Du er her:

Vårryddedagane i Sogn og Fjordane

Vårryddedagen er ein nasjonal ryddekampanje som bidreg til å fjerne store mengder søppel i naturen, før ferdselforbundet  i fuglereservat tredde i kraft 15 april. Saman med Fjordane Friluftsråd ynskte vi å skape merksemd rundt denne ryddekampanjen og oppfordra til rydding langs elvar, innsjøar, strender, holmar, øyer, stiar og i byrommet.

Og det blei rydda!

Skular, organisasjonar, og privat personar heiv seg rundt både før og etter sjølve vårryddedagen 19 mars. I samarbeid med Kystlotteriet organiserte vi ein regional trekning med tre heldige vinnarar. Totalt vart det registrert 363 sekkar i Sogn og Fjordane på ein månad, både vi og Kystlotterier er svært nøgd med resultatet!

Image Image Image

I tillegg  til den regionale trekninga, arrangerte vi trekning av skuleklasse som deltok på vårryddedagane. Her fekk 5 trinn, klasse eller skular høve til å vinne 1000 kr til skulekassa. Vi engasjerte 30 klasser, nærmare 900 elevar var med å rydda under vårryddedagane! Der er ikkje verst, vi er veldig stolte og glade for at vi har slike flotte elevar i vår region som tek i eit tak for naturen.

Tilbakemeldinga frå skulane tyde på at elevane syns det er kjekt å gjere noko praktisk i kvardagen, vere ute og bidra til at særleg fuglane får ein fin hekketid. Dei fleste kombinerte rydding med grilling, noko som sjeldan slår feil!

Vi takkar alle som var med å rydda under vårryddedagane og vonar at engasjementet for å rydde vare ved utover sommaren og hausten.

 

Image 

Artikkelen ble sist oppdatert: 19.05.2022