Du er her:

Trekning i Kystlotteriet

Kultursjef Trond Ueland lovar fylkessekretær Marit Bendz å ikkje kikke når han trekker dei første premiane i Sogn og Fjordane.

Trekning av vinnarane

Kystlotteriet

Vi har trekt dei første vinnarane i Kystlotteriet i Sogn og Fjordane. Ein av dei heldige vinnarane er Sunnfjord Folkehøgskule, som rydda plast og vann til saman 4 000 kroner. Skulen er knytt til Kamam Folk High School på Sri Lanka, som vart opna i 2014, og pengane vil gå til dette bistandsprosjektet. (Sjå foto nederst)

Store premiar
Kystlotteriet starta etter initiativ frå Naturvernforbundet i Østfold, og du kan lese meir om det HER (www.kystlotteriet.no) Det vert trekt både lokale, regionale og nasjonale premiar. 125 lodd frå Sogn og Fjordane er no sendt til Østfold for å vere med i den store hausttrekkinga.

Treng premiar
Miljøverka i 23 av kommunane i Sogn og Fjordane er med, og vi vonar alle desse kommunane vil vere med på å støtte opp om prosjektet med pengepremiar. I tillegg treng vi premiar frå reiselivs- og opplevingsverksemder. Middagar, overnatting, konsertbillettar – alt som er kjekt og miljøvennleg! Ta kontakt med Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane dersom bedrifta di vil yte sin skjerv.

Rydding heile året
Plast i havet er eit av dei største miljøproblema våre, og alle kan gjere litt. Du finn sekkar og lodd i alle kommunar, ta kontakt med ditt lokale miljøverk. Hugs også å melde ryddeaksjonar inn for Hold Norge Rent HER ( https://holdnorgerent.no/)

Her er alle vinnarane 
5000 kroner x 2:
* 1 STB Flora vidaregåande skule
* Hyllestad skule, 4. og 1. klasse

3000 kroner:
* Sunnfjord Folkehøgskule, Førde

2000 kroner:
* Henjehaugane Barnehage, Leikanger

1000 kroner x 5:
* 3B ved Florø barneskole
* Sunnfjord Folkehøgskule
* 1 STB Flora vidaregåande skule
* Nøtteliten barnehage, Flora
* 3B ved Florø barneskole

I tillegg vart det trekt nokre lokale vinnarar.

Image
Kamam Folk High School opna i 2014, og er den første folkehøgskulen på Sri Lanka. Sunnfjord Folkehøgskule har støtta prosjektet i fleire år, no også med pengepremien frå Kystlotteriet.

Sjå Kystlotteriet trekking live 

Artikkelen ble sist oppdatert: 07.11.2017