Både naturmessig, teknisk i forhold til utbygging av vindkraft og sett i samanheng med at regionen er i "same båt" når det gjeld energiforsyning, er det svært naturleg å sjå planane for vindkraftutbygging i Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal i samanheng. Naturvernforbundet i dei tre fylka har tidlegare samarbeidd om å presentere løysingar når det gjeld kraftforsyninga i Midt-Noreg.
Naturvernforbundet har samanstilt planlagte vindkraftanlegg i ei oversikt. Denne er sendt saman med brevet til miljø- og utviklingsministeren. Nesten alle vindkraftanlegga er foreslått plasserte i inngrepsfrie naturområde, noko som er i ferd med å bli sjeldent langs kysten av Midt-Noreg. Desse områda er det difor er spesielt viktig å ta vare på. Vindkraftplanane som er kjente, vil gi eit direkte tap av 550 km2 inngrepsfritt naturområde. I tillegg kjem det som går tapt ved framføring av kraftliner for å kople anlegga til sentralnettet. Stortinget ønskjer å stoppe tapet av biologisk mangfald innan 2010. Då må tapet av inngrepsfrie område stoppast.
Sør-Trøndelag fylkeskommune arbeider med å få på plass ein fylkesdelplan for vindkraft og ønskjer at planen skal vera regional. Problemet er at foreløpig ønskjer verken Nord-Trøndelag eller Møre og Romsdal å delta i utviklinga av ein slik regional, forpliktande plan for vindkraft.
Naturvernforbundet ber difor Miljøverndepartementet påleggje fylkeskommunane / fylkesmennene i Midt-Noreg å utvikla ein felles, regional fylkesdelplan for vindkraft for dei tre fylka.
Naturvernforbundet ber også om at vidare behandling av vindkraftanlegg med tilhøyrande kraftliner i regionen blir stilt i bero i påvente av ein regional plan for vindkraft.
Kontaktpersonar i dei tre fylkeslaga til Naturvernforbundet:
- Øystein Folden
Leiar av Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Telefon 918 12 542
- Per Flatberg Leiar av Naturvernforbundet i Nord-Trøndelag Telefon 905 15 046
- Mads Løkeland Leiar av Naturvernforbundet i Sør-Trøndelag Telefon 950 56 726
Les brevet til Miljøverndepartementet
Se oversikt: Tap av inngrepsfrie område i Midt-Noreg på grunn av vindkraft ("Vindkraft i Midt-Noreg. Meldte, søkte, igangverande og planlagde vindkraftanlegg i Trøndelag og Møre og Romsdal".)
Klikk her for å lese oppslag om denne saka med fleire nyttige lenkjer til vindkraftrelatert stoff frå Naturvernforbundet!