Du er her:

Nyhende

Alle vert invitert til Vevring 1. juni

Velkomen til vårt store arrangement: 1.juni i Vevring kl 12.00: "Framtid for Fjorden?"

Alle vert invitert til; Sjømat, seminar og Førdefjord-debatt. Det vert hovedappell ved Johs B Thue, og kunstnerisk medverknad ved Magne Furuholmen, Thea Hjelmeland, Oddvar Torsheim, Fridtjov Urdal, Børge Bjartmann Bjerck Jens Toyberg ( svensk lydkunstnar) med fleire. Vi ynskjer å sikre oss at partikandidatane er kjende med dei store miljøkonsekvensar og samfunnskostnadane ved evt mineralutvinning i ope dagbrot og utslepp av gruveavfall til Førdefjorden. Vi ynskjer ikkje minst også at folk flest skal la seg informere om saka, og får høyre partia sine haldningar før dei stemmer i september.

VerdskartSjødeponiMLaukeland

Fjordeponi er dumping av avfall, noe Norge kan bli åleine om

Berre 3 land utanom Norge tillet deponi av gruveavfall, Tyrkia, Indonesia og Papua Ny Guinea. Norge planlegg to nye, mens Papua Ny Guinea skal stenge eit av sine. Verdssamfunnet sitt organ, FN, kan snart komme til å forby slik dumping. Slik ser verdskartet over sjødeponiene ut i dag

Må interiøret målast kvit?

Det meste titandioksid vert til fargestoff

Heile 93% av titanet som utvinnast av mineraler som rutil eller ilmenitt vert til fargestoff eller fyllstoff. Det skal gjøre industriprodukt som måling, papir og plast kvitare. Det same gjeld for matvarer og medisin, som kan utgjøre ein fare for folkehelsa

Viser fra 41 til 44 av totalt 181 artikler