Du er her:

Avisinnlegg: Inga tiltru til fylkeskommunen


Ill.foto: Dag Holtan
Fylkeskommunen skal frå nyttår overta ein del av dei oppgåvene som Fylkesmannen har hatt innan naturvern. Naturvernforbundet har vore skeptisk til denne endringa i forvaltninga og då av fleire grunnar. Naturvernforbundet frykter blant anna at dette berre ville føre til eit dobbeltbyråkrati utan eit betre naturvern.
Dette avisinnlegget har vore på trykk i Sogn Avis og er skrevet av Jon Farestveit, Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane.

Inga tiltru til fylkeskommunen

Fylkeskommunen skal frå nyttår overta ein del av dei oppgåvene som Fylkesmannen har hatt innan naturvernet i fylket. Naturvernforbundet har vore skeptisk til denne endringa i forvaltninga og då av fleire grunnar.

Vi har såleis ingen grunn til å tru at naturvernet vil tene på ei slik nyordning, og då byggjer vi som Einar Skram Husabø i Forum for natur og friluftsliv skriv i Sogn Avis, på heller dårlege røynsler med fylkeskommunen når det gjeld naturvernsaker. Vi kan også som Skram Husabø berre vise til små og store kraftutbyggingssaker, der den politiske leiinga i fylkeskommunen sjeldan eller aldri har vist mot eller vilje til å støtte naturverninteressene, men einsidig har vore på parti med næringsinteressene. Det same gjeld også på andre saksfelt som vern av strandsona, rovdyrforvaltninga, arealplanlegginga og jordvernet.

No er vi klar over at denne overføringa av forvaltningsoppgåver i alle fall førebels vart mindre enn det som opphaveleg var meininga. Vi kan ikke seie at vi i Naturvernforbundet græt på grunn av det då vi meiner at Fylkesmannen har eit heilskapssyn på naturvernet som vil tene naturverninteressene best. Det kan likevel hende at vi tek feil og at fylkeskommunen på dette området etter kvart vil vise seg fram frå ei forbetra side . Vi kan ialle fall som Skram Huasbø i FNF love at vi skal halde fylkeskommunen sin natur og miljøvernpolitikk under oppsikt og og utdele våre ”karakterar” etter kvart.

Ein annan grunn til at vi hare vore mot denne forvaltningendringa, er at vi frykta at dette berre ville føre til eit dobbeltbyråkrati utan eit betre naturvern. Då hadde det etter vår meining vore betre å styrke miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen og fått betre miljøvern utav det. I staden vil no midlane brukast til å byggje opp eit nytt byråkrati med ein sikkert godt betalt direktør osv. og med kanskje uklare ansvarstilhøve mellom Fylkesmann og fylkeskommunen. Det kanskje i den samanheng vere grunn til å spørje om denne overføringa av oppgåver også skal føre til at Fylkesmannen misser stillingsheimlar, noko som for så vidt bør vere ein naturleg konsekvens av denne unødvendige forvaltningsendringa.

Jon Farestveit, Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane