Du er her:

Plukking av søppel 2016, langs gamle E39 ved Sika

Plukking av søppel 2016, langs gamle E39 ved Sika.

Stans plastsøppelet - brev 26.03.2018

Felles kommunal plan for å stanse plastsøppel

Naturvernforbundet i Orklaregionen og Naturvernforbundet på Hitra og Frøya har skrive brev til kommunane i Orkdalsregionen og bede dei om å etablere ein felles plan for å redusere utsleppet av plastsøppel

Handlingsplan mot plastforsøpling i Orkdalsregionen

Felles plan mot plastforsøpling

Naturvernforbundet på Hitra og Frøya og Naturvernforbundet i Orklaregionen ber kom­munane i Orkdalsregionen om å gå saman om å etablere ein felles og forpliktande plan for regionen med målsetting å redusere utslepp av plastsøppel til havet.  Ein plan må også omfatte akti­vi­tetar langs elver og bekkar/ vassdrag, som fungerer som transport­vegar til havet for mikroplast og plastgjenstandar.

Dette brevet er ei oppfølging/ utviding til heile Orkdalsregionen av eit tilsvarande brev som Naturvernforbundet i Orkla­regionen sendte Meldal, Orkdal, Agdenes, Snillfjord og Skaun 11.03.2018.

Situasjonen er kritisk

Livet i havet er sterkt negativt påverka av plastsøppel, og innan 2050 kan det vera meir plast enn fisk i havet. Vi hugsar alle kvalen som døydde etter å ha fylt magen med plast­søppel.  Dette er dramatisk, og krev at vi alle er med på tiltak for å stanse plast­søppelet i å nå havet, og i tillegg går saman om å plukke strendene fri for plast.  Plastsøppelet vil med tida bli delt opp/ slitt til smådelar, sokalla mikroplast, som er like skadeleg som synleg plast.  Det er difor også viktig å fjerne plast som ligg langs strendene, langs vegane og elles i naturen, for den vil med tida løysast opp i småbitar som finn vegen til havet.

Mange kjelder til plastforsøpling å ta tak i

Nokre av dei større kjelder til plastsøppel i havet er slitasjepartiklar frå bildekk, kunst­gras­banar, vasking/ sliping av småbåtar, landbruksplast, oppdrettsanlegg, forsøpling langs vegane, plast frå bygg og anlegg, partiklar frå vasking av klær med syntetiske fibrar etc.

Viktig med lokale tiltak

Det er viktig at alle lokalsamfunna tek ansvar, og vi utfordrar kommunane i Orkdals­regionen til å etablere ein felles og forpliktande plan med tiltak for å redusere/ stanse utslepp av plast til havet frå vår region.

Engasjere kommunar, næringsliv, organisasjonar og befolkninga elles

For å få god verknad er det viktig med brei innsats.

Kommunal styring gjennom pålegg og reguleringsplanar kan vera viktig, men i tillegg er det vesentleg utvikle eit frivillig og breitt engasjement i næringslivet, organisasjonar og befolkninga elles.

Næringslivets engasjement gjennom sirkulær økonomi på Orkanger kan bli eit spanande og verknadsfullt bidrag i denne samanhengen.

Naturvernforbundet har engasjert seg sterkt på nasjonalt plan, og har utvikla forslag til nasjonal tiltakspakke mot marin forsøpling, og Naturvernforbundet i Orklaregionen og på Hitra og Frøya bidrar gjerne etter evne i utviklinga av tilsvarande tiltaksplan mot plast­for­søpling i Orkdalsregionen.

 

Med helsing

Mads Løkeland
Naturvernforbundet i Orklaregionen

Elisa Monsø
Naturvernforbundet på Hitra og Frøya

Artikkelen ble sist oppdatert: 26.03.2018