Nyheter

Vårmorgen på Bjørndalen

Slåttedag på Bjørndalen 23. august 2020

Bjørndalen gard ligg vakkert og fritt, med utsikt mot Grytdalen, og er eit fint turmål frå Fjellkjøsvatnet og frå Songli. ​​​​​​​I 2015 starta vi arbeidet med å gjera Bjørndalen til eit enno betre turmål og å ta vare på den utryddingstruga naturtypen slåttemark rundt Bjørndalen. Vi har rydda og slått kvart år, og 23. august 2020 er årets slåttedag med rydding og slått, vi og ønskjer alle hjarteleg velkomne.

Vindrein

Vindkraft eller reindrift

Vindkraftselskapet Fred Olsen Renewables AS har oppsøkt grunneigarar i Ilfjellet, Ramsfjellet og Grefstadfjellet for å få avtalar om vindkraftutbygging. I tillegg til at dette er øydelegging av naturområde, til skade for naturmangfald, friluftsliv og lokal identitet, er det også i vinterbeiteområdet for Trollheimensamane.

Noregs største kraftverk

Energisparing/ Energieffektivisering i staden for nye kraftverk

Det er fullt mogleg å elektrifisere Noreg utan å byggje nye kraftverk. I dette videoforedraget blir det vist korleis satsing på energieffektivisering/ sparing kan skaffe oss nok fornybar energi til det som Statnett kallar "omfattende elektrifisering " av Noreg. I tillegg blir det mykje energi tilgjengeleg for ny industri, nedlegging av gamle vindkraftverk og eksport, om ein skulle ønskje det.

Viser fra 1 til 4 av totalt 150 artikler