Du er her:

  • Sogn og Fjordane
  • Nyhende
  • Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane og turlagene har ein klar melding til politikerane i Luster om den planlagde utbygging av Rydalsfossen.

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane og turlagene har ein klar melding til politikerane i Luster om den planlagde utbygging av Rydalsfossen.

Utbygginga av Rydalsfossen vil ha store negative konsekvensar, eller nær det, for både landskap, friluftsliv og biologisk mangfald.

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane Turlag

Luster turlag

FNF Forum for natur og friluftsliv

 

                                                                                             

 

                                                                                              Leikanger 12.06.2015

Politikarar i Luster kommune

 

 

Rydøla kraftverk, søknad om konsesjon for kraftutbygging

 

Samandrag - Konklusjon

Utbygginga vil ha store negative konsekvensar, eller nær det, for både landskap, friluftsliv og biologisk mangfald.  Sjeldan er det i slike saker grunn til å vente så store negative konsekvensar for så store verdiar.  Litt meir straum og annan samfunnsnytte av små dimensjonar kan ikkje forsvare inngrepet.  Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Turlag og Luster Turlag  går sterkt i mot å gje konsesjon til Rydøla kraftverk. Vi håpar at representantane i Luster kommunestyre tek seg tida og les grunngjevingane!

 

Kort om planen

Søknaden går ut på å føre over Viergrova gjennom eit 240 meter langt røyr til Rydøla, og så utnytte fallet frå kote 575 moh til kote 35 moh.  Ryfossen og den delen av elva som er synleg frå dalen får mykje mindre vassføring enn den naturlege.  Utbygginga skal gje 14,9 GWh kraft til ein utbyggingspris på kr. 3,85.

Søknaden fortel at middelvassføringa ved inntaket er 680 l/s, og vanleg lågvassføring 260 l/s.  Dei vil sende ei minstevassføring om sommaren (1.6.-31.8.) på 400 l/s.  Til samanlikning er middelvassføringa i mai, juni og juli det aller meste av tida større enn 1000 l/s, og over 2000 l/s i juni.  Dette går fram av diagram side 13 i søknaden. 

 

Ryfossen i landskapet – og konsekvensane

Luster er sterkt prega av tidlegare kraftutbygging.  Dei største inngrepa er i Jostedøla, Fortundalselvi og Granfasta. 

 

Den utbygginga i Jostedalen som fekk konsesjon i 1984, samlar opp vatnet på austsida av dalen frå Kupevatnet til Vigdalen.  Alle sideelvane går inn i takrenna.  Styggevatnet har ei reguleringshøgde på 90 meter, og den samla reguleringskapasiteten er meir enn 120 prosent av tilsiget.  Tidlegare, i 1978, kom Leirdøla kraftverk i drift, med vatn frå eit magasin som dekkjer heile den tidlegare breelvsletta framanfor Tunsbergdalsbreen, eit område som truleg hadde liknande naturkvalitetar som dei seinare freda Fåbergstølsgrandane.  Fortun-Granfasta samlar opp elvane frå Ringsdalen sør for Turtagrø til Gravdalen og Nørdstedalen nord i Fortunsdalen.  I tillegg kjem ei rekkje småkraftverk av nyare dato. 

Landskapet i indre Sogn er karakterisert som det ypparste i landet.  I denne vurderinga er fossane er eit viktig element, heilt sentralt.  Det indre  av Sogn og Nordfjord har i global samanheng ein kanskje eineståande kombinasjon av høge fall og store nedbørsmengder.  Slike fossar som det her er snakk om, er i realiteten norsk ansvarsnatur

Landskapsverdi er uttrykk for ei menneskeleg oppfatning.  For dei som opplever det indre av Luster er det mange vitnemål på at dei store og mektige fossane er høgdepunkt.  Dette gjeld ikkje berre tilreisande.  Også mange av dei som bur i dette landskapet, set pris på det store i fossane som har sin skiftande rytme gjennom året!

Kursen på uforstyrra landskap ser ut til å auke.  Meir og meir vert det tydeleg at landskap som er ekte og upåverka, er eit viktig grunnlag for dei naturopplevingane folk søkjer.  Det er i det uforstyrra vi finn det sublime, det storarta.  Dette er òg ein viktig del av naturvernet, å ta vare på det som er ekte og verkar til å heve kvaliteten i livet. 

KU-forfattarane har redusert verdien av landskapet noko på grunn av den skogsvegen som er godkjend i det slakare landskapet over fossen.  Denne vegen har fleire negative konsekvensar.  Men han er ikkje synleg frå dalen, og han reduserer ikkje opplevinga av fossen i det rommet dei fleste ser han.  Etter vår oppfatning skal dette landskapet ha karakteristikken stor verdi.  Det må telje til styrke for denne oppfatninga at Ryfossen er den einaste som er igjen i Jostedalen med naturleg vassfylde.

Den kraftige reduksjonen av vassføringa tek ikkje berre det meste av fallenergien, men òg uttrykksenergien i fossen.  Vi er sterkt usamde i at fossen med 400 l/s ”fremdeles [vil] ha en god inntrykkstyrke i perioden 1. juni til 31. august”.  Det er berre i svært korte periodar at det vil renne så mykje vatn over demninga at fossen kan minne om natur som det ikkje er lagt ein dempar på.  Det er berre i få andre tilfelle at dei negative konsekvensane på grunn av redusert vassføring kan vere større enn her.  Vi meiner den rette vurderinga er store negative konsekvensar for landskapet.

 

 

Biologisk mangfald

Over 500-600 meters høgde er berggrunnen kalkrik av fyllitt med innslag av marmor.  Miljørapporten gjer greie for fleire store rikmyrar sør for Rydalen.  Nede mot dalbotnen ligg fleire artsrike og delvis varmekjære skogsfelt.  Her er ein konsentrasjon av rike vegetasjonstypar som kunne tilseie vern av eit større område.  I denne samanhengen er hovudpoenget at under Ryfossen, på begge sidene av elva, er vegetasjonen ein gråor-heggeskog nede ved hovudelva og eit større felt med rik edellauvskog lenger oppe.  Begge har fått verdien B – viktig.  Ved foten av fossen er det registrert ei fossesprutsone som ikkje er godt utvikla, men av lokal verdi – C.

            Gråor-heggeskogen er ein høgstaudetype som i distriktet er sjeldan, artsrik og høgproduktiv.  Edellauvskogen har litt vekslande flora, men er alt i alt artsrik på grunn av varierande tilstand i jorda.  Vår oppfatning er at når vassførings i elva vert sterkt nedsett, vil det etter alt å dømme påverke vassinnhaldet i jorda og i lufta, i alle fall for delar av skogen langs elva.  Dette vil i så fall endre artssamansetninga i eit område som er rikt og slett ikkje vanleg.  Ei slik endring vil ikkje vere i samsvar med forvaltningsmålet for artar og naturtypar i naturmangfaldlova.

            Til opplysningane om raudlista fuglar har vi det å seie:  Om det nå er usikkert om ein art hekkar i området, er det ingen grunn til å sjå vekk frå at arten seinare kan komme til å gjere det.  Naturen er vekslande gjennom tida.  Det synest opplagt at influensområdet er eit potensiale for hekking av til dømes kongeørn og vandrefalk, som er nemnde i rapporten. 

            I rapporten har forfattarane sett fram denne påstanden:  ”Influensområdet er ikke vernet eller foreslått vernet, noe som tilsier liten verdi.”  Dette må vere ei feilslutning.  Det går fram av rapporten at forfattarane har oppdaga kvalitetar som ikkje var kjende tidlegare.  Mange lokalitetar som er kvalifiserte til vern etter lova, kjem likevel ikkje fram til vedtak om slik bandlegging.  Årsakene til det er fleire.  Verdsettinga i eit tilfelle som dette må byggje på kvalitetane av det som faktisk er kjent.  Restriksjonane mot inngrep er formelt større i eit område ved vernestatus, men dersom dei negative konsekvensane er store, skal også natur utanfor vernegrensene ha det forsvaret som naturmangfaldlova tilseier.

            Vi meiner, ut frå dei opplysningane som ligg føre, at influensområdet er av stor verdi, eller svært nær det.  Vi meiner òg at inngrepet vil ha middels til store negative konsekvensar.  Det er ikkje vanleg, heller ikkje i indre Sogn, å finne eit så stort innslag av rike og ulike naturtypar.  Biomangfaldet er stort, og vi bør handtere det som ein økologisk heilskap

Friluftsliv

Området frå Brunen under vestsida av Vorfjellet er eit viktig og mykje brukt turområde, både lokalt i Gaupne og for folk frå heile kommunen. Spesielt etter at fleire stiar inn og rundt i området vert merkte har bruken av området auka mykje. Kvalitetane her er store og varierte, området er rikt på kulturminner med velhaldne ulike stølar, murar, stølsvegar og stiar. Naturen er rik og variert,  dyrespor og mykje storfugl i øvre skogsområde tilseier det same. Her er eit lunare og vidare preg enn det ein ofte finn elles i indre Sogn. Tilgjenge er godt og brukargruppene difor mangfaldige.

Ein større opparbeida veg inn i området bryter med det harmoniske landskapinntrykket og opplevast difor negativt av svært mange brukarar i området. Ein forlenging og utviding av vegen inn i fjellområdet heilt til Rydalen meiner vi er sterkt uheldig og vil redusere kvaliteten området har for friluftsliv monaleg!

Rydalsfossen er eit høgdepunkt for folk innover vegen i Jostedalen, og ikkje mindre for tilreisande! Kvar dag stoggar fleire turistbussar og andre for å beundre fossen! Og for lokale er den eit landemerke til dagen.

Fosseklatring vart tema på folkemøtet i Skjolden, der utbyggar virka svært imøtekommande i høve å sikra gode tilhøve for dette. Fossen er ein populær og mykje nytta foss for klatring. Velviljen frå utbyggar under folkemøtet harmonerer dårleg med opplysningar i KU om at istilhøva kan verte betre, «men det kan vera fare for at klatrarar kan bli «vaska» bort ved eit eventuelt stogg i stasjonen . Dette kan føre til at klatring medan kraftverket er i drift truleg ikkje kan tillatast.» Ein av dei betre  lokalitetane for fosseklatring vil gå tapt ved ein utbygging.

 

Konsekvensen er sett til middels negativ i KU, der betra adkomst til Rydalsstølen vert sett på som ein positiv konsekvens. Vår merknad; denne er avgrensa til grunneigarinteresser og nokre få. Konsekvensen for allmenne friluftsinteresser av eit veginngrep i området er mest middels negativ. For klatrarar, turgåarar og turistar under fossen vert konsekvensen difor middels til stor negativ.

Midlertidige stans av kraftverket kan avbøte for tap av isklatring. Viser til KU og dokumentasjon om dagleg klatring i fossen når istilhøva tilseier det.

 

 

Konklusjon

Utbygginga vil ha store negative konsekvensar, eller nær det, for både landskap, friluftsliv og biologisk mangfald.  Sjeldan er det i slike saker grunn til å vente så store negative konsekvensar for så store verdiar.  Litt meir straum og annan samfunnsnytte av små dimensjonar kan ikkje forsvare inngrepet.  Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Turlag og Luster Turlag  går sterkt i mot å gje konsesjon til Rydøla kraftverk.

 

 

Med helsing

Erik Solheim

Naturvernforbundet, rådgjevar

 

Ron Overdevest

Sogn og Fjordane Turlag, leiar Naturvernutvalet

 

Ingeborg Flaten

Luster Turlag, leiar

 

Elisabeth Dahle

Forum for natur og friluftsliv, koordinator

 

 

 

 

Artikkelen ble sist oppdatert: 29.06.2015