Du er her:

Ope møte om plast og fugl, og årsmøte for Naturvernforbundet

Kva gjer vi med plast i regionen? Kva skjer på Råbygdfjæra/ Gjølmesørene?

Forsøpling med plast er eit av dei store miljøproblema i vår tid. I samarbeid med Folkebiblioteket på Orkanger utfordra vi sentrale aktørar til å fortelje kva som blir gjort for å redusere problemet med plastsøppel på eit ope møte 7. mars 2019. 23 møtte opp og høyrde innlegg frå Naturvernforbundet, Hamos og den komande klima- og miljøkoordinatoren i Orkland kommune. Biblioteket hadde utstilling av aktuell litteratur.

Plast, eit stort miljøproblem

Ope møte om plastsøppel, mikroplast i hav og jord og livet ved Råbygdsfjæra i samarbeid med Orkdal folkebibliotek

Plastsøppel og mikroplast over alt – kva gjer vi?

Innlegga på møtet er tilgjengelege for nedlasting.


Mads Løkeland frå Naturvernforbundet snakka om kvar plasten kjem frå, kva skade den gjer som forureining i jorda, i havet og i ferskvatna våre, og om tiltak for å stanse forureininga.

Det har hittil vore lite snakk om mikroplastpartiklar i jord/ dyrkamark, men forskarar meiner å ha påvist at det kan vera eit stort problem, kanskje minst like stort som plastsøppelet i havet.  Meitemark og anna liv i jorda får dårlege vilkår, plantane tek opp plast gjennom røtene, og det heile kjem inn i næringskjeda.

Dette er ei ny problemstilling, som krev nye tiltak, i tillegg til dei vi kjenner når det gjeld forsøpling av havet. Hadde også nokre innspel om det kvar og ein av oss kan gjera for å redusere utslepp av plast og plastpartiklar.

Arne Kristian Moe frå Hamos gav ei grundig innføring i arbeidet som Hamos driv, med innsamling, sortering, gjenvinning etc av plast i regionen.  Gjenvinningsgraden er for låg i regionen, og det er høge målsettingar for framtidig gjenvinning, så det er behov for å forsterke tiltaka.

Han vart spurd om korleis vi skal sortere, når emballasjen f.eks. er ei blanding av plast og papir, slik som nokre brødposar. Det skal ikkje i restavfallet, og med mindre det er veldig mykje papir, så bør det i plastinnsamlinga.  Det er heller ikkje behov for at plasten er heilt rein, men ta gjerne og skyll av, slik at det ikkje blir lukt hos deg.

Både Mads Løkeland og Arne Krisitian Moe la vekt på den sokalla "avfallspyramiden": Det viktigaste er å finne andre materiale enn plast, og redusere bruken, så kjem gjenbruk og gjenvinning, og til slutt kjem det som skal bli brent eller deponert, som siste prioritet.

Atle Wormdal, Orkdal kommune, kjem til å bli klima- og miljøkoordinator i nye Orkland kommune, og vil mellom anna få ei rolle som koordinator for tiltak/ planar for å redusere forureining etc. Korleis dette arbeidet vil bli organisert i praksis, vil bli utvikla i tida framover.

 

Regional plan mot plastforureining

Naturvernforbundet skreiv i 2018 til alle kommunane i Orkdalsregionen, og bad om at det skulle bli etablert ein regional plan mot plastforureining. Dette vart godt motteke, og det vart vedteke at det skal bli laga ein slik plan, men arbeidet har foreløpig kome kort.

 

Råbygdsfjæra

10 år etter at Naturvernforbundet og Ornitologisk forening første gongen foreslo Råbygdsfjæra som naturreservat, ser det ut til at vi har kome eit langt steg nærare.

I 2018 gjekk lokallaga til Naturvernforbundet, Ornitologisk forening og Jeger og Fiskerforeninga saman om dette, og inviterte Orkdal kommune med på laget. Det vart einstemmig støtta i Orkdal kommunestyre, og det siste er at Fylkesmannen i februar 2019 sendte forslat til Miljødirektoratet om at det bør bli sett i gang eit arbeid med å etablere Råbygdsfjæra/ Gjølmesørene som eit naturreservat.

Steve Halsetrønning og Mads Løkeland gjekk gjennom historia om dette, viste kor enormt mange ulike artar som har vore registrert i området (175 artar!), og viste nokre foto som Steve har teke.

 

 

 

 

Artikkelen ble sist oppdatert: 10.03.2019