Du er her:

Tellenes vindkraft, juni 2017

Tellenes vindkraft, juni 2017. Foto: Sveinulf Vågene

Innlegget står på nettsidene til avisa Hitra-Frøya

Frøya vindkraft - trekk konsesjonen

Forvaltningslova gir rett til å gjera om vedtak, og på jusstudiet ved Universitetet i Oslo gir dei følgjande rettleiing for når vedtak kan bli gjort om: «det oppstår nye faktiske forhold (man får ny kunnskap om eksisterende skadevirkninger)», eller «saken nå vurderes annerledes enn på avgjørelsestidspunktet.» Vi meiner at dette gir grunnlag for å trekke konsesjonen attende.

 

Trønderenergi og Stadtwerke Munchen har vedteke å byggje vindkraft på den særeigne flate Frøyanaturen med raudlista kystlynghei, basert på søknad frå 2004, og konsesjon frå 2016, etter at departementet i 2012 avviste klagene på konsesjonen, mellom anna frå Naturvernforbundet.

Industriområde i inngrepsfri natur

Eit vindkraftanlegg er ingen park, men industriområde for energiproduksjon med stor menneskeleg aktivitet, som i tillegg til turbinane har omfattande vegnett som delar opp området og drenere myrene, sjølv om det blir hevda at ein skal unngå myr så mykje som mogleg.  Etter at søknaden om konsesjon vart behandla for 8 år sida, er det i dag større vekt på å verne myr, både på grunn av det store biologiske mangfaldet og lageret av karbon, som er viktig for klimaet.  Noreg har forplikta seg til den internasjonale konvensjonen om biologisk mangfald, og regjeringa konkretiserte arbeidet i stortingsmelding 14 (2015-2016): «Regjeringen legger et generasjonsperspektiv til grunn i forvaltningen av norsk natur. Vi skal sikre framtidige generasjoners mulighet til å skape verdier basert på velfungerende økosystemer.» 

Tap av areal er den viktigaste grunnen til tap av biologisk mangfald, og vindkraft på Frøya vil øydeleggja/ skade leveområdet for mange artar plantar og dyr, både på grunn av inngrepa og stor menneskeleg aktivitet.  Ikkje tilfeldig at Direktoratet for Naturforvaltning gjekk mot å gje konsesjon til anlegg som vil skade velfungerande økosystem.

Slaktemaskinene på Smøla

Nær 100 havørn, mange andre store fuglar og eit utal mindre fuglar er drepne av turbinane på Smøla.  Sannsynlegvis er det store mørketal, og samtidig blir det i desse dagane ropt varsku for sterk nedgang i talet på fjellfuglar i Europa.  Vindturbinane har stor fart på rotorspissen, mange hundre kilometer/ time, vanskeleg å unngå for fuglane, og i tillegg har turbinane ein avvisingseffekt.  Eit storstilt eksperiment med det biologiske mangfaldet, ikkje minst med turbinar midt i viktige ruter for trekkfuglar.  Erfaringane frå Smøla bør veie tungt.

Eksport av naturverdiar

Noreg har i dag langt større overskot av kraft enn då Frøya vindkraft fekk konsesjon, og utgreiingar om energieffektivisering viser at det er mogleg å erstatte fossil energibruk med fornybar energi i Noreg utan nye store kraftverk, ved satsing på energieffektivisering i produksjon og forbruk, solceller på tak, varmepumper etc.  All krafta frå Frøya vil bli eksportert; eksport av norske naturverdiar.  Dersom ein skal eksportere vindkraft, er det til havs ein kan hente dei store energimengdene, med mindre miljøkonsekvensar enn for vindkraft i naturområde på land.

Trekk attende konsesjonen for vindkraft på Frøya

Forvaltningslova gir grunnlag for omgjering av vedtak, og kurs i forvaltningsrett ved Universitetet i Oslo gir døme på grunnlag for omgjering: «det oppstår nye faktiske forhold (man får ny kunnskap om eksisterende skadevirkninger)», eller «saken nå vurderes annerledes enn på avgjørelsestidspunktet.»

Vi vil nemne punkt som har kome etter at konsesjon vart gjeve, som grunnlag for omgjering/ tilbaketrekking av konsesjon for Frøya vindkraftanlegg:  1. Vern av myr er sterkare vektlagt.  2. Oppdatert informasjon om massedrap av fugl på Smøla i tilsvarande natur, og urovekkande utvikling for fjellfuglar i Europa.  3. Raudlista kystlynghei har fått status som prioritert naturtype.  4. Regjeringa har forsterka politikken mot tap av biologisk mangfald.  5. Langt større overskot av norsk elektrisitet. 6. Aukande folkeleg motstand mot nedbygging av naturområde på land, ikkje minst på Frøya.  7. Sterk nedgang i prisen på havvindkraft.

Vi ber Klima- og Miljødepartementet gripe inn for omgjering av konsesjonsvedtaket, med grunnlag i ny kunnskap om tap av naturverdiar, og endra grunnlag for vurdering på området.

 

Dagrun Beate Skarsvåg, Mads Løkeland, Magne Vågsland
Naturvernforbundet i Hitra Frøya, Orklaregionen og Sør Trøndelag

Jan Eivind Skarsvåg
Miljøagent Hitra Frøya


Kommentarar til to punkt:

Punkt 5, det er større kraftoverskot i dag enn då konsesjon vart gjeve:

På grunn av at produksjonen svingar frå år til år, avhengig av nedbøren, må ein alltid sjå på gjennomsnittet av nokre år for å få fornuftige tal.

Konsesjonen for Frøya vindkraft vart endeleg slått fast i 2012, så ein må sjå på gjennomsnittet for åra før.

Gjennomsnitt for 5 år:

  • Snitt 2008-2012: 7,2 TWh/år netto eksport
  • Snitt 2013-2017: 13,3 TWh/år netto eksport

Gjennomsnitt for 10 år:

  • Snitt 2003-2012: 3,8 TWh/år netto eksport
  • Snitt 2008-2017: 11,3 TWh/år netto eksport

Med andre ord er det vesentleg større kraftoverskot i dag enn det var den gongen konsesjonen vart gjeve.

 

Punkt 7, havvind har blitt mykje rimelegare:

I 2012 då konsesjonen vart gjeve, vart havvind sett på som noko som var alt for dyrt å satse på. I dag er det havvind som er det internasjonale satsingsområdet.
Equinor satsar stort på dette, og den danske energikjempen Dong Energy har trekt seg fullstendig ut av vindkraft på land, og satsar no utelukkande på havvind. Dong seier at dei no reknar med å kunne produsere elektristet frå havvindturbinar med overskot.

Når vi samtidig veit at det er nesten uendelege kraftressursar til havs, og at miljøkonsekvensane er vesentleg mindre enn på land, så er det på tide å gløyme landbasert vindkraft og byggje ut til havs.

Artikkelen ble sist oppdatert: 16.01.2019