Du er her:

Avisinnlegg: Fylkesrådmann på autopilot


Ill.foto: Aurstadfossen
Fylkesrådmannen utarbeider framlegg til fråsegner frå fylkeskommunen når det gjeld m.a. kraftutbyggingar. Desse framlegga, så langt eg har lese dei, ser ut til alle å vere skrivne etter ein bestemt mal eller ei standardoppskrift som i liten grad tek omsyn til dei "individuelle" skilnader mellom desse desse prosjekta og skadeverknader på naturtilhøva.

Dette avisinnlegget har vore på trykk i Sogn Avis og er skrevet av Jon Farestveit, Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane.

Fylkesrådmann på autopilot

Fylkesrådmannen utarbeider framlegg til fråsegner frå fylkeskommunen når det gjeld m.a. kraftutbyggingar. Så langt er alt greitt, men det er mindre greitt at desse framlegga, så langt eg har lese dei, ser ut til alle å vere skrivne etter ein bestemt mal eller ei standardoppskrift som i liten grad tek omsyn til dei ”individuelle” skilnader mellom desse desse prosjekta når det gjeld skadeverknader på naturtilhøva osv. Vi får såleis heile tida høyre den same ”plata” om at ” fordelene ved tiltaket vert vurderte til å vere større enn ulempene for allmenne og private interesser”. Aldri får vi høyre frå fylkesrådmannen at det motsette er tilfelle, og at ulempene kan vere så store at ei kraftutbygging må frårådast. Det kan vel og tenkjast å vere tilfelle om fylkesrådmannen hadde teke seg tid til å gå meir og grundigare inn i dei einskilde sakene.

Vi mistenker såleis fylkesrådmannen for å ta for lett på desse sakene og langt på veg berre kopiere tidlegare fråsegner han måtte ha i ”skrivebordskuffa”. Mistanken om ei lemfeldig gjennomlesing av sakspapira i i ei kraftutbyggingssak vart no nyleg forsterka i samband med den såkalla Stampaskredsikringa og i samband med det overføring av elvar i Flåm. Så vidt eg kan forstå har ikkje fylkesrådmannen sett spørsmål ved at ei freda elv, sideelva Gudmedøla i Flåmsdalen, etter planen skal overførast til Viddalsmagasinet utan at dette har noko å gjere med skredsikringa i Stampa, ser det ut til. Ein kommentar frå fylkesmannen hadde vel vore på sin plass her. Rådmannen ser også ut til å meine at kraftselskapet (ECO) sitt prosjekt gjeld skredsikring i Flåmsdalen. Dette kan ikkje vere rett då ei utgliding av steinmassar frå Stampaområdet ville hamne i Aurlandsfjorden og truleg lage ei flodbylgje der.

Alt dette tyder på ei overflatisk handsaming av kraftprosjekt frå fylkesrådmannen si side. Dette er alvorleg då ei tilråding frå fylkesrådmannen vil vere eit viktig grunnlag for dei vedtaka som fylkeskommunen skal gjere både i kraftutbyggingssaker og andre saker, og også i høg grad påverke det endelege resultatet av prosessen.

Jon Farestveit, Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane