Du er her:

Rusasetvatnet, Ørland kommune:

Naturvernforbundet vil vurdere å be om rettslig forfølging av Ørland kommune dersom kommunen ikke får fortgang i planene om å restaurere Rusasetvatnet med tilbakeføring av vannstanden til kvote 15,8. 17. august 2004

Brev til Ørland kommune 17. august 2004:

Framdrift for Rusasetvatnet

Naturvernforbundet i Sør Trøndelag er særs bekymra for framtida til Rusasetvatnet og Balsnesvassdraget generelt, som vi ser som ein viktig del av våtmarkssystemet i / rundt Trondheimsfjorden. Vi tenkjer spesielt på Rusasetvatnets kvalitet som eit lågtliggjande, grunt ferskvatn med kort vintersesong og stor biologisk produksjon, og vi viser til utkast til verneplan for våtmarksområde frå 1979 og utkast til verneplan for edellauvskog frå 1981.

Naturvernforbundet var representert under ein partidebatt på Ørland i fjor, før siste kommuneval, og vi var glade for at eit fleirtal av partia gjekk inn for ei restaurering av Rusasetvatnet og at dette seinare vart bekrefta gjennom vedtak i komité NDK hausten 2003 med tilbakeføring til kote 15,8.

No har det snart gått eit år, og det verkar for oss som om løysinga er like fjern. Imens gror området att av krattskog. Samtidig har det komme fram (Fosnafolket 05.08.2004|) at Balsnesvassdraget er sterkt forureina av kloakk og at problema har auka sterkt dei siste åra. Vi kan ikkje sjå bort frå at forverringa kan skuldast nedtapping og slutt på regulering av Rusasetvatnet.

Som naturvernorganisasjon ser vi det slik at senkinga / øydelegginga av Rusasetvatnet har medført stor skade og ulempe for allmenne interesser, og vi viser til ?Vannressursloven? §§3a, 5, 8 og 54.

Som naturvernorganisasjon vil vi hevde at Naturvernforbundet i Sør Trøndelag har ?rettslig interesse? i gjenoppretting av Rusasetvatnet ut i frå §59 i lova. Vi ser det som har skjedd i saka som alvorleg og meiner at det er ?voldt fare for betydelig skade på ..., miljø ...? (§63).

Ut i frå dette vurderer vi å be om rettsleg forfølging av Ørland kommune for brot på ?Vannressursloven?, men vi håper i det lengste at denne saka kan løysast utan at vi må gå til dette skrittet. Vi vil tilsvarande vurdere å be om å få granska ureininga av Balsneselva.

Utgangspunktet vårt er at vi er samde med komite NDK i Ørland kommune om at det naturlege i denne samanhengen er å restaurere Rusasetvatnet i følgje utstrekninga frå "gamal tid", dvs til kotehøgde 15:8 med eit areal på 414 da, og eventuell regulering mellom 15:8 og 14:8. I tillegg til å sikre tilstrekkeleg djupn til å hindre attgroing av vatnet, vil ei slik regulering og oppreinsking av utslepp kunne gje betre vasskvalitet i Balsneselva.

Vatnet får også tilstrekkeleg areal til å gjenopprette sin viktige funksjon i Trondheimsfjordens våtmarkssystem. Kravet om restaurering kan bli ytterlegare styrkt av EUs direktiv for vatn, der kravet om gjenoppretting av ?naturleg tilstand? for ein vassressurs vil seia gjenoppretting til situasjonen før ca 1850.

Vi ber om snarast å få tilsendt den kommunale handlingsplanen for restaurering av Rusasetvatnet.

I løpet av september vil vi ta stilling til om vi ser planen som tilstrekkeleg, eller om vi må gå til det lite hyggelege skritt å melde Ørland kommune til politiet for å få fortgang i saka.

Vi vil likevel uttrykkje at vi er opne for eit samarbeid for å få ei løysing, og vil gjerne ta del i ein diskusjon med kommunen, eventuelt saman med Fylkesmannen, ND og NVE om kva som kan bli gjort for å få ei god løysing på saka.

I og med at det er eit stadig sterkare fokus på å verne våtmarksområde (ikkje minst i / rundt Trondheimsfjorden), skal vi ikkje sjå bort frå at det er mogleg å få økonomisk stønad frå offentleg hald til eit prosjekt som kombinerer vern og forsking (NTNU / NINA) på kva som skjer med vasskvalitet og biologisk mangfald ved gjenoppretting av eit vatn som i realiteten er øydelagt. Samtidig kan ein få erfaring for korleis det er mogleg å kombinere vern av biologisk mangfald med andre interesser.

Naturvernforbundet i Sør Trøndelag blir gjerne med på eit samarbeid med Ørland kommune i utforming, gjennomføring og søknad om middel til eit slikt eller liknande prosjekt.