Nyheter

Kart-Resdalen

Nytt naturreservat i Resdalen

I statsråd 23.06.2021 vart det oppretta eit nytt naturreservat i Resdalen på 732 daa, i skråningene ned mot Resa. Vi er glade for at dette spesielle området er verna gjennom frivillig vern.

Rydda materiale

Vellukka rydding i Håvika 5. juni 2021

5. juni var verdas miljødag, og den dagen markerte vi med rydding i Håvika ved Moldtua i gamle Snillfjord kommune. 6 deltakarar rydda ca. 1400 liter avfall; taugverk, ulike plastartiklar, skrapmetall og noko impregnert treverk.

Håvika

Rydding i Håvika 5. juni 2021

5. juni er verdas miljødag, og den dagen markerer vi med rydding av plast og anna søppel som har drive i land i Håvika, i gamle Snillfjord kommune. Vi ønskjer alle velkomne til dette viktige arbeidet, og til ein triveleg dag i vakre Håvika.

P9080977

Remmafjellet - berga frå vindkraft

Olje og Energidepartementet gav i dag Statkraft melding om at dei ikkje får utsett frist for å byggje anlegg for vindindustri på Remmafjellet. Det vil seia at Statkraft ikkje lengre har konsesjon. Takk til alle som har stått på for å verne Remmafjellet mot nedbygging, spesielt folk i gamle Snilljford kommune.

Viser fra 5 til 8 av totalt 168 artikler