Du er her:

Jon Anders Stavang

Jon Anders Stavang.

Jon Anders Stavang, Florø, styremedlem i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane

På ville vegar

Dersom du ikkje har fått med deg at det står dårleg til på kloden vår, lever du i ein draum. I ein nyleg publisert vitskapleg artikkel har 16 000 forskarar skrive under på konklusjonen om at vi er inne i ei skjebnetid, og at det trengst ei vesentleg omlegging av vår sivilisasjon før problema eskalerer ut av kontroll. Verken meir eller mindre, og jobben må starte i dag, ikkje om nokre år.

Utan å rangere nemner eg dei fire viktigaste problema, som alle er tett knytt til kvarandre: Folketalsvekst: Vi har passert 7 milliardar menneske på jorda og vil vere ein stad mellom 9 og 13 milliardar om få tiår, ifølge FN. Desse må ha mat, og det vil gjere enorme innhogg i avgrensa ressursar på ein liten klode. Regnskogane er diverre meir truga enn nokon gong. Klimaendringar: Aukande CO2-nivå i atmosfæren bremsar varmestrålinga frå jorda, og temperaturen aukar raskt. Innlandsisen smeltar og havstigninga akselererer. Storbyar vil drukne. I fleire av dei mest folkerike områda på jorda vil det ikkje verte mogleg å bu grunna heite og tørke. Problema kan oppsummerast i tre ord. Kol. Olje. Gass. Nedbygging av natur: Industrilandbruk, byar, næringsareal og infrastruktur øydelegg naturlandskap og skapar dødssoner for levande skapningar. Halvparten av dyrelivet på kloden har forsvunne på berre 40 år. I Tyskland har ein funne at meir enn 75 % av insekta har forsvunne på 27 år, og næringskjeder er i ferd med å kollapse. Klimaendringane vil forsterke presset på dyrelivet. Og til slutt, overforbruk: Den rike delen av verda brukar ressursar som krev 3-6 jordklodar for å vere berekraftig, om alle skulle leve som vi. Men vi har berre ein klode. Resten av verdas befolkning bankar på og vil no vere med på fråtsinga.

Og nye problem er på veg; plastikken vil kvele havet. Aukande CO2-nivå i atmosfæren bidreg til danning av karbonsyre i havet og havforsuring som igjen trugar alle dyr med kalkskjelett, som reker, krill og skjel. I tillegg vert stadig nye kjemikalie pumpa ut i livsmiljøa våre, utan at vi aner dei økologiske konsekvensane for oss sjølve eller dyrelivet. Dette er den globale situasjonen vi står oppe i, dokumentert av seriøse forskingsmiljø over heile verda, og erkjent av FN som ein eksistensiell trugsel mot menneskeheita. 

Naturrørsla og miljøbevisste politikarar tykkjer dette er viktigare enn reality-TV, forbruksvekst og velferd. Aktivistar vert dei gjerne kalla, dei som vil berge planeten og få politikarar til å ta ansvar. Men i denne samanhengen er det fornektinga eller bagatellisering blant mange leiande politikarar og deler av næringslivet, som bør kallast aktivisme, og som utgjer den reelle fare. Diverre ser det ut til å vere ei likesæla til det som skjer i ein for stor del av befolkninga. Resultatet er diverre at ting tek for lang tid. Alarmen går, men ingen reagerer.

Tidlegare statsminister frå Arbeiderpartiet, landsmoder Gro Harlem Brundtland var velformulert i FN sin miljørapport frå 1987: "Vi må tenke globalt og handle lokalt for å løyse miljøproblema". Det betyr i klartekst at vi alle har eit ansvar for å ta vare på både nærmiljøet vårt og kloden vår. Og Noreg som enno har mange intakte økosystem, har eit særskilt stort ansvar. 

Derfor blir det problematisk å ture fram, slik som tidlegare Ap-statsråd Reidar Sandal, no profesjonell lobbyist, og dei to arbeidarpartiordførarane i Vågsøy og Flora. Med aggressiv lobbyverksemd har dei freista å sikre røyster for ein kystveg som vil legge beslag på alle fylkeskommunale vegkroner i Sogn og Fjordane dei neste 30 år. Argumentasjonen er overraskande ærleg; vegens viktigaste funksjon er som ny pendlarveg mellom Måløy og Florø. Det regionale perspektivet og nytten for andre er ikkje vektlagt. Ein motorveg frå Måløy er viktig for å auke flytrafikken ved Florø lufthamn, vert det understreka. Ved å lage ein ekstra dyr veg med mange bruer lenger vest for det anbefalte Grov-alternativet og nabokommunane, og ut på Terøyane og Grønenga, vert det også lova at øysprengingane og asfalteringa av den sårbare og bynære skjergarden kring Florø skal halde fram. Då kan ein klargjere nær ein kvadratkilometer nytt næringsareal med fylkeskommunale pengar.

Om ikkje lokale verksemder maktar å vekse gjennom himmelen og nytte desse enorme næringsareala, kan ein lokke meir utanlandsk kapital inn på dei sprengde øyane, håpar ein kanskje. Det er dette som no skjer med utanlandsk overtaking av småkraftindustrien, Guleslettene vindindustri, dei store steinbrota langs fjordane, og lokale gründerar sine gigantiske oppdrettsprosjekt. 

Og målet? Då vil Florø raskt "vekse til den storbyen Sogn og Fjordane fortener" - som den førre Flora-ordføraren proklamerte i Firdaposten for eit par år sidan. 

Saka er at dette er anti-politikk. Det bryt fullstendig med behovet for å løyse dei nemnde globale problema vi menneske står ovanfor. Nye store vegprosjekt for å auke folketalet, privatbilismen og flytrafikken, og nye store nedbyggingar av natur for å erstatte dyreliv med næringsliv, er ikkje å ta vare på kloden eller framtida til ungane våre.

Trumpismen, og mange døme frå norsk rikspolitikk, viser at rikspolitikarar famlar like mykje som lokalpolitikarar i denne kritiske fasen. Men alle må no med og bidra til å forme ny politikk, og næringslivet må fokusere på dei rette tinga - berekraftige næringar for framtida. Å legge til rette for både sykkel og bil på same tid, slik Florø og Førde no gjer, fører ingen veg med omsyn til betre miljø.

Aldri har så mykje stått på spel. I så måte er det å bygge kystveg til titals milliardar av kroner ein del av problemet, ikkje løysinga. Skal den nye Kinn kommune verte berekraftig er første steg å nytte Noregs viktigaste veg, sjøvegen, og med hydrogen som energikjelde. Og framleis vil utfordringane vere enorme.

Er det verkeleg slik at floraværingen ikkje klarar å sette pris på den fantastiske naturen vi har her på kysten? Lengtar floraværingen heile tida etter det han ikkje har - storbyen? Der finst ei trøyst - Bergen er berre ein komfortabel båttur vekke. Og snart med framdrift basert på hydrogen. Vi har alle ansvar for å ta til oss kunnskapen om kva levesettet vårt gjer med kloden. Ny politikk må bygge på kunnskap, ikkje gårsdagens vekstideologi. Tida for framsynt realpolitikk er komen.

Kjelder:

World scientists' warning to humanity: A second notice. BioScience, nov 2017

Germany’s insects are disappearing. Science, okt 2017

Artikkelen ble sist oppdatert: 27.11.2017