Nyheter

Beverhytte Svorkmyran

Nedtapping av Gangåsvatnet - krav om revisjon av reguleringsvilkåra

Gangåsvatnet er nedtappa så sterkt at Svorkmyran naturreservat og andre våtmarksområde rundt Gangåsvatnet er tørrlagt. Verneforskrifta for Svorkmyran naturreservat har eit uttrykkeleg forbod mot tørrlegging. Vi har skrive brev til Fylkesmannen, som har forvaltningsansvaret for Svorkmyran, for å få avklart kva som er overordna, verneforskrifta eller reguleringsvilkåra frå 1922. Vi har også skrive til NVE og kravd revisjon av reguleringsvilkåra. NVE vil vurdere spørsmålet til hausten.

Dugnad 2016, 12-1

Slåttedugnad på Bjørndalen 26. august 2018

Naturvernforbundet og Grytdalens venner slår graset med maskin og ljå på Bjørndalen fjellgard fjerde året på rad. Vi held slåtteenga vedlike og dermed det rike biologiske mangfaldet i slåtteenger. Kom og delta på ein triveleg og dag saman med oss, på den verna fjellgarden. Vi stiller med kaffe, saft og vaflar. Det er ein kort og ein litt lengre tur for å koma til Bjørndalen.

Friluftsliv på Svarthammaren

Vern Svarthammaren mot nedbygging

Det er planar om å lage eit stort industrianlegg for vindkraft på vakre Svarthammaren i Snillfjord. Dette vil Naturvernforbundet i Orklaregionen og Sør Trøndelag arbeide for å hindre. Denne teksten vart sendt som lesarinnlegg til Adresseavisa og Sør Trøndelag 29.06.2018

Viser fra 57 til 60 av totalt 166 artikler