Du er her:

Ein del av dugnadsgjengen samla til triveleg kaffekos

Ein del av dugnadsgjengen samla til triveleg kaffekos.

Grytalens venner organiserer dugnadsdagar på Songli

Dugnaden på Songli 7. august

7. august var det nok ein vellukka dugnadsdag på Songli, med ca 15 deltakarar.

Dugnadsgjengen hadde mange oppgåver, mellom anna:

  • skar ned trær
  • rydda kratt
  • skrapa vegg for maling
  • stabla ved
  • klargjorde Nilsstuggu
  • la ny torv på den freda Garntørkebua

Det var god stemning, og mykje godt arbeid vart gjort - og med triveleg samling til kaffekos.

Takk til Grytdalens venner for det flotte initiativet.

Framover blir det nye dugnadsdagar, foreløpig kvar andre tysdag:

21. august, 4. september, 18. september ....
Alle dagar startar vi kl 17.

Under er det eit fotogalleri der du skiftar ved å klikke midt i, heilt til høgre.  Alternativt velje foto med dei runde kulene nederst.

Foto: Kjetil Kroksæter og Mads Løkeland

Artikkelen ble sist oppdatert: 09.08.2018