Du er her:

Stod som innlegg i Dagbladet 08.08.2018.

Høg krafteksport, trass i halvtomme magasin

Dagbladet skriv på leiarplass 30.07 at utanlandskablane er eit gode i tørkesommaren, slik at vi kan importere kraft. Kraftselskapa vil ha oss til å tru på dette, men ser vi på NVEs kraftrapportar, finn vi full netto eksport av kraft, nesten kvar einaste veke i år.

Også siste kraftrapport, veke 29, viser stor netto eksport, og hittil i år har Noreg eksportert 4,6% av produksjonen.

Det ser ut til at det er høge kraftprisar som er styrande for produksjon og eksport, ikkje omtanken for å ha nok vatn i magasina mot hausten.  Ein ansvarleg kraftpolitikk i denne tørkesommaren ville ha vore å stanse eksporten og eventuelt importert litt for å sikre oss.  No risikerer vi spesielt høg kraftpris til hausten/ vinteren, med låge nivå i kraftmagasina, og kven vil tene på det?

Dersom det blir kraftkrise til hausten på grunn av ein uansvarleg krafteksport, kan ikkje det bli brukt som argument for ytterlegare nedbygging av naturområde med vindkraft og vasskraft og heller ikkje for fleire utanlandskablar – vi har nok kraft og nok kapasitet til eksport og import.

 

Mads Løkeland

Naturvernforbundet i Orklaregionen

Artikkelen ble sist oppdatert: 08.08.2018