Du er her:

Skilt om reguleringa av Gangåsvatnet, ved Osbrua

Skilt om reguleringa av Gangåsvatnet, ved Osbrua. Foto: Mads Løkeland

Gangåsvatnet og Skjenaldelva - innspel til nye vilkår

Regulanten Bekk og Strøm, ønskjer at arbeidet med revisjon skal bli sett i gang først i desember 2019, men vi håper at dette arbeidet kan bli starta så snart som mogleg, då erfaringa seier at ein revisjonsprosess tek tid. For vår del dreier det seg om å få klåre rammer for reguleringa framover, av omsyn til biologisk mangfald i Gangåsvatnet og Skjenaldelva. Naturvernforbundet har difor sendt brev til NVE 19.01.2019 med innspel til kva vi meiner at bør bli vurdert i ein revisjon.

Brev til NVE 19.01.2019:

Om revisjon av reguleringsvilkår i Gangåsvatnet og Skjenaldelva i Orkdal kommune i Trøndelag

Vi viser til kravet vårt om revisjon av reguleringsvilkåra for Gangåsvatnet av 26.07.2018.  Tilsvarande krav er fremma av Stokkhaugen hytteforening og Gangåsvatnet fiskelag.

Hovedutvalg forvaltning i Orkdal kommune gjorde 09. januar følgjande einstemmige vedtak:

"Orkdal kommune er positiv til revisjon av konsesjonsvilkårene for regulering av Gangåsvatnet og Skjenaldelva."

Regulanten har uttrykt ønske om at arbeidet med revisjon skal bli sett i gang først i de­sember 2019, men frå vår side håper vi at dette arbeidet kan bli starta så snart som mogleg, då erfaringa seier at ein revisjonsprosess tek tid.

For vår del dreier det seg om å få klåre rammer for reguleringa framover, av omsyn til biologisk mangfald i Gangåsvatnet og Skjenaldelva. 

Nokre innspel

I den samanhengen vil vi gjerne kome med nokre innspel til kva vi håper at kan bli vurdert i samband med nye reguleringsvilkår.

Vi har forstått det slik at retningslinene frå departementet for revisjon av gamle regu­leringsvilkår seier at LRV og HRV skal liggja fast.  No er det ein spesiell situasjon for Gangåsvatnet, i og med at verneforskrifta for Svorkmyran stiller krav som i prinsippet kan vera umogelege å oppfylle i kombinasjon med dagens LRV og HRV.  Vi håper difor at ei endring av LRV og HRV kan bli teke med i vurderinga.

Dersom LRV og HRV må liggja fast, har vi følgjande innspel:

  1. I hekketida, kanskje april – juli bør vasstanden bli halde ganske fast på ein viss kote, med liten regulering­s­margin (0,5 meter?), slik at ein både unngår at det fløymer over og tørrlegg Svorkmyran naturreservat.  Kva som er aktuelt og akseptabelt, må bli vurdert av fagfolk.
    Vi vil også nemne at tilsvarande problemstilling gjeld for eit liknande våt­marks­område nord i Gangåsvatnet, ved utløpet av Hyllbekken (ved Asbjørnslettet), med den raudlista naturtypen meander, kategorisert som VU[1].
    Det er god bestand med røye i Gangåsvatnet, med gytetid september/ november, noko som også bør bli vurdert når det gjeld krav til regulering.

     
  2. Etablere målestasjon for nivå nær utløpet av Svorka i Gangåsvatnet, slik at det er god kontroll på nivået ved Svorkmyran naturreservat.
     
  3. Etablere ein tilleggsdam/ barriere ved Osbrua, ved osen i Gangåsvatnet, slik at regulanten kan unngå å tappe vatnet langt ned ved revisjon av kraftverk og inntaksdam.
    Det har vore ein slik dam der tidlegare, men no står berre restane att.

     
  4. Etablere minstevassføring i Skjenaldelva heile året, kanskje i form av sokalla miljøtilpassa vassføring, avhengig av tilsig.

Helsing Mads Løkeland

Naturvernforbundet i Orklaregionen

 

 

[1] Artsdatabanken – Norsk rødliste for naturtyper – landform meander (VU): https://artsdatabanken.no/rln/2018/200/Meander?mode=headless

Artikkelen ble sist oppdatert: 19.01.2019