Du er her:

Avisinnlegg: Noreg - energinasjon også i framtida?


Ill.foto: Kåre Olerud
Som Erling Sande påpeikar i Fjordenes Tidende er Noregs rikdom er bygd opp på energi dei siste 100 åra, i hovudsak olje. Det fyrste kraftverket her i fylket kom rundt 1900, dette kraftverket var bygd for å skape arbeidsplassar i fylket, store arbeidsplassar vart skapte både i Årdal og Svelgen etter kvart som kraftutbygginga spreidde seg.
Dette avisinnlegget har vore på trykk i Fjordenes Tidende og er skrevet av Hans Chr. Hansen, Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane.

Noreg – energinasjon også i framtida? Svar til Erling Sande

Som Erling Sande påpeikar er Noregs rikdom er bygd opp på energi dei siste 100 åra, i hovudsak olje. Det fyrste kraftverket her i fylket kom rundt 1900, dette kraftverket var bygd for å skape arbeidsplassar i fylket, store arbeidsplassar vart skapte både i Årdal og Svelgen etter kvart som kraftutbygginga spreidde seg.

Den elektriske krafta som no vert produsert vert brukt til å sikre norske hushaldningar sitt forbruk, og til eksport til dei andre skandinaviske landa gjennom den felles kraftportalen. No vil Sande byggje ut meir slik kraft for å auke norsk forbruk, og eksportere meir.

Den same tankegangen om at meir utbygging er løysinga på alle problem, har vore drivkrafta i kraft- Noreg i over 50 år. Det er vel snart på tide å tenkje i nye retningar. Norsk industri er i nedgang, som over alt i rike land, og kan ikkje gjere seg nytte av meir kraft, det er vel viktigare å sikre arbeidsplassane enn å bygge ut kraft som dei kanskje ikkje får nytta seg av.

Sande har i lengre tid snakka varmt om vindkraft, både til lands og til havs. Han har aldri sagt med klare ord kven som skal betale for dette. Vindkraft til lands er tre gongar så dyr som vasskraft, kva det kostar med havbasert vindkraft kan vi berre spekulere i. Det vi veit er at vindkraft er ei forferdelig dyr satsing enten den skjer på land eller til havs. Mest truleg vert det dei norske forbrukarane som skal belastast med høgare straumprisar og auka nettleige, alt tyder i alle fall på det. Avtroppande venstreleiar Lars Sponheim sa på eit møte i Bergen i fjor haust at straumprisar frå 1.50 pr kW og oppover er realistisk og forventa.

Sande fortel at Enova har rekna ut at vi har eit svimlande høgt utbyggingspotensiale på havbasert vindkraft, 14000 TWh. Dette er eit teoretisk tal som i praksis er mykje lågare, om ikkje Sande vil fjerne skipsfarten og fiskeria. Og kven skal betale kostnadene når det vil koste 5 milliardar i fyrstegongsinvestering for 1 TWh?

Korleis denne krafta skal komme seg frå produksjonsstaden og til forbrukar, vert heller ikkje sagt med mange ord frå Sande si side. På synfaringa Fardal-Ørskog i haust sa OED og Statnett sine representantar at ei slik linje ikkje var nok dersom dei noverande omsøkte vindkraftverka skulle realiserast, vi må i alle fall ha to. Dersom det skal byggjast ut endå meir vindkraft enn det som allereie er omsøkt, må det vel endå fleire slike monsterlinjer til, korleis energi- og miljøkomiteen vil handtere dette skal bli spennande å sjå.

At leiaren i den same komiteen no meinar at det er avgjerande at det vert teke omsyn til fiskeriinteressene er bra. Det er trass alt skapt fleire arbeidsplassar av fiskerinæringa i Sogn og Fjordane enn av kraftindustrien i Noreg totalt. Men korleis vindkraft til havs og fiskeri kan sameinast på til dømes Stadhavet skal bli spennande å sjå.

Det hadde og vore interessant å høyre kva Sande meiner om kva som er akseptable inngrep i naturen, norsk kystnatur er hardt pressa, og områda i Sogn og Fjordane er ikkje noko unntak der. Heldigvis held fylkeskommunen på å utarbeide ein fylkesdelplan som viser dei områda frå Gulen til Stadlandet som er verdt å ta vare på. Dersom vindkraft vert bygd ut i desse områda vil store naturverdiar gå tapt.

Ein ting er å ha store visjonar om kva vi må gjere for å få det betre, ein annan ting er å vere realist. Realismen er sett tilsides av kraftindustriens forsøk på meir utbygging og høgare inntening. At norsk natur skal måtte vike for ei industriell utbygging med dårleg økonomi er mest truleg ikkje det vi kan seie er ein fornuftig tankegang. At Noreg skal kunne fortsette å vere ein energinasjon er ein visjon som krev store offer av norsk natur. Men vi må huske på at Noreg allereie er best på fornyeleg elektrisitet i Europa, og at også Noreg må finne seg i at energiutvinninga har sine grenser, om vi skal halde det gåande i lengda.

Realisme er å ta vare på det vi har, energisparing, oppgradering av eksisterande kraftverk og restriksjonar på eksport. Når alt dette er fullført kan vi heller vurdere om andre tiltak er nødvendige. Også Sande vil ta vare på naturverdiar, seier han. Meir forsking og tiltak trengst først og fremst for å finne fram til meir effektiv utnytting av den straumen vi alt har. Slike tiltak gjev også meir arbeid i distrikta enn å byggje nye kraftverk.

Hans Christian Hansen, Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane