Du er her:

Alle vert invitert til Vevring 1. juni

Velkomen til vårt store arrangement: 1.juni i Vevring kl 12.00: "Framtid for Fjorden?"

Alle vert invitert til; Sjømat, seminar og Førdefjord-debatt. Det vert hovedappell ved Johs B Thue, og kunstnerisk medverknad ved Magne Furuholmen, Thea Hjelmeland, Oddvar Torsheim, Fridtjov Urdal, Børge Bjartmann Bjerck Jens Toyberg ( svensk lydkunstnar) med fleire. Vi ynskjer å sikre oss at partikandidatane er kjende med dei store miljøkonsekvensar og samfunnskostnadane ved evt mineralutvinning i ope dagbrot og utslepp av gruveavfall til Førdefjorden. Vi ynskjer ikkje minst også at folk flest skal la seg informere om saka, og får høyre partia sine haldningar før dei stemmer i september.

Vevring og Førdefjorden Mjøgruppe, Naturvernforbundet og Natur og Ungdom inviterer til vårt store arrangement i forkant av stortingsvalet.

Program: «Framtid for fjorden?»

Politikarane kjem sjøvegen til stor mottaking på kaia:

Kl 12.00 ”Fjordfiskarens festbord”. Smak sjømatrettar, ausa frå Førdefjorden.

Apellar: Johs B Thue, skribent, professor i historie. Natur og Ungdom Kultur: Magne Furuholmen; musikk til lydhornet Decibel. Thea Hjelmeland: ”My fjord” Oddvar Torsheim: ”La fjorden leve”-nett. Kunstutstillingar m.m.

Kl 13.00 Fagseminar: Miljø og samfunnsøkonomisk perspektiv på Engebøsaka og utslepp av gruveavfall i fjorden.

V/ Maren Esmark , generalsekretær i Naturvernforbundet

•            Gruvenæring – mineraleventyr eller naturrasering?

Bergindustrien si rolle i berekraftig framtid.

v/ Elisabeth Gammelsæter, generalsekretær i Norsk Bergindustri

•          Kva tåler ein fjord? Om økosystemet i Førdefjorden, inkl spekkhoggarane.

V/ Jan Helge Fosså, havforskar ved Havforskingsinstituttet

•          Viser Nordic Mining sitt rutilprosjekt samfunnsøkonomisk lønsemd?

V/ Finn Førsund, professor i samfunnsøkonomi UIO

•            Eksistens og sameksistens; Byggjer minerala samfunn?

V/ Kjerstin Uhre, arkitekt, PhD stipendiat avd for urbanismestudier, Arkitekthøyskolen Oslo

•                Norge, fremste sjømatnasjon i verda; kan gruveutslepp og fiskeri gå i lag?

V / Jan Henrik Sandberg, Norges Fiskarlag

 

Kl 16.00- 18.00 Førdefjorddebatten. Politikarpanel; Skal gruveindustrien få bruke fjordane som avfallsplass for gruveavfall?

Kl 19.00 Festkveld: Visjonar. Mat, drikke, dikt og musikk.

Artikkelen ble sist oppdatert: 28.05.2013