Du er her:


Plast på godt og vondt - ei utstilling i samarbeid med Kystmuseet i Sogn og Fjordane

Plasten sin veg frå vidunderprodukt til global problem kan du oppleve på Kystmuseet frå 20.februar

20 februar er det duket for opning av plastutstillinga som i 2017 blei utvikla av Naturvernforbundet Hordaland. Utstillinga hadde stor suksee på Herdla Museeum utanfor Bergen og no har vi vore heldige å fått overta ansvaret i to år saman med Kystmuseet Sogn og Fjordane.

Utstillinga som har fått namnet "Plast på godt og vondt"  set fokus på korleis produktet gjekk frå å vere eit heilt formidabelt produkt til å bli eit av kloden sitt mest alvorlige og stadig vaksane miljøproblem. Vi vil belyse korleis og kvifor vi som samfunn gjekk frå å bruke naturfiber til plastfiber, og korleis det endra gjenbruk-og reprasjonskulturen.  Utstillinga vil vidare gi ein god innsikt i korleis plast og anna marin forsøpling påverkar ulike økosystem, organismer og mennskje, samt sjå på løysningar og tiltak som er viktige i kampen mot plastforureining. 

Utstillinga blir også ein ny og viktig plattform for kunnskapsutveklsing for barn og vaksne i regionen, der vi vil arrangere events og workshop til alle aldersgruppe. 

Vel møt på Kystmuseet i Florø!

 

 

Artikkelen ble sist oppdatert: 14.02.2022