Nyheter

Flytoget
Sats på toget framfor E6

Kllimafarleg fart

Regjeringa vil ha 4 felts motorveg med 110 km/t på E6 mellom Klett og Ulsberg. Dette er grovt uforsvarleg med tanke på klimaet, då det vil gje kraftig auke i utsleppet av klimagassar, både for diesel/bensinbilar og elbilar. Stans planane, sats på 2/3 køyrefelt med 80/90 km/t, og bruk innsparinga til å satse på jernbanen. Innlegget stod i Adresseavisa 31.12.2018, og i avisa Opp (Oppdal) 28.12.2018. Også mellom Klett og Orkanger er det tankar om heilt nye tunnellar med 110 km/t.

Bessakerfjellet-ekstremt med vegar

Håp for Storheia - stans vindkraftplanane

FNs komité for menneskerettar (Cerd) har vedteke å starte behandling av ein klage frå Sør-gruppa av reindriftsamar på Fosen, og har kravd at Noreg stansar utbygginga på Storheia inntil Cerd er ferdig med behandlinga. Dette gir håp for at det skal vera mogleg å stanse ein del av den vanvittige nedbygginga av naturområde i Noreg i alle fall i samiske område i nord og sør.

Langskjæret

Supplerande plan for verneområde

Fylkesmannen har bede om innspel på nye verneområde, og Naturvernforbundet i Orklaregionen har sendt inn forslag på ei rekke nye verneområde. Vi bad medlemmane av Naturvernforbundet i Orklaregionen (Meldal, Orkdal, Skaun, Agdenes og Snillfjord) om innspel til supplerande plan. I tillegg er det fleire område som styret har vurdert ei tid. Vi presenterer dei innspela vi har fått.

Friluftsliv på Svarthammaren

Naturombod i nye Orkland kommune?

Naturvernforbundet i Orklaregionen ønskjer at det skal bli oppretta ei stilling som naturombod i den nye kommunen. Det er behov for ein person med rom for å kunne ta sjølvstendige initiativ, som kan fungere som eit naturombod, og som kan vera kommunens bindeledd til frivillige organisasjonar som arbeider med naturmiljø etc. Vi sendte i dag (04.10.2018) brev til Fellesnemnda for nye Orkland kommune om dette.

Viser fra 45 til 48 av totalt 166 artikler