Du er her:


Foto: Kåre Olerud

Vindkraft – ingen klar veg til framtida

Vind som energikjelde er lite konsentrert og ustabil. Vindturbinane må dekkje store areal om dei skal gje elektrisitetsmengder som monar i samfunn med høgt forbruk. Driftstida, rekna med full produksjon, ligg på 2505-3000 timar i året i Noreg. Distribusjonsselskapa må ha alternativ elkraft å levere dersom forsyninga skal vere sikker når det bles lite, eller for mykje.

I vårt land kan reguleringsmagasin for vasskraft til ein viss grad vere reserveenergi.  I langt mindre grad kan Noreg vere eit reservebatteri for eit Europa med mykje vindkraft.

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) kom i 2009 til at rundt 20 TWh (milliardar kilowattimar) vindkraft kan vere mogeleg å vinne ut på land i Noreg innan 2025.  Til sjøs har Sintef eit overslag som endar på 25 TWh i 2025, og kanskje 100 TWh i 2050.

Professor Erling Holden ved Høgskulen i Sogn og Fjordane fann at å erstatte den fossile energibruken i EU – 25 000 TWh – med vindkraft til sjøs, krev eit areal på 570 000 kvadratkilometer.  Dette tilsvarer det meste av havet mellom Noreg og Skottland. Med vindturbinane på land, der effekten er mindre, går heile arealet av Noreg, Sverige og Danmark med.

I seg sjølv er omdanninga av vind til elektrisitet utan utslepp av gassar som påverkar klimaet.  Det er likevel ikkje slik at meir vindkraft utan vidare verkar til å få ned klimagassutsleppa.  Det finst ikkje noko system som reduserer brenninga av kol, gass eller olje når nye vindturbinar kjem på nettet.  Fleire studiar viser at resultatet kan like gjerne vere at forbruket av elektrisitet går opp.  Mange ser altfor lettvint på dette problemet, tilsynelatande i tru på at vindkraft er eit gode i seg sjølv.  Det blir å forveksle middel og mål.

Alt tyder på at eit samfunn med mindre utslepp av klimagassar er eit lågenergisamfunn.  Men heile den økonomiske og politiske iveren etter alternativ energi handlar om at vi skal produsere oss ut av klimaproblemet.  Dette er urealistisk av den grunn at det er ikkje nok alternativ energi tilgjengeleg til å erstatte dei enorme mengdene med fossile brennstoff som den rike verda fyrer opp kvart år.  Økologisk vil eit sterkt ekspanderande energisektor, på toppen av alle inngrep frå før, vere ein katastrofe for den levande naturen.  Å ønskje seg store mengder vindkraft utan at det går alvorleg ut over sjøfugl, rovfuglar og leveområda for mange andre organismar, det er kort og godt ikkje gjennomførleg. 

Med det for auget at vi må redusere presset på livet i naturen, ikkje auke det, blir svaret å arbeide for eit samfunn som klarer seg med mindre energi enn i dag.  Debatten om dette er sørgjeleg fråverande, medan dei kommersielle interessene får segle under grønt flagg på nye tokt for å hente meir ut av ein biologsk utarma jordklote.

 

Nyhende og informasjon om vindkraft:

Artikkelen ble sist oppdatert: 01.12.2010