{"id":171,"date":"2012-07-01T12:40:14","date_gmt":"2012-07-01T10:40:14","guid":{"rendered":"https:\/\/naturvernforbundet.no\/sognogfjordane\/hoyringsfrasegn-til-planprogram-kommunedelplan-for-ytre-fjordkryssing-nordfjorden-13-05-2012\/"},"modified":"2012-07-01T12:40:14","modified_gmt":"2012-07-01T10:40:14","slug":"hoyringsfrasegn-til-planprogram-kommunedelplan-for-ytre-fjordkryssing-nordfjorden-13-05-2012","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/naturvernforbundet.no\/sognogfjordane\/hoyringsfrasegn-til-planprogram-kommunedelplan-for-ytre-fjordkryssing-nordfjorden-13-05-2012\/","title":{"rendered":"H\u00f8yringsfr\u00e5segn til planprogram: Kommunedelplan for ytre fjordkryssing Nordfjorden 13.05.2012"},"content":{"rendered":"\t<div class=\"template-post alignfull wp-block-naturvern-hero\">\n\t\t<div class=\"hero__inner\">\n\t\t\t<div class=\"hero__inner_blocks\">\n\t\t\t\t\t\t\t\t\n\t\t\t\t\t<h1 class=\"wp-block-post-title\">H\u00f8yringsfr\u00e5segn til planprogram: Kommunedelplan for ytre fjordkryssing Nordfjorden 13.05.2012<\/h1>\n\n\t\t\t\t\t<div class=\"wp-block-post-excerpt\"><p class=\"wp-block-post-excerpt__excerpt\">Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane meiner ein b\u00f8r sj\u00e5 p\u00e5 andre alternativ for fjordkryssing enn dei som er lagt fram i planprogrammet av V\u00e5gs\u00f8y kommune. <\/p><\/div>\n\n\t\t\t\t\t\n\n\t\t\t\t\t<div class=\"wp-block-naturvern-byline\">\n\t\t\t<div class=\"authors\">By <span class=\"t2-byline__author-link\">Philip Butler<\/span><\/div>\n\t\t\t<small class=\"entry-date\">01.07.2012 12:40<\/small>\n\t\t<\/div>\n\t\t\t\t\t\t\t\t<\/div>\n\t\t\t\t\t<\/div>\n\t\t\t<\/div>\n\t\n<p>\n\tV\u00e5gs\u00f8y kommune<\/p>\n\n\n\n<p>\n\tDokumentet er kun sendt elektronisk til <a href=\"mailto:post@vagsoy.kommune.no\">post@vagsoy.kommune.no<\/a>.&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp; &nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;<\/p>\n\n\n\n<p>\n\t13.05.2012<\/p>\n\n\n\n<h2 class=\"wp-block-heading\">\n\t<em>H\u00d8YRINGSFR\u00c5SEGN TIL&nbsp; PLANPROGRAM: <\/em><\/h2>\n\n\n\n<h2 class=\"wp-block-heading\">\n\t<em>KOMMUNEDELPLAN FOR YTRE FJORDKRYSSING NORDFJORDEN<\/em><\/h2>\n\n\n\n<p>\n\tNaturvernforbundet i Sogn og Fjordane har sett p\u00e5 planprogrammet og vil kome med f\u00f8lgjande uttale:<\/p>\n\n\n\n<h3 class=\"wp-block-heading\">\n\t45-MINUTTSREGIONEN OG KYSTVEGEN<\/h3>\n\n\n\n<p>\n\tDen s\u00e5kalla 45-minuttsregionen M\u00e5l\u00f8y \u2013 Svelgen \u2013 Flor\u00f8 m\u00e5 ein sj\u00e5 som ein del av kystvegen \u00c5lesund \u2013 Bergen. Det er d\u00e5 sp\u00f8rsm\u00e5l om kor teneleg det er at denne gjer ein sving om M\u00e5l\u00f8y, sj\u00f8lv om den d\u00e5 betre vil svara til nemninga kystveg. Fr\u00e5 Naturvernforbundet sin st\u00e5stad m\u00e5 ein sj\u00e5 p\u00e5 naturinngrepa, s\u00e6rleg i nye, tiln\u00e6rma ur\u00f8rde omr\u00e5de. Ein m\u00e5 og unng\u00e5 un\u00f8dige inngrep i omr\u00e5de med store kulturminneverdiar. Spesielt m\u00e5 vi framheva Rugsund\u00f8y, men og Vemmelsvik og Angelshaug har potensiale for rike kulturminne.<\/p>\n\n\n\n<h4 class=\"wp-block-heading\">\n\tSTORT KONFLIKTPOTENSIALE!<\/h4>\n\n\n\n<p>\n\tDet er sagt i planen at \u00d8rnevika p\u00e5 Rugsund\u00f8y er registrert som INON-omr\u00e5de 1-3 km fr\u00e5 n\u00e6raste tekniske inngrep. I tillegg kjem at vestre delar av Rugsund\u00f8y er s\u00e6rskild rik p\u00e5 kulturminne heilt fr\u00e5 eldre steinalder og fram til v\u00e5r tid. Konfliktpotensialet er stort b\u00e5de i planlagt vegtrase og i ferjekaiomr\u00e5det. Likevel er \u00d8rnevika satt opp som einaste alternative ferjeleie p\u00e5 s\u00f8rsida av fjorden. Naturvernforbund ser med stor bekymring p\u00e5 nedbyggingen av inngrepsfri natur (INON)<\/p>\n\n\n\n<p>\n\tsom foreg\u00e5r stikk i strid med nasjonale m\u00e5lsetninger. INON-omr\u00e5da har dei seinaste ti\u00e5ra blitt redusert kraftig, og vil bli ytterlegare redusert om ein skal f\u00f8lgje planen og liknande planar rundt i landet. Naturvernforbundet meiner det er p\u00e5 tide \u00e5 tenkje nytt mens det enno er igjen ur\u00f8rde omr\u00e5de, og krev difor at det blir utreda alternativ der konfliktniv\u00e5et er l\u00e5gare.<\/p>\n\n\n\n<h4 class=\"wp-block-heading\">\n\tPLASSERING AV NYE FERJELEIE<\/h4>\n\n\n\n<p>\n\t<em>1.&nbsp; Angelshaug \/ Biskjelsneset \/ Vemmelsvika \u2013 \u00d8rnevika<\/em><\/p>\n\n\n\n<p>\n\tNaturvernforbundet er sterkt kritisk til plassering av nye ferjeleie i nemnte omr\u00e5de i V\u00e5gs\u00f8y og Bremanger kommune. P\u00e5 nordsida av fjorden vil det f\u00f8re til store inngrep i omr\u00e5de av V\u00e5gs\u00f8y kommune som har lite inngrep fr\u00e5 f\u00f8r. Det er stor skilnad p\u00e5 ein lite trafikkert bygdeveg som ligg naturleg i terrenget, og ein brei asfaltert tofeltsveg med midtstripe som tar mindre omsyn til terrenget og folk som bur i omr\u00e5det enn bilane som skal bruke den. Indre del av Skav\u00f8ypoll vil p\u00e5 det n\u00e6raste bli rasert om vegen skal f\u00f8lgje kommunal veg fr\u00e5 Nyg\u00e5rd og krysse over Straumen (alternativ 1). Dei som bur langs den kommunale vegen fr\u00e5 Nyg\u00e5rd har allereie vegen tett innp\u00e5 seg og har klaga p\u00e5 stor fart. Dette vil bli mykje verre med riksveg p\u00e5 strekninga og enkelte som held stor fart for \u00e5 rekke ferja. I alternativ 2 vil ein f\u00e5 ei stygg vegskjering under Bl\u00e5fjellet som truleg vil bli synleg fr\u00e5 store omr\u00e5de med tett busetnad. I tillegg kjem, som sagt i planen, at vegbygging i s\u00e5 skr\u00e5tt terreng byr p\u00e5 store utfordringar. Sikring av vegen mot ras er truleg ein stor del av problemstillinga. Ein skulle tru at utfordringane er store nok i dag med \u00e5 sikre eksisterande vegnett mot ras, om ein ikkje ogs\u00e5 skal byggje nye vegar som ein m\u00e5 leggje store ressursar i \u00e5 sikre allereie i byggjeperioden, og kanskje ogs\u00e5 vil slite med i framtida med omsyn til ras.<\/p>\n\n\n\n<p>\n\tOmr\u00e5det Vemmelsvik og Angelshaug m\u00e5 og bli verna mot dei inngrepa ein ny veg vil lage. Busetnaden og kulturlandskapet med moglege automatisk freda kulturminne tilseier at ein m\u00e5 fare varsamt fram. Einaste l\u00f8ysinga i omr\u00e5det, som Naturvernforbundet kan godta, er om det blir lagt tunnel p\u00e5 det meste av strekninga fr\u00e5 Almenningsfjellet til det nye ferjeleiet som berre kan ligge p\u00e5 Biskjelsneset, der kommunen har planar om framtidig hamn med djupvasskai (ein f\u00f8resetnad for ei slik hamn er sj\u00f8lvsagt vegutl\u00f8ysing). D\u00e5 vil ein konsentrere inngrepa rundt Biskjelsneset og spare Vemmelsvik og Angelshaug for un\u00f8dige inngrep. Men uansett m\u00e5 ein rekne med at ein del av trafikken austfr\u00e5 til Biskjelsneset vil g\u00e5 om den gamle vegen langsmed fjorden, fr\u00e5 Almenningen via Verpeide og Angelshaug. Auka trafikk her vil mest truleg etter kvart tvinge fram utbetringar av denne vegen, med dei inngrepa dette inneber. Ein del av problemet med auka trafikk kan ein kanskje avb\u00f8te med \u00e5 leggje restriksjonar p\u00e5 trafikken p\u00e5 fjordvegen (aksellast, fartsavgrensing mm).<\/p>\n\n\n\n<p>\n\tP\u00e5 s\u00f8rsida av fjorden vil ei evt. fjordkryssing ende opp p\u00e5 vestre del av Rugsund\u00f8y. Med den store tettheita av kulturminne ein har her, vil det tilseie at ein fer sv\u00e6rt varsamt fram. Allereie ved det tenkte ferjeleiet i \u00d8rnavika st\u00f8yter ein p\u00e5 dei f\u00f8rste kulturminna. Om Rugsund\u00f8y skal f\u00e5 nytt ferjeleie, vil Naturvernforbundet tilr\u00e5 at ein ser etter mogleg lokalisering lengre aust mot Strandaneset \u2013 Strandavika, der ein kanskje kan unng\u00e5 konflikt med kulturminne og kan f\u00f8re vegen meir eller mindre rett inn i tunnel (ein f\u00f8resetnad er sj\u00f8lvsagt at ein l\u00f8yser problemet med oppstillingsplass og at botnforholda er gode). Tunnelen m\u00e5 i alle fall bli lagt mest mogleg i retning Hamnen, og f\u00f8rt fram til kryssing med vegen n\u00e6rast mogleg opninga til Skatestraumstunnelen. Naturvernforbundet forventar og at evt. tunnelmasse blir k\u00f8yrd vekk etter kvart og ikkje lagt i deponi\/fylling p\u00e5 Rugsund\u00f8y, noko som kan \u00f8ydeleggje&nbsp; kulturminne og skjemme det spesielle kulturlandskapet.<\/p>\n\n\n\n<p>\n\t<em>2.&nbsp; Andre alternativ.<\/em><\/p>\n\n\n\n<p>\n\tNaturvernforbundet ber om at ein vurderer \u00e5 leggje den nye ferjestrekninga lenger aust der vegen p\u00e5 nordsida allereie g\u00e5r n\u00e6rt fjorden. P\u00e5 s\u00f8rsida vil dette innebere utbetring av vegen vestover mot og i omr\u00e5det ved Rugsundet. Utfordringa blir \u00e5 finne veleigna plass for ferjeleie b\u00e5de p\u00e5 nord- og s\u00f8rsida, med ingen eller liten grad av konfliktar. Strekninga Krokpollen \u2013 Elde har blitt nemnt, men andre alternativ m\u00e5 og bli vurdert (Kalvneset som allereie har store inngrep?). At 45-minuttsregionen blir ein 50- eller 55-minuttsregion m\u00e5 telje lite i denne samanhengen. Ferjestrekninga blir ikkje vesentleg lengre og vegen mellom M\u00e5l\u00f8y og Maurstad har i dag jamn, bra standard. Val av ferjestad m\u00e5 og bli sett i samanheng med stad for evt. framtidig bru over ytre del av Nordfjorden.<\/p>\n\n\n\n<p>\n\tDet st\u00f8rste problemet med \u00e5 leggje ferjestrekninga for langt aust, blir i forhold til Husev\u00e5g\u00f8y, som i s\u00e5 fall fortsatt m\u00e5 f\u00e5 ferjesambandet sitt til M\u00e5l\u00f8y, same ferje kan neppe tene b\u00e5de Husev\u00e5g\u00f8y og til eksempel Krokpollen \u2013 Elde. Men med ei evt. framtidig bru m\u00e5 Husev\u00e5g\u00f8y uansett fortsatt behalde ferja, og d\u00e5 er einaste rimelege alternative strekning til M\u00e5l\u00f8y. Dette tilseier at M\u00e5l\u00f8y m\u00e5 bli oppretthaldt som ferjestad for at Husev\u00e5g\u00f8y ogs\u00e5 i framtida skal ha eit tilbod.<\/p>\n\n\n\n<h4 class=\"wp-block-heading\">\n\tKONKLUSJON<\/h4>\n\n\n\n<p>\n\tNaturvernforbundet vil p\u00e5 det sterkaste tilr\u00e5 at ein ser p\u00e5 andre alternativ for fjordkryssing enn dei som er lagt fram i planprogrammet. P\u00e5 nordsida m\u00e5 ein unng\u00e5 inngrep i omr\u00e5da Vemmelsvik og Angelshaug b\u00e5de av omsyn til eksisterande busetnad og moglege kulturminne. Vestsida av Rugsund\u00f8y er sv\u00e6rt rikt p\u00e5 kulturminne, og m\u00e5 bli spart for un\u00f8dige inngrep, i tillegg til at ein m\u00e5 unng\u00e5 tekniske inngrep i INON-omr\u00e5da.<\/p>\n\n\n\n<p>\n\tThorleif Jakobsen&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp; &nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp; &nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp; &nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp; Ove Eliassen<\/p>\n\n\n\n<p>\n\tFylkesleiar&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp; &nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp; &nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp; &nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp;&nbsp; Styremedlem<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane meiner ein b\u00f8r sj\u00e5 p\u00e5 andre alternativ for fjordkryssing enn dei som er lagt fram i planprogrammet av V\u00e5gs\u00f8y kommune.<\/p>\n","protected":false},"author":202,"featured_media":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_relevanssi_hide_post":"","_relevanssi_hide_content":"","_relevanssi_pin_for_all":"","_relevanssi_pin_keywords":"","_relevanssi_unpin_keywords":"","_relevanssi_related_keywords":"","_relevanssi_related_include_ids":"","_relevanssi_related_exclude_ids":"","_relevanssi_related_no_append":"","_relevanssi_related_not_related":"","_relevanssi_related_posts":"","_relevanssi_noindex_reason":"","hide_logo":false,"footnotes":""},"categories":[26],"tags":[],"local":[],"class_list":["post-171","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-hoyringsfrasegn"],"acf":[],"yoast_head":"<!-- This site is optimized with the Yoast SEO plugin v24.9 - https:\/\/yoast.com\/wordpress\/plugins\/seo\/ -->\n<title>H\u00f8yringsfr\u00e5segn til planprogram: Kommunedelplan for ytre fjordkryssing Nordfjorden 13.05.2012 - Sogn og Fjordane<\/title>\n<meta name=\"robots\" content=\"index, follow, max-snippet:-1, max-image-preview:large, max-video-preview:-1\" \/>\n<link rel=\"canonical\" href=\"https:\/\/naturvernforbundet.no\/sognogfjordane\/hoyringsfrasegn-til-planprogram-kommunedelplan-for-ytre-fjordkryssing-nordfjorden-13-05-2012\/\" \/>\n<meta property=\"og:locale\" content=\"nb_NO\" \/>\n<meta property=\"og:type\" content=\"article\" \/>\n<meta property=\"og:title\" content=\"H\u00f8yringsfr\u00e5segn til planprogram: Kommunedelplan for ytre fjordkryssing Nordfjorden 13.05.2012 - Sogn og Fjordane\" \/>\n<meta property=\"og:description\" content=\"Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane meiner ein b\u00f8r sj\u00e5 p\u00e5 andre alternativ for fjordkryssing enn dei som er lagt fram i planprogrammet av V\u00e5gs\u00f8y kommune.\" \/>\n<meta property=\"og:url\" content=\"https:\/\/naturvernforbundet.no\/sognogfjordane\/hoyringsfrasegn-til-planprogram-kommunedelplan-for-ytre-fjordkryssing-nordfjorden-13-05-2012\/\" \/>\n<meta property=\"og:site_name\" content=\"Sogn og Fjordane\" \/>\n<meta property=\"article:published_time\" content=\"2012-07-01T10:40:14+00:00\" \/>\n<meta name=\"author\" content=\"Philip Butler\" \/>\n<meta name=\"twitter:card\" content=\"summary_large_image\" \/>\n<meta name=\"twitter:label1\" content=\"Skrevet av\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:data1\" content=\"Philip Butler\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:label2\" content=\"Ansl. lesetid\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:data2\" content=\"7 minutter\" \/>\n<script type=\"application\/ld+json\" class=\"yoast-schema-graph\">{\"@context\":\"https:\/\/schema.org\",\"@graph\":[{\"@type\":\"WebPage\",\"@id\":\"https:\/\/naturvernforbundet.no\/sognogfjordane\/hoyringsfrasegn-til-planprogram-kommunedelplan-for-ytre-fjordkryssing-nordfjorden-13-05-2012\/\",\"url\":\"https:\/\/naturvernforbundet.no\/sognogfjordane\/hoyringsfrasegn-til-planprogram-kommunedelplan-for-ytre-fjordkryssing-nordfjorden-13-05-2012\/\",\"name\":\"H\u00f8yringsfr\u00e5segn til planprogram: Kommunedelplan for ytre fjordkryssing Nordfjorden 13.05.2012 - Sogn og Fjordane\",\"isPartOf\":{\"@id\":\"https:\/\/naturvernforbundet.no\/sognogfjordane\/#website\"},\"datePublished\":\"2012-07-01T10:40:14+00:00\",\"author\":{\"@id\":\"https:\/\/naturvernforbundet.no\/sognogfjordane\/#\/schema\/person\/9bd1ed84ee56f3cf1f5f0ff5cb4b7105\"},\"breadcrumb\":{\"@id\":\"https:\/\/naturvernforbundet.no\/sognogfjordane\/hoyringsfrasegn-til-planprogram-kommunedelplan-for-ytre-fjordkryssing-nordfjorden-13-05-2012\/#breadcrumb\"},\"inLanguage\":\"nb-NO\",\"potentialAction\":[{\"@type\":\"ReadAction\",\"target\":[\"https:\/\/naturvernforbundet.no\/sognogfjordane\/hoyringsfrasegn-til-planprogram-kommunedelplan-for-ytre-fjordkryssing-nordfjorden-13-05-2012\/\"]}]},{\"@type\":\"BreadcrumbList\",\"@id\":\"https:\/\/naturvernforbundet.no\/sognogfjordane\/hoyringsfrasegn-til-planprogram-kommunedelplan-for-ytre-fjordkryssing-nordfjorden-13-05-2012\/#breadcrumb\",\"itemListElement\":[{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":1,\"name\":\"Till naturvernforbundet.no\",\"item\":\"https:\/\/naturvernforbundet.no\/\"},{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":2,\"name\":\"Sogn og Fjordane\",\"item\":\"https:\/\/naturvernforbundet.no\/sognogfjordane\/\"},{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":3,\"name\":\"H\u00f8yringsfr\u00e5segn til planprogram: Kommunedelplan for ytre fjordkryssing Nordfjorden 13.05.2012\"}]},{\"@type\":\"WebSite\",\"@id\":\"https:\/\/naturvernforbundet.no\/sognogfjordane\/#website\",\"url\":\"https:\/\/naturvernforbundet.no\/sognogfjordane\/\",\"name\":\"Sogn og Fjordane\",\"description\":\"Bare enda et Naturvernforbundet Sites-nettsted\",\"potentialAction\":[{\"@type\":\"SearchAction\",\"target\":{\"@type\":\"EntryPoint\",\"urlTemplate\":\"https:\/\/naturvernforbundet.no\/sognogfjordane\/?s={search_term_string}\"},\"query-input\":{\"@type\":\"PropertyValueSpecification\",\"valueRequired\":true,\"valueName\":\"search_term_string\"}}],\"inLanguage\":\"nb-NO\"},{\"@type\":\"Person\",\"@id\":\"https:\/\/naturvernforbundet.no\/sognogfjordane\/#\/schema\/person\/9bd1ed84ee56f3cf1f5f0ff5cb4b7105\",\"name\":\"Philip Butler\",\"image\":{\"@type\":\"ImageObject\",\"inLanguage\":\"nb-NO\",\"@id\":\"https:\/\/naturvernforbundet.no\/sognogfjordane\/#\/schema\/person\/image\/\",\"url\":\"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/bbeedeaae0e914582a986a90e1cb9ee9?s=96&d=mm&r=g\",\"contentUrl\":\"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/bbeedeaae0e914582a986a90e1cb9ee9?s=96&d=mm&r=g\",\"caption\":\"Philip Butler\"},\"url\":\"https:\/\/naturvernforbundet.no\/sognogfjordane\/author\/philipbutler\/\"}]}<\/script>\n<!-- \/ Yoast SEO plugin. -->","yoast_head_json":{"title":"H\u00f8yringsfr\u00e5segn til planprogram: Kommunedelplan for ytre fjordkryssing Nordfjorden 13.05.2012 - Sogn og Fjordane","robots":{"index":"index","follow":"follow","max-snippet":"max-snippet:-1","max-image-preview":"max-image-preview:large","max-video-preview":"max-video-preview:-1"},"canonical":"https:\/\/naturvernforbundet.no\/sognogfjordane\/hoyringsfrasegn-til-planprogram-kommunedelplan-for-ytre-fjordkryssing-nordfjorden-13-05-2012\/","og_locale":"nb_NO","og_type":"article","og_title":"H\u00f8yringsfr\u00e5segn til planprogram: Kommunedelplan for ytre fjordkryssing Nordfjorden 13.05.2012 - Sogn og Fjordane","og_description":"Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane meiner ein b\u00f8r sj\u00e5 p\u00e5 andre alternativ for fjordkryssing enn dei som er lagt fram i planprogrammet av V\u00e5gs\u00f8y kommune.","og_url":"https:\/\/naturvernforbundet.no\/sognogfjordane\/hoyringsfrasegn-til-planprogram-kommunedelplan-for-ytre-fjordkryssing-nordfjorden-13-05-2012\/","og_site_name":"Sogn og Fjordane","article_published_time":"2012-07-01T10:40:14+00:00","author":"Philip Butler","twitter_card":"summary_large_image","twitter_misc":{"Skrevet av":"Philip Butler","Ansl. lesetid":"7 minutter"},"schema":{"@context":"https:\/\/schema.org","@graph":[{"@type":"WebPage","@id":"https:\/\/naturvernforbundet.no\/sognogfjordane\/hoyringsfrasegn-til-planprogram-kommunedelplan-for-ytre-fjordkryssing-nordfjorden-13-05-2012\/","url":"https:\/\/naturvernforbundet.no\/sognogfjordane\/hoyringsfrasegn-til-planprogram-kommunedelplan-for-ytre-fjordkryssing-nordfjorden-13-05-2012\/","name":"H\u00f8yringsfr\u00e5segn til planprogram: Kommunedelplan for ytre fjordkryssing Nordfjorden 13.05.2012 - Sogn og Fjordane","isPartOf":{"@id":"https:\/\/naturvernforbundet.no\/sognogfjordane\/#website"},"datePublished":"2012-07-01T10:40:14+00:00","author":{"@id":"https:\/\/naturvernforbundet.no\/sognogfjordane\/#\/schema\/person\/9bd1ed84ee56f3cf1f5f0ff5cb4b7105"},"breadcrumb":{"@id":"https:\/\/naturvernforbundet.no\/sognogfjordane\/hoyringsfrasegn-til-planprogram-kommunedelplan-for-ytre-fjordkryssing-nordfjorden-13-05-2012\/#breadcrumb"},"inLanguage":"nb-NO","potentialAction":[{"@type":"ReadAction","target":["https:\/\/naturvernforbundet.no\/sognogfjordane\/hoyringsfrasegn-til-planprogram-kommunedelplan-for-ytre-fjordkryssing-nordfjorden-13-05-2012\/"]}]},{"@type":"BreadcrumbList","@id":"https:\/\/naturvernforbundet.no\/sognogfjordane\/hoyringsfrasegn-til-planprogram-kommunedelplan-for-ytre-fjordkryssing-nordfjorden-13-05-2012\/#breadcrumb","itemListElement":[{"@type":"ListItem","position":1,"name":"Till naturvernforbundet.no","item":"https:\/\/naturvernforbundet.no\/"},{"@type":"ListItem","position":2,"name":"Sogn og Fjordane","item":"https:\/\/naturvernforbundet.no\/sognogfjordane\/"},{"@type":"ListItem","position":3,"name":"H\u00f8yringsfr\u00e5segn til planprogram: Kommunedelplan for ytre fjordkryssing Nordfjorden 13.05.2012"}]},{"@type":"WebSite","@id":"https:\/\/naturvernforbundet.no\/sognogfjordane\/#website","url":"https:\/\/naturvernforbundet.no\/sognogfjordane\/","name":"Sogn og Fjordane","description":"Bare enda et Naturvernforbundet Sites-nettsted","potentialAction":[{"@type":"SearchAction","target":{"@type":"EntryPoint","urlTemplate":"https:\/\/naturvernforbundet.no\/sognogfjordane\/?s={search_term_string}"},"query-input":{"@type":"PropertyValueSpecification","valueRequired":true,"valueName":"search_term_string"}}],"inLanguage":"nb-NO"},{"@type":"Person","@id":"https:\/\/naturvernforbundet.no\/sognogfjordane\/#\/schema\/person\/9bd1ed84ee56f3cf1f5f0ff5cb4b7105","name":"Philip Butler","image":{"@type":"ImageObject","inLanguage":"nb-NO","@id":"https:\/\/naturvernforbundet.no\/sognogfjordane\/#\/schema\/person\/image\/","url":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/bbeedeaae0e914582a986a90e1cb9ee9?s=96&d=mm&r=g","contentUrl":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/bbeedeaae0e914582a986a90e1cb9ee9?s=96&d=mm&r=g","caption":"Philip Butler"},"url":"https:\/\/naturvernforbundet.no\/sognogfjordane\/author\/philipbutler\/"}]}},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/naturvernforbundet.no\/sognogfjordane\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/171","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/naturvernforbundet.no\/sognogfjordane\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/naturvernforbundet.no\/sognogfjordane\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/naturvernforbundet.no\/sognogfjordane\/wp-json\/wp\/v2\/users\/202"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/naturvernforbundet.no\/sognogfjordane\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=171"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/naturvernforbundet.no\/sognogfjordane\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/171\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/naturvernforbundet.no\/sognogfjordane\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=171"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/naturvernforbundet.no\/sognogfjordane\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=171"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/naturvernforbundet.no\/sognogfjordane\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=171"},{"taxonomy":"local","embeddable":true,"href":"https:\/\/naturvernforbundet.no\/sognogfjordane\/wp-json\/wp\/v2\/local?post=171"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}