Du er her:

Klima og energi:

26. mai arrangerte Naturvernforbundet en aksjon på torvet i Trondheim som en del av Friends of the Earths kampanje mot utslipp av klimagasser. - Vi er skuffa over den entusiasmen som mange trønderske politikarar i det siste har vist for økt bruk av naturgass med gassrøyr inn Trondheimsfjorden og gasskraftverk nesten utan CO2-reinsing på Skogn, sa Mads Løkeland og overrakte fylkesordfører Tore Sandvik en minidinosaur for at han skulle bli minnet på at fossil energi hører fortia til. - Vi vil på det sterkaste be om at du blir med på å leggja planane om gasskraftverk og gassrøyr i ein skuff og kaste nøkkelen. Klima og energi:Ap og SV bryt sine eigne valløfter. I saka om bygging av gassrørledning i Trondheimsfjorden går både Arbeidarpartiet og SV attende på klare løfter dei ga for berre 10 månader sidan, i samband med valet. Begge partia ga meldingar til Naturvernforbundet som står i skarp kontrast til det dei gjer i denne saka. - Vi er ekstremt skuffa over at partia som har lovt ?ny kurs? går rett i klimafella så snart etter valet, seier fylkessekretær i Naturvernforbundet Pål Hellesnes 12. mai 2004

Pressemelding 14. april 2004:

- Ap og SV bryt valløfter

I saka om bygging av gassrørledning i Trondheimsfjorden går både Arbeidarpartiet og SV attende på klare løfter dei ga for berre 10 månader sidan, i samband med valet. Begge partia ga meldingar til Naturvernforbundet som står i skarp kontrast til det dei gjer i denne saka.

Før valet 2003 sendte NNV brev til alle partia som stilte til val i Trondheim og Sør-Trøndelag, med konkrete spørsmål om ulike miljøpolitiske problemstillingar. Svara partia ga danna grunnlaget for NNV sin miljøpolitiske rangering av partia, som vart presentert for medlemmane og lagt ut offentleg. Ap svarte at dei ville ?satse på en energipolitikk som ikke tar utgangspunkt i bruk av fossile brensler.? SV, på si side, sa at dei ?vil også jobbe for at vi ikke skal få et gassrør inn til Trondheim." Begge utsagna er klar tale.

- Vi er ekstremt skuffa over at partia som har lovt ?ny kurs? går rett i klimafella så snart etter valet, seier fylkessekretær i Naturvernforbundet Pål Hellesnes. ? Initiativet frå ?gasskameratane? er ei vidareføring av den fossile tankegangen i energispørsmål.

Tynne argument

Gruppeleiar for Ap, Rune Olsø, legg tynne argument på bordet for å rettferdiggjera sin kuvending i gasskraftsaka. I Adresseavisen 11/5 hevdar han at ?man må bygge et konvensjonelt gasskraftverk med pilot slik at vi får prøvd ut og videreutviklet tekniske løsninger for CO2-rensing.? Dette er ikkje riktig. Det finnes allereie eksisterande teknologi for tilnærma full CO2-rensing. - ?Piloten? på Skogn vil ikkje vera anna enn ein massiv auking av klimgassutsleppa. Å framstilla dette som eit ?miljøprosjekt? er ein hån, dette er god gamaldags kraftsosialisme med eit grønt fikenblad frå Olsø, held Hellesnes fram.

Skuffande SV

Naturvernforbundet er mest overraska over SV sin radikale snuoperasjon. ? SV var i brevet til oss krystallklare i sin motstand mot gassrørledning i Trondheimsfjorden. At Knut Fagerbakke no seier ja til gassrør er dramatisk, seier Hellesnes. ? At han seier at kraftverket på Skogn må bli ?tilnærmet CO2-fritt? endrar ikkje på det faktum at han her spring frå løfter til miljørørsla. Han velger tydelegvis samarbeidsklimaet på rådhuset framfor miljøvenleg klimapolitikk.