Du er her:

Erik Solheim

Erik Solheim.

Vi var med på eit varmt og sprakande bålmøte i Sogn i september

Noko skjer med folk når dei møtast ute, rundt eit bål. Folk lyttar meir til sine innbitne motstandarar.

Som ordførar Ivar Kvalen i Luster sa; Eg lyttar meir til nyanserte innspel om bruk av naturen enn kategoriske nei-innspel. Han og dei andre politikarane skal ha ros for at dei stilte opp for å diskutere korleis vi bør bruke naturen i Sogn og Fjordane. Temaet for bålmøtet var nettopp bruk eller forbruk av naturen vår.

Ordstyrar Hans Jakob Reite opna med å skildre korleis eld og rennande vatn er ur-element som gjer noko med oss..

Erik Solheim i Naturvernforbundet understreka at det er heilt andre ting enn mangel på tilrettelegging som gjer at folk ikkje kjem seg ut i naturen.

- Ungar lærer ikkje å bevege seg i skog og mark ved å gå på stein- og plankelagde stigar og vegar.

Stilla i naturen, eller fråveret av framande lyder og støy er eit gode vi må hegne om.

- Motorstøy frå snø- og vasskuter kan raskt ta frå oss umisselege verdiar om dei vert slept fri i naturen, sa Thorleif Jakobsen frå Naturvernforbundet. Det er trong for noko tilrettelegging mot stor slitasje og for kanalisering av ferdsel på dei mest besøkte stadene.

- Men vi treng og dei inngrepsfrie områda der vi sjølv tek ansvar for vegval og framdrift utan å late etter oss synlege spor, sa Jakobsen.

Ungdomane som deltok sakna ikkje gondolar og andre fysiske anlegg i naturen, men betre og helst fleire gang- og sykkelvegar i nærområda. Politikarane bør lytte til ungdommen, dei som skal overta landskapet. Filosofen Arne Næss har så rett når han seier at ein bør tenkje sju generasjonar fram i tid. Det kan gjerne gjere ein kvar litt audmjuk i høve inngrep i landskap og tradisjonar.

 

Bålmøtet var lagt til uteamfiet på Sogndal folkehøgskule, som ein del av Friluftslivets Veke. Møtet samla både ungdommar og vaksne, m.a. frå turlaga i fylket, Naturvernforbundet og lokale ordførarar. Forum for natur og friluftsliv (FNF) i Sogn og Fjordane var arrangør.

 

 

 Foto

Erik Solheim i Naturvernforbundet meiner at ungar bør springe på kronglete stiar.

Artikkelen ble sist oppdatert: 17.09.2016