Du er her:

Remmafjellet

Remmafjellet. Foto: Åge Røe

Ber NVE oppretthalda avslag på Remmafjellet

Naturvernforbundet ber NVE om å oppretthalda avslaget på utsetting av frist for igangsetting av Remmafjellet vindkraftanlegg og endre konsesjonsvilkåra slik at konsesjonen fell bort om fristen ikkje blir overholdt.

Kommentar til avslag om utsetting av frist for igangsetting av Remmafjellet vindkraftanlegg

Vi viser til dykkar brev av 03.07.2020, ref.: 201002579-132, som gir Statkraft Vind Energi Utvikling DA avslag på søknad om utsetting av frist for igangsetting av Remmafjellet vindkraftanlegg.

Vi er glade for avslaget, som vi ser som korrekt, både ut i frå Stortingets vedtak av 19.06, NVEs gjeldande praksis og at konsesjonen var gjeve på grunnlag av konsekvensutgreiingar som no er 10 år gamle, og som vi i tillegg ser som mangelfulle.

Vi vil i den samanhengen vise til vår høyringsuttale til søknaden om utsetting.

Vi ber NVE endre konsesjonsvilkåra, slik at konsesjonen fell bort om fristen ikkje blir overhalda

I vedtaket skriv NVE:

«De fleste vindkraftkonsesjoner har vilkår om at konsesjonen faller bort dersom fristen for idriftsettelse ikke overholdes. Dette gjelder ikke konsesjonen for Remmafjellet vindkraftverk. NVE vil vurdere behovet for å gjøre om vilkåret. Konsesjonæren vil på vanlig måte få forhåndsvarsel før NVE fatter et eventuelt vedtak om omgjøring.»

Som NVE skriv, står det i gjeldande konsesjon, vilkår 2, ikkje at konsesjonen fell bort dersom fristen for igangsetting ikkje blir overhalda, slik det er vanleg i andre konsesjonar.

Som NVE også skriv i vedtaket, må eit eventuelt anlegg på Remmafjellet bli fremma gjen­nom ein ny konsesjonsprosess. Det vil seia at NVE i realiteten ser det slik at konsesjonen fell bort dersom Statkraft ikkje får anlegget i gang innan 01.10.2020.

Ut i frå dette vil ei omgjering av konsesjonen, slik NVE skriv i vedtaket, i realiteten berre bekrefte den reelle situasjonen. Vi ser det likevel slik at det er viktig med eit formelt vedtak om at konsesjonen vil falle bort dersom Statkraft ikkje overheld fristen. Eit slikt vedtak vil vera avklarande, og redusere den usikre situasjonen som mange i Orkland føler når det gjeld Remmafjellet, spesielt dei som har dette som sitt heimeområde.

 

Med helsing

Laila Selven og Mads Løkeland-Stai

 

Vedlegg: Naturvernforbundets høyringsuttale av 26.06.2019 til søknad om utsetting av frist.                                                          

Artikkelen ble sist oppdatert: 26.08.2020