Du er her:

Årsmøtet 2021 og verdien av myr

På årsmøtet til Naturvernforbundet i Orklaregionen hadde vi eit tankevekkande foredrag om myr frå ein av landets fremste myrforskarar, Marte Fandrem på NTNU. Myr gir oss mange tenester, både som lager for karbon, flomdemping og heim for mange artar. Drenerte myrer står for 10 - 15% av Noregs totale utslepp av klimagassar. Stans i nedbygging av myr, og restaurering av myr, vil gje stort redusert utslepp av klimagass.

Årsmøtet var digitalt, og starta med foredraget om myr, etterfulgt av vanlege årsmøtesaker.

Einstemmig val på styret for 2021:

 
Leiar Mads Løkeland-Stai  (1 år)
Øvrige medlemmar Gjertrud Berg (2 år)
  Livar Ramvik (2 år)
  Terje Staveli (2 år)
  Steve Halsetrønning (1 år)
  Kjetil Kroksæter (1 år)
  Kine Tangvik Størdal (1 år)
Vararepresentantar Johan Randal (1 år)
  Janne Isdal, ny (1 år)

 

Årsmøtet vedtok einstemmig ein uttale til Orkland og Skaun kommunar om å ta vare på natur og dyrka mark i ny/ rullering av kommuneplanane.

 

Artikkelen ble sist oppdatert: 06.06.2021