Du er her:

Årsmøte i fylkeslaget

Tirsdag 1/3 vart årsmøtet i Naturvernforbundet i Sør-Trøndelag arrangert. Ottar Michelsen vart vald som ny leiar.

Årsmøtet starta med eit spennande foredrag med tittelen "Regnskogen - vår felles arv", heldt av Nils Hermann Ranum frå Regnskogfondet. Etter foredraget gjekk årsmøtet gjennom året som har gått, og staka ut kursen for det komande året. NNV i Sør-Trøndelag vil halda fram med å jobba med samferdselsspørsmål, vindkraft, og EU og miljø. Møtet vedtok ei eiga fråsegn om EU og miljø, som du kan lasta ned lengre ned.

Ottar Michelsen vart vald som leiar for fylkeslaget. Med seg i styret får han Mads Løkeland, Harald Emil Jakobsen, Tone Aasen og Steinar Nygård.