Du er her:

Frå Hardanger og protestmarsjen i august mot kraftliner.

Frå Hardanger og protestmarsjen i august mot kraftliner. Foto: Jan Thomas Odegard

Vindkraftutbygging og kraftlinjer til folkets beste?

I dei siste månadene har stadig fleire hengt seg på diskusjonane om kva som er best for oss vestlendingar. Lenge var det berre vindkraftdebatt, så kom kraftlinja gjennom Hardanger på dagsordenen. Ordførarar, grunneigarar, forståsegpåarar og media har alle sagt kva dei meinar. Men ingen har kopla debattane skikkelig saman, skriv Hans Christian Hansen i om situasjonen i Hardanger.

Saka er at dersom alle dei konsesjonssøknadane på vindkraft som ligg inne hos NVE vert godkjente,
treng vi ikkje berre ei men to slike 420kv linjer gjennom fylket. No ligg søknadane mest truleg på vent
til godt ut i 2011, for NVE vil vente med å sjå kva som skjer i kraftlinjedebatten. Er lite vits å gje
konsesjon til noko som ikkje kan bli levert vidare.

I Sogn avis torsdag den 26 aug, er der ein kronikk som seier at Ørskog –Fardal er klart beste løysing
slik den ligg føre med luftlinjer. Det vert sagt at dersom linja kjem, kan andre mindre linjer bli
sanerte. Sikkert vel og bra for dei som held ved like desse linjene, som berre for å ha sagt det, gjer ein
kjempejobb i eit landskap som sakte men sikkert gror igjen. Men for andre kan denne saneringa verte
eit problem.

I Øvsteberget og Høydalen i Møre og Romsdal gjekk ei heil grend saman og starta småkraft i den tru
at det skulle berge bygda for fråflytting. Alt gjekk bra heilt til 420 Kv linja vart planlagt trykt igjennom
denne vesle bygda. Leveringslinja deira på 66 kv skulle då sanerast. Tussa kraft gav beskjed om at
bygda måtte bygge eigen forsyningslinje til næraste anlegg, som ligg i Volda. Konklusjon; eit nettap
på 150?200 000 kr pr.år som det vesle kraftlaget sjølve må dekkje. Spørsmålet her er, kan noko
tilsvarande skje her i fylket med allereie eksisterande kraftprodusentar? I så fall vil arbeidsplassar gå
tapt.

Er det slik vi vil ha det her i landet at styresmaktene skal tenkje på folkets vel, utan å høyre kva folket
både vil og meinar? I Ålfoten har det den siste veka kome fram kva som skil Staten og folket. Staten
gjer som dei vil og vi får klare ordrar på kva vi kan gjere. Urettferdig? Ja heilt klart.
Alle snakkar om kva vi må gjere for å sikre energitilførselen i framtida, mange store og provoserande
angrep kjem frå alle hald. Vi vil ha, men ikkje gje frå oss noko, vert det sagt. Samstundes seier dei at
verdiane vert skapte på austlandet og at alt skal vere kortreist. Trur nok at mange vestlendingar
tenkjer det same som meg når dei høyrer dette, utan at eg skal kome inn på det no. Men arroganse
kan vere eit nøkkelord i denne samanheng.

Sidan slutten på 1950 talet har stat og regjering vore einige om at vidare utbygging er einaste svaret
på auka forbruk. Kor tid skal dei ,utan å trua med skatteleggingar og andre onder, komme med eit
forslag som faktisk tek vare på det vi allereie har utan å bygge meir? Det er ikkje alltid utbygging er
beste løysing. I alle fall ikkje for det vi skal leve i og med, nemleg naturen.
I ein artikkel i ei fylkesavis står der ; For vindmøllemotstandarar må ein køyretur gjennom Sverige
fortone seg som eit helvete. Kvalme blir dei nok når dei ser alle møllene. Men vi synest dei er tøffe.

Eg vert ikkje kvalm av å sjå industriell utbygging, trur heller ingen andre som tenkjer på naturen vert
det, men eg vert mildt sagt forbausa når eg les noko slikt møl.
Og det er akkurat dette som er poenget her, debatten som kunne ha sikra framtida for våre
etterkommarar ser ut til å verte prega av skitkasting der økonomi står sentralt, framfor saklig
argumentasjon.

Verdiskaping for alle går ut på å sikre arbeidsplassar og bygder, å sende råvarer som kraft ut av
landet gjer ikkje det. Naturligvis har vi eit ansvar for å hjelpe til med straumforsyninga i Europa, men
ikkje når denne straumen skal gå til industriell vekst i andre land, vekst som bidrar til vanskelegare
konkurransevilkår for norsk industri.

Vindturbinar og kraftlinjer ser ut til å gjere akkurat det, skape problem for små lokalsamfunn. At
nokre store aktørar ser ut til å tene mykje pengar på dette, er ikkje akkurat til noko fordel for resten
av oss.

Kva har vi igjen om 50 år? Vanskeleg å seie for einkvar, men skal ein sjå på samfunnsutviklinga frå
slutten på 1960 talet og fram til i dag, vert det nok færre folk som bur i distrikta og vi vert meir
avhengige av import av forbruksvarer, som for eksempel mat. Det trur eg ikkje har noko med
folkeveksten å gjere, men samfunnsforvaltninga har her eit heilt klart ansvar. Men det er ein ting vi
må huske på, og det er at det er ikkje berre politikarane som har eit ansvar her. Du og eg har eit
ansvar for å velje rett folk til å styre landet vårt. Vi må ha folk som er vaksne og veit kva som skal til,
ikkje folk som trur dei veit.

Noreg er eit av verdas vakraste land både å bu i og besøke, la oss prøve å ta vare på det for dei som
kjem etter oss.

Hans Christian

Naturvernforbundet Sogn og Fjordane

Artikkelen ble sist oppdatert: 22.11.2010