Nyheter

Remmafjellet2

Brev til Statkraft om å trekke seg frå Remmafjelelt

29.11.2019: Naturvenforbunda i Trøndelag og Orklaregionen, Orkla Jeger og Fiskerforening, Trondheim Turistforening og Norsk Ornitologisk forening Trøndelag: Vi ber Statkraft Vind Utvikling DA trekke seg frå planen om å etablere vindkraft på Remmafjellet i Snillfjord og dermed bidra til at dette området blir bevart for oss og for framtidas generasjonar, både når det gjeld natur­verdiar, landskap og friluftsliv.

Grønøra_vest

Klage på vedtak: reguleringsplan for havn på Grønøra Vest

Naturvernforbundet i Orklaregionen og Norske Lakseelver har sendt felles klage på kommunestyrets vedtak 19.06.2019 om reguleringsplan for hamn på Grønøra vest. Klagen peiker på at det er ulovleg med slike store inngrep i munningsområdet i nasjonale laksevassdrag, at saksframlegget bryt med naturmangfaldlova, og at det er ny informasjon om forureining som ikkje er vurdert.

Bjørndalen 2019

Vellukka slåttedag på Bjørndalen 25. august 2019

25. august var årets slåttedugnad på Bjørndalen, med 30 deltakarar. Dette er femte året vi har slik dugnad for å bidra til det biologiske artsmangfaldet i dei gamle slåtteengene. I år har det vore gjennomgang med biolog for å sjå om tilstanden har blitt betre. Vi ventar spent på resultatet. Det var ikkje minst triveleg at det var mange yngre folk med på slåttedagen.

Plastsøppel
Ope møte om plast og fugl, og årsmøte for Naturvernforbundet

Kva gjer vi med plast i regionen? Kva skjer på Råbygdfjæra/ Gjølmesørene?

Forsøpling med plast er eit av dei store miljøproblema i vår tid. I samarbeid med Folkebiblioteket på Orkanger utfordra vi sentrale aktørar til å fortelje kva som blir gjort for å redusere problemet med plastsøppel på eit ope møte 7. mars 2019. 23 møtte opp og høyrde innlegg frå Naturvernforbundet, Hamos og den komande klima- og miljøkoordinatoren i Orkland kommune. Biblioteket hadde utstilling av aktuell litteratur.

Viser fra 25 til 28 av totalt 152 artikler