Du er her:

  • Sogn og Fjordane
  • Nyhende
  • Regjeringa nektar innsyn i prossessen ved handsaming av vår klage til Kongen i Statsråd.

Regjeringa nektar innsyn i prossessen ved handsaming av vår klage til Kongen i Statsråd.

Regjeringa ved Klima og Miljødepartementet nektar no innsyn i den vurderinga dei har bede Miljødirektoratet gjere i handsaminga av felles klage med tilleggsskriv frå Naturvernforbundet, Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe og Natur og Ungdom, stila til Kongen i Statsråd, på vedtaket av 17. april 2015 om utslepp av gruveavfall i Førdefjorden.

Klagen omhandlar m.a. at saka ikkje er vurdert opp mot paragraf 112 i Grunnlova. I eit tilleggsskriv grunngjev vi ytterlegare kvifor vi meinar vedtaket er gjort på sviktande grunnlag, som at det ikkje er dokumentert av klima- og miljøminister Sundtoft korleis "samfunnsnytten er større enn  miljøulempene" , ved eit i den grad stort miljøinngrep som faginstansar har frårådd, som næringar som produserer for 17 mrd i området frårår av omsyn til sine interesser - og der utvinningsprosessen ikkje er klarlagt, der eit av utvinningskjemikalia ikkje er godtkjentfor utsleppt, der det ikkje er utgreia konsekvensar av vatnuttaket eller kor store mengder ferskvatn skal hentast.
Utover dette er også økonomien i prosjektet usikker.


Fellesskriv av dei tre organisasjonane finn ein her:

Sjå avslag på innsyn under:

Motteke frå Postmottak@kld.dep.no
"Vi viser til ditt innsynskrav i dokument 2013/4417-151. Det gis ikke innsyn i dokumentet. Det er unntatt offentlighet, jf. offentleglova § 15 første ledd første punktum. Dokumentet det er bedt om innsyn i inngår i det samlede beslutningsgrunnlaget for den interne forberedelsen av en kongelig resolusjon. Dette ligger i kjernen av det unntaksbestemmelsen i § 15 første ledd er ment å beskytte. Hensynet til den interne saksbehandlingen er i dette tilfellet funnet å veie tyngre enn hensynet til offentlig innsyn. Det gis derfor ikke merinnsyn, jf. offentleglova § 11 i dokumentet eller deler av dette. Innsyn er også vurdert etter miljøinformasjonsloven, men kan heller ikke gis etter denne loven.

Oppføljingsskrivet finn ein her:

Artikkelen ble sist oppdatert: 26.10.2015