Du er her:

Klimaet og valgkampen

Skal Noreg svikte endå ein gong framfor dei livsviktige forhandlingane i København i desember, spør Jon Farestveit i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane i dette innlegget.
Av Jon Farestveit, Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane

Det er ikkje tvil om at klimaet er i endring og at temperaturen på jorda stig. Dei aller fleste klimaforskarar meiner no at dette hovudsakleg skuldast utslepp av C02 og andre drivhusgassar, og det vil nok også dei fleste politiske parti slutte seg til, då med unnatak av dei ”gjenstridige” i Frp og det vesle Kystpartiet. Konsekvensane kan som alle burde vite no, bli svært alvorlege med havstigning, forsuring av verdshava, turke og ørkenspreiing i varme område (vi er akkurat no vitne til det i land med ”middelhavsklima” som Hellas, Spania og California!) og motsett ekstremnedbør og meir uver i nedbørrike område som Noreg. Det er likevel alltid vanskeleg å seie noko sikkert om konsekvensane av ei slik slik snøgg endring i klimaet, og endringane vil sjølvsagt vere avhengige av kor mange grader temperaturen stig.
Her gjeld det om å vere føre var og ikkje ta nokon sjansar. Den såkalla Kyotoavtalen har forplikta Noreg til først å redusere CO2-utsleppa med 5% i høve til 1990 innan 2012 og vidare å redusere utsleppa kraftig innan 2050. Dersom då først og fremst dei industrialiserte landa er med på ein slik dugnad, er det håp om å halde temperaturauken under 2 grader, noko som vil vere handter leg. Eit nytt klimamøte no i desember i København vil då kunne bli livsviktig for å kunne nå desse måla.

Realitetane for Noreg sin del er likvel at no når det berre er 3 år igjen til 2012, har vi på ingen måte klart målet som vart sett i Kyoto. Utsleppa har tvertimot auka kraftig, og det gjeld også mange andre land. Men er så desse livsviktige spørsmåla og det som burde skje i København, eit viktig tema i valkampen framfor stortingsvalet?Det ser dessverre ikkje slik ut, og eg trur at det m.a. skuldast at radikale tiltak mot klimaendringane vil krevje mykje av oss, både som nasjon og privat og ikkje minst som forbrukarar.Det vil nok ikke berre vere like populært for ein politikar å gå ut i valkampen og be oss stramme inn livreima og slutte å fly til Kanariøyane 4 gonger i året. Då er det lettare å love gull og grøne skogar og ”brød og sirkus” dersom partiet mitt får stemma di.

Noreg og norske politikarar har svikta lovnadene frå Kyoto. Det ser heller ikkje ut til at ein i denne valkampen vil diskutere kva som bør gjerast for å stoppe dei klimaendringane som trugar heile vår eksistens , særleg då for framtidige generasjonar, dersom dei får halde fram. Og skal Noreg svikte endå ein gong framfor dei livsviktige forhandlingane i København i desember?