Du er her:

  • Telemark

Nyheter

Klage på vedtak kommunestyresak 008/06 reguleringsplan for Fossøy

20.12.2006:

31.05.06 Me viser til melding om vedtak mottatt 10.05.06 og til tidlegare høyringsuttale frå Naturvernforbundet i saka. Reguleringsplanen er nå vedteken med bare små endringar i høve til utkastet. I praksis er nå mest heile øya disponert til golfbane og fritidsbustader. Det er ikkje lenger nokon føresetnad for hyttebygging at golfbanen er opparbeidd. I staden er det teke inn eit punkt 5a under fellesreglar der det blir stilt krav om utbyggingsavtale med felles framdriftsplan for både golfbane og hytter.

Vedrørende utbygging av Bossbøen, Vinje kommune

20.12.2006:

22.03.06 Naturvernforbundet i Telemark vil med dette gjøre oppmerksomme på at vi er observante på utbyggingssaken på Bossbøen i Vinje kommune. Vi støtter Fylkesmannens innsigelse mot planene, og henstiller til Vinje kommune om å rette seg etter innsigelsen. Naturvernforbundet i Telemark gjør også oppmerksomme på at vi ikke har mottatt sakspapirer i den ordinære høringsrunden, og at vi dersom vi hadde fått anledning til å uttale oss ville vært negative til planene.

Reguleringsplan Leirgrav og Holtar + delar av Rukkemo - Torvetjønn

20.12.2006:

28.03.06 Me viser til reguleringsplan sendt til offentleg ettersyn. Reguleringsplanen gjeld ei særs omfattande utbygging, med både skitrekk/skiheisar, forretningsareal (hotell med meir), utleigehytter, tomter for sal og tilhøyrande vegar, framføring av straum, vatn og kloakk. Det er vist til seinare utbyggingsplan(ar) for nærare detaljar og til kommunedelplan for Rukkemo - Torvetjønn, der det skal ha skjedd ei nærare avklaring i høve til andre interesser.

Reguleringsplan for gnr/bnr 62/3 Hammarsjordet i Fyresdal kommune

20.12.2006:

19.06.06 Det visast til reguleringsplanen for Hammarsjordet, som nå er lagt ut til offentleg ettersyn/høyring. Planen gjeld ein eigedom på ca 350 da inne ved Morketjønn i Fyresdal. Området ligg aust for Øysævatnet ca 6 km (i luftline) frå grensa til Setesdal. Det finst ein gammal disposisjonsplan i området, som det er bygd 7-8 hytter etter. Den nye reguleringsplanen opnar for bygging av inntil 27 nye hytter i området. I kommuneplanen er dette eit LNF område der det normalt bare blir gitt løyve til bygging av enkelte spreidde hytter i samband med landbruk. Innanfor det området som blir omfatta av den gamle disposisjonsplanen er det opna for ei viss fortetting, men den nye planen opnar for ei langt sterkare utbygging.

Viser fra 25 til 28 av totalt 70 artikler