor på høg tid at vi tek vare på det som er igjen av dei urørte fossane, elvane og vassdraga. Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane ser dette som ei av sine viktigaste arbeidsoppgåver!

 

Nyhende og informasjon om vasskraft:

Artikkelen ble sist oppdatert: 22.11.2010

Nyheter

7 små kraftverk i Sogn

NVE har sendt ut ei såkalla "Sognepakke" med 7 konsesjonssøknader i kommunane Aurland, Vik, Balestrand og Høyanger. Her kjem vår fråsegn om to søknader i Aurland.

12 små kraftverk i Sunnfjord

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane går mot konsesjon til 10 av dei 12 søknadene om småkraftverk som har vore på høyring nyleg. I nokre tilfelle er det likevel slik at større vassføring enn det er søkt om, kan dempe ulempene. I to tilfelle har fylkeslaget ikkje innvendingar.

Viser fra 5 til 8 av totalt 25 artikler