Du er her:

Vi ser at det hadde vore mogleg å vri på fabrikken og leggja den utafor Furomkjela. Det er også tilstrekkeleg plass rett over veien, der flisanlegget er. Flisanlegget er under flytting.

Vi ser at det hadde vore mogleg å vri på fabrikken og leggja den utafor Furomkjela. Det er også tilstrekkeleg plass rett over veien, der flisanlegget er. Flisanlegget er under flytting.

Furumokjela - klage til ESA

Naturvernforbundet i Orklaregionen sendte 19.12.2017 klage til Efta Surveillance Autrhority over at Noreg hadde brote EUs vassrammedirektiv fordi Furumokjela vart fylt att for å byggje Norsk Kylling. ESA sendte 01.10.2019 brev til oss om at sakshandsamars forslag til vedtak var å avvise klagen. Vi kunne kommentere forslaget, og sendte 04.11.2019 kommentarbrev til ESA med ny informasjon.

EUs vassrammedirektiv (Water Framework Directive - WFD) set strenge rammer for kva som er lov å gjera av inngrep i vatn.  Furumokjela var sannsynlegvis den einaste kjela/ kroksjøen med brakkvatn rundt Trondheimsfjorden, og kunne spela ei særs viktig rolle, spesielt for sjøauren, som er avhengig av kjeler og bekkar for oppvekst og gyting.  Kroksjøar/ kjeler er ein raudlista naturtype, og skal takast godt vare på.

Det er direktivets artikkel 4(7) (tilsvarer vassforskriftas § 12) som bestemmer kva ein kan tillate seg av nye inngrep, og det blir stilt ein del grunnleggjande krav for at dette skal vera lov.

Norsk kylling hevda at dei måtte ha mellom 150 og 170 mål samanhengande industriareal, noko som var større enn det Orkdal kunne tilby lengre ned mot Grønøra vest (der flishoggeriet er), og andre stadar.

Det var også større enn det som Malvik kunne tilby.

Så viser det seg at Norsk Kylling kunne byggje i to etasjar, med kraftig redusert arealbehov. Saman med Nutrimar som skal bli etabler rett ved siden av Norsk Kylling, kan det no dreie seg om eit arealbehov på rundt 63 mål.  Det ville med andre ord vore mogleg å plassere anlegget anten andre stadar like ved i Orkdal, eller i Malvik eller Støren. Det kunne også vore mogleg å få plass på Furumoen utan å byggje ned Furumokjela.

Dette vil i praksis seia brot på eit av vilkåra i direktivets artikkel 4(7) som vi ikkje kjende til då vi klaga, men som vi har informert om i kommentarbrevet til ESA.

Dersom vi vinn fram med klagen, så vil det ikkje påverka bygginga av Norsk Kylling, men vi håper at det vil styrke vern av vassdrag mot skade i komande tilfelle. Det vil også kunne framskynde restaurering av andre kjeler langs Orkla, og kanskje også ei restaurering av attverande del av Furumokjela som brakkvasskjele.

Vi har lagt inn aktuelle dokument i lenkelista.

Artikkelen ble sist oppdatert: 07.11.2019